Ei strålande low-fi teateroppleving som fortel noko heilt nytt om Europa – og ikkje minst om deg sjølv.

Europa blei ein nær og personleg stad i denne stova denne ettermidddagen på Høyden.  Eg har aldri opplevd liknande.   Ja for eg – nett som så mange andre kring dette bordet på Høyden – har farta på kryss og tvers av Europa .Eg har som alle dei andre 12 lese mine historielekser i hine håre dagar.  Og pugga historiske datoar relatert til EF, EØS og EEC.  Datoar som oftast dreide seg om traktatar og avtalar.  Datorar som ofte dreide seg om det Noreg stod utanføre.  Men ikkje no lenger. Rimini Protokolls hyperinteraktive performancestykke Home Visit Europe endevender dette totalt.

Og grepa dette Berlinensemblet tek i bruk er djupe og enkle.  Hovedrolla speler eit stort bord.  Ein refleks av alle borda som gav underlag for avtalane som bygde opp Europa etter krige.  Desse gigantiske edeltreborda ein underskreiv avtalane om EF og EU på.

Bordet i denne leiligheita på Høyden er dekka av eit stort handteikna kart.  Eit kart med 13 fargepennar ikring. 1 penn til kvar av deltakarane.

Og midt på bordet noko dei kallar pacemakeren.  Ein høgteknologisk dings med lowfi-høgtalarar du ikkje har sett makan til.  Ein heimelodda boks med display. Fyld med ledningar og alt er halde saman av tape innanføre ein glasboks.  Sentralt på boksen er det plassert to knappar: ein raud og ein grøn.

Og det er i det verten trykker på den grøne knappen at mitt forhold til Europa blir endra for alltid. Ja i denne vetle stova på Høyden.   Det kjem skimrande lydar or boksen og ein lang strimmel snirklar seg ut.  Strimmelen er fyld med tekst.  Og denne første teksten er introduksjonen til første nivå i dette spelet.  Kvart nye nivå blir presentert av ei storpolitisk hending i Europas historie: ein avtale og livet ikring avtala.

I  rommet ved siden av sit kunstnarane bak Rimini Protokoll og dreg i spakane.  Dei let maskina fóre oss med kommandoar, instruksar, forteljingar, myter og spørsmål:

“Dei som har vore involvert i ein fysisk konflikt dei siste ti åra – kan du rekke opp handa?”  “Kan dei som er redd framtida rekke opp handa? ” Kan du fortelje noko om besteforeldra dine – og kor dei blei kjend med einannan?”  Det dukke også opp ei lang rekke val og vurderingar over bordet.   Ein gjer val i plenum som har innverknad for den enkelte kring bordet.  Alt skjer samstundes som ein går gjennom nye nivå.

Desse nivåa blir ekstraordinære gjennom lydlandskapet som strøymer ut or pacemakeren på bordet: Droner basert på Beethovens niande symfoni – ursymbolet på Europas samling. Det tek tid før ein merker det og det er eit genialt grep – kontrastert av ei lang rekke fine lowfi-lydbileter.

Eg kan ikkje anna enn å anbefale dette på det sterkaste.  Og så får du også kaffi på kjøpet. Og til slutt får du kake.  For poenga du samlar gjennom spelet fortel kor stor andel av kaka du får.   Medan me sit samla kring det store bordet og kartet står ei kake i omnen.   Ei kake med Europa i melis på toppen.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: