massimo1

KNIPS! KAN EIT FOLK SMILE?

For tida heng tre gigantfotos av den italienske stjernefotografen Massimo Vitali i Bergen Kunsthall. Han er ein av dei framste kritikarane av italiensk politikk. Ein særleg motstandar er statsminister Silvio Berlusconi. Stikkord for kampen er strandliv og disco-moro.

Av Nicholas H. Møllerhaug (tekst og foto)
Dag og Tid 2002

For italienske fotografar i stjerneklassen er fotografi ein balansegong. Dei må både fotografera designarklede og lage kunst. Det same gjeld sekstiåringen Massimo Vitali. Også han baserte seg på fotoreportasjar og motefotografi. Så vann Silvio Berlusconi valet i 1996. Då klarde han ikkje meir. Han måtte ta eit oppgjer med landet sitt. Knips.

Oppgjeret starta med at han mest blei handlingslamma. Eit spørsmål gjekk han og grubla på. Korleis i all verda? Korleis kunne ein kulturnasjon som Italia velje ein slik klovn? Eit land med djupe røter langt inn i antikken og med futurismen, renessansen, barokken etc. Korleis kunne dei falle så djupt? Korleis skal ein fotograf illustrere det? Kva motiv var det rette? Kva skulle han sjå etter? Var ikkje alle motiv uttømde på slutten av det fotografiske hundreåret? Vitali gjekk på jakt etter nye motiv og tema som kunne fortelje. Etter ei lang tenkepause fann han etterkvart ut at løysinga – bokstaveleg tala – låg ikring han.

massimo2

ITALIA – EI STRAND
Italia er ei strand om sommaren. Eviglange florlette badestrender. Milevis med kropp. Mannfolk som pumpar jern. Jenter i streng. Kroppskulturen – den sløvsinna sommarkulturen fekk Massimo Vitali i trynet som eit indisium. Som tilfeldig badegjest ein søndag såg han såg Berlusconi-portrettet tydeleg. Ei strand ikkje langt frå der han bur. Ei offentleg badestrand kor folk flest kjem for å ikkje gjere noko som helst. Utanom å dyrke seg sjølv, sola og einsemda si saman med andre. Det var det han fann ut at han måtte knipse etter den skjebnesvangre dukkerten. Sjela Italia var i ferd med å miste var erstatta med dette, tenkte Vitali. Få land har nemleg sett maken til offentleg politisk forsøpling og vulgarisering enn Italia. Berlusconi er sjølve symbolet på denne utviklinga.


ITALIA – EI STRAND
Italia er ei strand om sommaren. Eviglange florlette badestrender. Milevis med kropp. Mannfolk som pumpar jern. Jenter i streng. Kroppskulturen – den sløvsinna sommarkulturen fekk Massimo Vitali i trynet som eit indisium. Som tilfeldig badegjest ein søndag såg han såg Berlusconi-portrettet tydeleg. Ei strand ikkje langt frå der han bur. Ei offentleg badestrand kor folk flest kjem for å ikkje gjere noko som helst. Utanom å dyrke seg sjølv, sola og einsemda si saman med andre. Det var det han fann ut at han måtte knipse etter den skjebnesvangre dukkerten. Sjela Italia var i ferd med å miste var erstatta med dette, tenkte Vitali. Få land har nemleg sett maken til offentleg politisk forsøpling og vulgarisering enn Italia. Berlusconi er sjølve symbolet på denne utviklinga.

 

massimo3

Difor tok han neste gong det digre storformatkameraet sitt på stranda. Ein ulempe dukka opp umiddelbart. Så lenge han var på bakkenivå var motiva berre kjeisame og ordinære. Han måtte ha eit visst perspektiv. Difor fann han opp ein patent og ein ven hjelpte han med å lage ei høg gardintrapp til formålet. Trappa hadde både stol og kamerastativ. På den måten kunne Vitali kome seg opp i høgda. Då fekk han det rette perspektivet på menneskemassen – og han kunne observere konfigurasjonane mellom mange menneske. Høgt oppe i stigen kunne han lese folka og rørslene deira. Han vente på dei rette augneblenkane – når dei viser seg mest sårbare i si liding og einsemd. Det er nett det som er tanken bak Vitali sine fotos. Han avfotograferar symptoma på det som er i ferd med å skje med Italia. Landet som alltid har vore basert på store nettverk (La famiglia) går langsamt i oppløysing. Med ein sjef som Berlusconi kan det kortare tid enn normalt.


I TÅRNET MITT
— Det var underleg den første gongen. Å sjå kva som skjedde der nede medan eg sat i tårnet mitt. Eg kunne ikkje blande meg inn i det dei gjorde. Eg måtte berre glo. Ein real kikkar. Ingen la merke til meg trass det, fortel Vitali.

— Kva såg du?

— Etterkvart såg eg ting som gjorde meg medlidande med dei på stranda. Eg var jo utanføre og såg alt dei gjorde med blikk utanføre. Dei trudde nok eg var ein baywatch-redningsmann. Eg syntest etterkvart synd på dei som låg der ned heile dagane. Folk som kom dit klokka ni om morgonen og låg til ni om kvelden. Mange av dei gjorde handlingar berre basert på rein lyst og lite innhald. Noko anna eg merka var det å vente på ei så stor mengd med menneske. Det å vente på at dei skulle plassere seg slik eg ville. Eg kunne ikkje berre rope til dei. Det ville ha øydelagd.

Vitali leita etter kjensler på stranda og ville lesa samspelet mellom menneska. Mangelen på samspel. Han merka ei sterk einsemd i dei store massane på strendene. Folk som låg åleine store delar av livet – åleine under ei sol. Sola er eit viktig verkemiddel i strand-bileta til Vitali. For å gje lys nok til det digre formatet treng han eit titals sterke blitzar. På dei italienske strendene erstattar sollyset alle blitzane og arbeidet blir lettare.

 

massimo4

LEIT ETTER MODELLEN
Barokkvillaen til Vitali er base for verksemda hans. Han ligg innanføre dei gamle bymurane i Lucca. Rikeleg med plass til seg sjølv og familien sin. Store enorme rom. Marmor overalt. Sonen på fire år hylar og spring barbeint. Ein mjuk lyd av hud mot marmor. Digre korintarsøyler innvendig får romma til å likne eit kyrkjerom. På veggane heng store foto av fotografvener og av seg sjølv. Dei øvste etasjane er private. Romma i kjellaren er Vitali sitt studio. I studioet som består av masse bøker, filmutstyr, kassar med fotos, tre-fire macintoshmaskinar og store gamle møbler. Overalt heng bestillingar frå galleri verda over. Hollywoodstjerner som Leonardo Di Caprio og venene hans samlar på Vitali. Han har fast plass i viktige New York-galleri. Italienarane er derimot langt frå klar over han. Kanskje syns dei han har sett for mykje – og utan å vere ironisk har han avslørt dei. Den poetiske måten han skildrar italienarar på provoserar. Nett som då det italienske motemerket Prada ville ha han til å fotografere klede for eit par år sidan. Han gjorde det han plar gjere – han tok med seg stativet sitt og tok foto frå fire meters høgd av stranda. Han finn fram bileta. Tre-fire hundre menneske ligg på ei strand. Ein må verkeleg leite etter modellen med Pradaklede på. Det er noko av det mest provoserande ein moteskapar kan oppleve frå ein fotograf: sorry, kleda dine får siste prioritert – menneska er viktigast.

– Han betalte for alt saman men nekta å trykke dei. Ja, det var moro og dyre foto for han.

— Er det ikkje heller alvorleg det du gjer?

— Jo, du har heilt rett i det. Det dreier seg om linkar tilbake i kunsthistoria. Eg har ofte i mente dei valdsame dommedagsmåleria til Brüghel. Karane på den tida kunne måle helvete! Sjå på dei enorme måleria med tusenvis av menneske som dampar i helvete. Sjå på mine menneske som står i vatnet til livet. Nett slik framstilte ein menneske i skjærselden på før i tida. Dette er viktige referansar for meg.

DISCO – ITALIENSK RITUAL
Den kvithåra distingverte sekstiåringen er ikkje berre ein pensjonistversjon av Baywatch-stjernene. Han tek like ofte med seg stativet sitt og går på diskotek. Om nettene – viss han føler det blir eit ‘godt diskotek’ – dreg han dit for å ta bilete. Han finn ein annan variant av lidinga han finn på badestrendene på dagtid. Der er det lettare å sjå auge. Han viser fotografi kor ein ser gapande auge som ser tomt ut i lufta. Folk som dansar i total einsemd til rivande rytmar. Ingen av dei legg merke til Vitali etter eit par timar på dansegolvet. Ingen merker at blitzane hans går. Lyskastarane er minst like sterke.
Det å gå på disko er også eit italiensk ritual – særleg blant yngre menneske. Når han får ein intuisjon om eit godt diskotek – køyrer av garde med den store bilen sin. Han ser utelukka etter diskotek for folk flest. Diskoteka for dei rikaste er gørr kjeisame, seier han. Rikfolka fortel ikkje om folket i sine gestar og rørsler. Det er heller ikkje dei som stemmer mest på Berlusconi. Det er også dei som lid under Berlusconi sin retorikk og blir rundlurt til å stemme på han. Vitali fortel engasjert på veg mot det store utandørsdiskoteket Magazzinno. Han og mange andre kunstnarar har for lengst gjennomskoda Berlusconi og knepa hans. Han fortel om boka om Silvio som blei sendt gratis ut til alle italienske husstandar. Vitali fortel om kampanjar basert på lågpanna retorikk. Tv-kanalane Berlusconi har kontroll over er ikkje betre. Makta til Silvio er biletmakt. Han kan manipulere med fotos og få makt over dei svakaste. Vitali får lyst til å flykte når han snakkar om dette. Han karakteriserar situasjonen som kritisk når ein kjem inn på kor vulgært alt er blitt med Berlusconi. TV-kanalane hans dreier seg ikkje om kva som blir sagt. Alt er utelukka kva som blir vist. At dei kvinnelege programassistentane ligg i naken i badekar under heile programma gjer ikkje noko. Det aukar velgjar-massen. Dei mannlege programleiarane liknar alle Tom Jones. Og viss dei skal smile skal det helst vere så unaturleg og operert som mogleg – slik Onkel Silvio sitt smil.

NASJON BRYT SAMAN
Massimo køyrer inn på ei stor badestrand. Bølgjene er høge og kveldssola er skarp i vinden. Eit diskotek av bambus ristar av rytmane og vinden. Vitali kjem alltid tidleg til åstadane sine. Han treng tid for å finne den rette plassen. Han vil helst sitje i tårnet når diskofolka strøymer til. Han vil helst sitje stille i tårnet sitt. Det er nett det ein ser når ein ser eit av fotografia til Vitali. Ein mann som sit stille og kontemplerar – bokstaveleg tala – over tusen urolege menneske. Ein perfekt måte å observera nærare ein nasjon som bryt saman?
Jenter i bikiniar og gutar i singlettar kjem støyande i flokkar mot diskoteket. Anten køyrer dei scooter eller bil. Mange har drukke masse allereie. Nokre er stein på anna enn væske. Nokre klinar i sanden før dei går inn i lokalet. Inne sit Vitali og ventar – som ein karpefiskar i ein veldig grumsete dam. På ny skal Vitali prøve å få fram einsemda. Det er det mange meiner Vitali får fram. Særleg når fotografia blir blåst opp i gigantformat på veggar over heile verda. I eit minimalistisk gallerirom i Bergen skjer det nett no. Vitali blir for tida vist i Bergen Kunsthall for første gong i Noreg. Der kan ein oppleve støyen og indre uroa som pumpar i dei stumme store diskotekfotografia til Vitali.

— Eg tenker ofte på korleis folk kan bruke så masse tid på å gå på strender og diskotek. Eg lurar på kva dei får ut av det. Eg skjøner det ikkje. Eg kjem aldri til å skjøne det. For meg er det langt enklare – eg kjem for å fotografere. Det er vel eit greitt alibi, smiler Vitali.

MUNK OG OBSERVATØR
Timane går. Massimo i tårnet sitt er eit motiv i seg sjølv. Han sit midt i bass-dunke-støyen som ein munk og observatør. Ettersom timane går tek jentene og gutane av seg på overkroppane. Temperaturen aukar. Rytmane peiser på. Nokre går ut for å elske. Inne i lokalet står nokon og sloss.
Massimo held seg i tårnet heile natta og kjem sliten men glad heim om morgonen. Han rapporterar til kona om ei bra natt. Strandliv og disko er ein livsstil som er knytt til forbruk og nyting. For Vitali er det noko meir. Det er eit italiensk portrett av einsemd.


FAKTABOKS:
Massimo Vitali f. 1944
Bur i Lucca, Toscana, Italia
Bakgrunn: filmproduksjon, fotoreportasjer, motefoto og kunstfotografi. Utdanna v/ London College of Printing
Stiller ut over heile kloden m.a. i L’Arsenale v/ Biennalen i Venezia 2001. Aktuell i Bergen Kunsthall for tida.
Fotograferar ulike magasin m.a. New York Times Magazine m.fl.
Bøker: ‘Beach & Disco’ (Steidl Verlag). Oppfølgjaren kjem juni 2003.

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: