Ein konsert som kjem til å bety mykje i lang tid framover.  Eit referansepunkt av dei sjeldne – på eit Bergen Kjøtt stappfyld med lokale komponistar og andre liebhabers.

Me sat og måpte på Bergen Kjøtt på tysdag.  Me klypte oss sjølve i armane.  På slutten av denne seansen ville me at konserten berre skulle vare og vare. Og vare.  Det som hendte på Bergen Kjøtt var ei feiring av stor klang, instrumentasjonsmagi og raffinerte melodiføringar. Ei sjeldan oppleving.   Og Oslo Sinfonietta under leiing av Christian Eggen viste igjen at ensemblet er det beste me har.   Det bekrefta ikkje minst energien som veksla mellom maestro Helmut Lachenmann, dirigent og ensemble.   Og komponisten sjølv – den tyske komponistlegenda Helmut Lachenmann på åtti – var ingen grå celebrity. Lachenmann var frå første sekund med på kvar note – både som publikummar og utøvar.

Men først nokre ord om dirigenten.  Christian Eggen viste denne kvelden kva nestor han er. Han er ikkje berre ein hylar på den klassiske litteraturen. Han meistrer det vanskelegaste i vår kulturkrins: dei teknisk-musikalske utfordringane som Lachenmann legg opp til.  Det er ikkje tvil om at tyskaren sine verk er utfordrande teknisk – men bak all teknikken ligg det  stor kunst som beveger.  Det fekk Eggen fram på tysdag.  Konserten kunne godt ha blitt ei live-innspeling for å seie det slik. Ja om ein ser bort frå motorsyklane som drønna forbi Bontelabo.

 

Konserten byrja med ensembleverket Mouvement (- vor der Erstarrung).   Eit verk fylt til randen med muntre fordreiingar av tyske tradisjonsmusikk: her hadde ein transformerte paukesekvensar i Wagner-stil og blåsarparti som leikte med waldhorn-tradisjonen.  Her finn ein forskyvingar og fordreiingar som særleg minner om Beyus sin estetikk. Det er rufsete vilt og muntert det Lachenmann finn på.  Eit leiketypiano er blant fundamenta i dette stykket: berre det å bruke eit slikt klirre-piano i tysk modernistisk setting  (som framleis er ganske überstiff) var ein revolusjon i 1982.  Nett som fettet Joseph Beyus tok inn i kunstverda.

 

I det neste verket var leiketypianoet erstatta med eit Steinway (herleg klang av Steinway på Bergen Kjøtt forresten!) Og det var Lachenmann sjølv som sat bak tangentane.  Etter ein varm, innsiktsfull og lattervekkande introduksjon spelte han gjennom Ein Kinderspiel.  Det er ein liten solosuite miniatyrar med sterk barnleg karakter. Eit av stykka var blant anna til dotter hans Akiko. Sidan ho er halvt japanske varierte han mellom austleg og vestleg melodiføring i dette litle stykket.  Miniatyrane her er blant det finaste som er skrive i moderne pianolitteratur.  Å få høyre maestro Lachenmann sjølv spele dette er musikkhistorie: nett som då Rachmaninoff var i Bergen og spelte sine ting på Logen for mange mange år sidan.

 

Lachenmann revolusjonerte musikklivet med klangbehandlingane sine gjennom speleteknikk og instrumentbruk.   Alt på det retrospektive programmet tysdag illustrerte dette. Toccatina for solo fiolin får solisten til å gjere nettopp det tittelen tilseier: å ta så vidt borti strengane. Blant anna ved å trykke strengane ned etter alle kunstens reglar – blant anna med metall-enden på felebogen. Resultatet er eit lite meisterverk av mikrodynamikk.

 

Til slutt stod Lachenmann sjølv igjen på scenen.  Og her såg me respekten og synergien som oppstod mellom han og dirigent Eggen .  Summen var ensemblemusikk på aller høgaste nivå.  Lachenmann sjølv viste korleis fonetisk eksperimentering kan føre til instrumentale overskridingar.   I dette verket var dei solistiske enkeltprestasjonar også strålande – som skapte ein heilskap som dirra på bussen heim.

 

Konserten var også ei fin anledning til å sjå det rike komponistmiljøet i Bergen.  Og kva betydning slike konsertar som dette har som referansepunkt.  Eg kunne spotte alt frå Kjetil Hvoslef til Glenn Erik Haugland,  Eilert Tøsse, Øyvind Torvund,  Sigurd Fischer Olsen i salen.  Denne konserten vart eit viktig referansepunkt for oss alle – i lang tid framover.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: