LES LANDSKAP!

Den verdskjende sveitsiske arkitekten Luigi Snozzi (70) lagar luftspeglingar av betong. Ein helt for mange norske arkitektar. Ein legende i europeisk arkitektur med sympati for norske raudmåla hus.

Av Nicholas H. Møllerhaug, tekst og foto, Bellinzona, Sveits
Trykt i Dag og Tid 2002

Ein distingvert mann med linjakke, bart og pipe står på ein stor plass. Ei kyrkje og alpesilhuettar i bakgrunnen. Det er mørkt. Plassen er fylt med folk og mannen skal tala. Det bles litt og lysbildet ristar lett på den kvitkalka kyrkjeveggen.

Det er ikkje ein prest som ventar på å få ordet. Det er heller ikkje ei religiøs sekt som sit andektig og venter. Mannen med bart er arkitekten Luigi Snozzi – ein av dei mest kjende arkitektane i verda. Medan Mario Botta (sjå Dag og Tid 01/03 og Samtiden 04/02) er handelsmannen med jetset-stil er Snozzi i nabodalen ein heilt annan type. Han har ei heilt anna innstilling til arkitektur. Han har eit heilt anna ry i arkitekturverda. Han har også mange tilhengarar blant norske arkitektar. Sjølv er han idealist og elskar å fortelja om ideala. Difor står han ikkje berre ved teiknepulten sin med eit trettitals assistentar. For Snozzi er studentar og entusiastane i arkitekturverda meir verdt enn oppdragsgjevarar som betalar fett. Difor er denne kveldsseansen utandørs i Alpane ikkje tilfeldig. Staden heiter Monte Carasso og ligg i ei av fjellskråningane over mellomalderbyen Bellinzona. Foredraget denne julikvelden er ei viktig hending i det europeiske arkitekturåret. Snozzi sitt utandørsforedrag er eit høgdepunkt for langt fleire enn lokale arkitektar. Det er sjølve preika i eit vekelangt seminar der Snozzi samlar studentar frå heile verda. Dei er samla til open diskusjon om eigne verk og arkitekturen generelt.

Motstand mot klosteret
Åstaden for seminaret og foredraget er klosteret i Monte Carasso. Klosteret frå mellomalderen er sjølve hjarta i arkitektlivet til Snozzi. Klosteranlegget var halvvegs rive ned i 1965 og ruinane vart verande på tomta. På syttitalet fekk Snozzi ein visjon om at klosterruinane kunne bli sentrum for landsbyen. Han tenkte ut tankar om korleis både skule og gymsalar kunne bli ein del av arrangementet. Eit ordinært og typisk restaureringsprosjekt tenker sikkert mange. Men Snozzi ville ikkje ha ein konserverande restaurering. Han ville skapa noko nytt med basis i det historiske. Samstundes skulle det vere ein saltomortale inn i framtida. Motstanden var stor. Mange ville ha noko ordinært på tomta. Etter femten år med drakamp var allikevel anlegget ferdig.

Sakralt rom og bardrift
Anlegget har blitt eit hovudverk og er ramme for dei årlege sommarkursa. Ein kan framleis sjå detaljar frå eit kloster. Men, murane som før i tida var prega av grove steintypar er gjort om til arkitektoniske luftspeglingar. Kvitkalka mur gjev eit heilt nytt perspektiv. Veggane verker tynnare enn dei er. Finskorne opningar i harmoni med fasadane. Desse reine ovale formene er ramma kring eit unikt kommunesenter med barneskule, fritidsaktivitetar og anna. Det er berre eit einaste sakralt element att – det er klosterkyrkja. Ein liten bar finn me under søylegongen i den eine delen av anlegget. Eit lite hjarta i anlegget – for her møtest landsbybebuarane. Men ikring alt – også baren – er det kvite reine liner og flater. Medan borna har sommarferie invaderar unge arkitektar anlegget for å læra av meisteren med bart, pipe og god tid. Iallfall har han tid i løpet av julivekene – då er det ingen andre oppdrag enn studentane.

Tid
Tid gjenspeglar seg i både verk og veremåte. Medan Mario Botta fyk rundt som ein magnat traskar Snozzi sindig ikring. Han minglar med landsbybuarane i Monte Carasso og er ein av dei. Sjølv om han har skapt fleire internasjonale meisterverk i byen deira er han ein av dei. Eit titals andre bygningar signert Snozzi finns også i landsbyen: villaer, bankar og rekkehus. Difor er det ei jubelveke kvart år når dei unge studentane kjem til Monte Carasso for å spør om råd. Det er både teori og real life – med alle Snozzibygningane i landsbyen. Snozzi som er ein klassisk lærar tek tid til fruktbare tilbakemeldingar. Utanom dei individuelle timane er det kvart år eit sentralt tema dei diskuterar. Alltid tangerar tematikken menneska sitt forhold til arkitekturen.

Arkitektonisk ansvar
— Det er for mange arkitektar i dag som berre er opptekne av rigide teoriar. Mange opptrer som eigenrådige “egokunstnarar” og utfrå sine bestemde reglar. Eg er oppteken av det å vere intellektuell og ansvaret ein har som arkitekt. Det er sjølve fundamentet i mine tankar – spørsmåla og svar kring arkitektonisk ansvar. Her trur eg faktisk de i Norden har eit langt forsprang. Greitt at me har lengre arkitekturhistorie enn dykk – men, hjå oss har rigide reglar og ikkje-intuitiv arkitektur vore for dominerande. Berre sjå på dei klassiske bygningane me har her i Syden. Sjå på mykje av det gjennomsnittlege som blir til i dag. Mykje av dette er prega av frykt for å bryta reglane. Eg trur de i nord er langt meir kjenslevare og opne – spesielt overfor naturen de skal byggje i. Me er langt meir umedvitne. Dessutan har de vore sentrale i ei av dei mest merkelegaste epokane i arkitekturhistoria: den germanske gotikken. Unik katedralkunst. De har også hatt romantikken i ein heilt annan grad enn oss. Ein annan ting som er annleis er at me har mest ikkje natur att her syd og difor endå viktigare å vere kjenslevare. Eg trur de nordbuar tenker meir på kva det å kappa eit tre betyr.

Natur kopla med estetikk er ein viktig del av tankegongen til Snozzi. Denne gjer han særskild i ein sydlandsk samanheng. Her kjem dessutan eit av dei viktigaste spørsmåla han prøver ut studentane sine med. Allereie i første førelesing i arkitektur spør han: ‘kva verdi dei kan erstatta det treet eller den jordflekken med?’ Om dei ikkje kjem med eit fornuftig svar – er dei ikkje mynta på arkitektoppgåva. På denne måten er Snozzi kompromisslaus. Om ein arkitekt ikkje har tenkt over kva han skal erstatta eit tre med – ein bustad for eit mylder av småkryp og fuglar – er han ikkje klår for arkitektoppgåva. Då må vedkomande tenke over dette. Ein skal ha gode grunnar til å hogge ned eit tre og bygge eit hus der treet stod. Dette medvitet trur Snozzi er eit instinkt blant arkitektar i nord.

Den norske raudfargen
Sjølv kom han til å tenke på dette då han for mange år sidan stod føre nett dette problemet. Han skulle gjere ein jobb på ei skogtomt og det var ei rekke tre der. Han tenkte det berre var å gå i gong med å hogge ned. Så såg han at eit av trea hadde eit hjarte med pil gjennom. Han kjende att pila og hjarta frå ungdomsåra sine. Han kjende at treet fekk verdi for han og oppgåva vart vanskeleg. Han merka han trengde gode grunnar til å riva treet vekk og erstatta med eit hus. Slik burde ein alltid tenke – ikkje berre når treet har ein bestemt personleg verdi. Det vart eit vendepunkt i utviklinga hans som arkitekt. Nett det same tenker han kvar gong han må fjerne eit jordlag for å byggje grunnmur. Kan ein erstatta jordlaget med noko meir verdifullt, spør han seg sjølv.

— Noko anna som bygde under dette inntrykket var ei reise eg gjorde i Noreg. Eg kjende spesielt godt til arkitekt Asplund i Sverige og måten han tok naturen med i sine planar – så tidleg som på tjuetalet. Eg kjende heller lite til norsk arkitektur. Og møtet med den ordinære norske bygningsmassen vart eit godt møte. Det var fantastisk å sjå korleis husa dykkar er plassert ‘naturleg’ i naturen. Korleis de fargelegg vanlege bustadhus er også unik. Det var store arkitektoniske opplevingar for meg. Dei reine fasadane, dei digre vindaugo og fargane. Eg skulle gjerne kome meg tilbake. Raudfargen ein såg overalt i bygde-Noreg var heilt fortryllande. For meg er det å lese natur, landskap og bygningar ei viktig oppgåve. Det å lese Noreg var i den samanhengen ei stor oppleving. Ein annan ting som slo meg – viss ein ser bort frå dei typiske bygningane – var at landskapet i Noreg liknar dei sveitsiske. Det er som ein har senka Sveits ned i eit kar med 1500 meter djupt vatn.

Kontroller landskapet
— På denne turen drog me over fleire fjell og me tok båtar. Eg var til innom Oslo, Trondheim og Bergen. Det einaste problemet med denne reisa var at turoperatørane gjorde Bergen til ein fæl stad. Bergen hadde eg verkeleg gledd meg til. Men, der vart eg plassert langt vekk frå sentrum og ute på eit nes (Nordnes red.anm.). Ikkje berre det: Gata krydde elles av prostituerte – dei var langt frå slike me har her og i Italia. Nei, desse var så tydeleg hekta på dop at det var fælt. Ein mista lysta til å gå ut og det er jo litt dumt i Bergen.

Noreg har altså vore både reisemål og poeng i foredraget til Snozzi. Han har derimot aldri bygd noko i Norden, berre i Italia, Austerrike, Sveits, Tyskland, Nederland, Belgia, og Frankrike. Fleire gigantprosjekt har han stått bak – men ingen har vore tunge og pompøse. Det er nett det som kjenneteiknar Snozzi – eit spel mellom flater og opningar i flatene. Desse får bygningane hans – som alle saman er av betong – til å bli lette som vimplar. Bygningane hans er ikkje tungsindige som Botta – og ein får nesten lyst til å banke på. Dei større byplanane og prosjekta hans er ikkje til å banke på – dei er for store. Dei er derimot nyskapande visjonar om korleis ein kan kontrollera landskap utan å vere valdeleg. Korleis vere diktator og tru på ikkje-vald. Dette gjeld det mest prestisjetunge og aktuelle prosjektet til Snozzi for tida.: metropolplanane i Maastricht, Nederland. Her er tanken å diktera utviklinga av seks nederlandske byar inn i framtida – slik at dei ikkje veks i saman.

Grensesirkel
Dette er eit unikt prosjekt som tek omsyn til den nederlandske naturen. Det gjeld skogområde som framleis eksisterar midt imellom dei største nederlandske byane: Haag, Maastricht, Amsterdam, Rotterdam. Korleis skal ein forhindre at byane veks saman og blir ein diger metropol? I staden for å gjere noko med kvar av byane teikna Snozzi ein sirkel. Den tangerar alle byane og inni sirkelen er det skog. Visjonen er å skapa ei sirkulær grense mellom byane – ein fysisk sirkel som hindrar ein i å bygge innanføre sirkelen. Snozzi har planlagt ein tbane i sjølve sirkelen. Banen har berre ein stasjon for kvar av byane. Stasjonane består av ein skyskrapar som ragar til vers. Det er ein måte å markere byen på. Han har dessutan tenkt at det er dei fattige som får bu i denne skyskraparen. Hovudpoenget i prosjektet er nemleg ikkje å byggje hus for mange – men å forhindra at ein får byggje. Det er ein farleg tendens at byar veks inn i ein annan. Det vil i framtida gjere Nederland om til ein einaste stor by. Det er ein viss fare. Prosjektet har langt frå berre støttespelarar i Nederland. Det er heller ikkje ei populær arkitekthandling å hindre at eit stort område i å bli til tomteareal. Snozzi er ikkje populær i blant Nederlandske entrepenørar. Prosjektet er heller ikkje ferdigbehandla politisk.

Luigi Snozzi meiner at arkitektgjerninga i seg sjølv er ei politisk handling. Ikkje berre er eit bygg ei ytring andre skal bu i. Ei arkitektytring er ikkje berre samtid – den står også att i rommet. Ein kan til og med kræsje med den om ein køyrer mopeden feil veg. Ytringa er altså ein fysisk storleik og kan ha konsekvensar på den måten også. Nett same trugselen kan også eit tre vere. Iallfall om ein vel å halda seg unna arkitektyrket og let trea stå.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: