The Black Camp (Den Svarte Leiren)
I’ve reviewed a lot of concerts and records – but never a cottage. Not until now. Check out the this months issue of Norwegian review of Architecture – Arkitektur-N:
Nokon har slått leir i den ytste Nordmarka. Nokon har bygd ei unik hytte i svart stein. Dette er ein hyttetur inn i framtida: til ei hytte med romanske bogar parra med ei skateboardrampe. Eit nytt hytteprosjekt på Norderhov av Atelier Oslo.
Kven er det som har slått leir her oppe? Eg har køyrd lenge i tett skog oppover og oppover. No står bilen parkert i ein lysning høgt over innlandsfjorden. Nedanføre skaper lappeteppet av storgardar, øyer og høg himmel skaper eit stort scenario.
Eg står eit par meter oppe frå vegen og ser. Herifrå ser det ut som leiren består av ei klynge med små mørke koier. Ikkje eit einaste vindauge. Dei har noko arkaisk og nomadisk over seg. Som vogner frå fortida: vogner utan hjul. Konstruksjonane svever nesten over grunnfjellet i lysninga.