opusdei 

For mange er den katolske rørsla Opus Dei synonym med frykt, maktkamp og hemmelege nettverk. Tidlegare statssekretær Janne Haaland Matlary er ei av dei få i Noreg som sympatiserer med rørsla. Ho meiner kritikken er feilaktig og lovprisar Opus Dei for både filosofi og praksis.

Nicholas H. Møllerhaug

Dag og Tid 2003

Janne Haaland Matlary er ei av få kvinner som er djupt inne i Vatikansystemet. Ho er mellom anna medlem av Det pavelege rådet. Der har ho fått godt renommé.
Kontaktflata hennar inkluderer nokre av dei mektigaste mennene i verda – kardinalar og likemenn i Vatikanet. Gjennom Vatikanet har ho også nær kontakt med Opus Dei – ei hemmelege rørsle som kritikarane meiner er korrupt og har ein skjult agenda.
Mellomaldersekt?
Opus Dei er ei veksande religiøs rørsle som motstandarane kallar ei mellomalderleg sekt. Ho har sterke elitistiske trekk og det er kjent at rørsla har infiltrert det inste av Vatikanet. I Noreg er sekta nærast ukjend. Forutan Haaland Matlary er det berre tidlegare OL-president Gerhard Heiberg som indirekte har hatt med rørsla å gjere. Det hadde han gjennom tidlegare OL-kollega Samaranch som var styreleiar for ein Opus Dei-skule i Spania. I Spania og Italia er Opus Dei mektige med storleikar som Samaranch og andre lekfolk som viktige bidragsytarar.
Rørsla i seg sjølv har eit fredeleg utgangspunkt. Sentralt står ein filosofi om korleis ein kan vere religiøs i kvardagen. Grunnleggjaren av rørsla, Josemaria Escriva, blei kalla ein fredsæl mann med stor sans for det enkle livet. Han var oppteken av korleis vanlege folk skal oppnå lukke i kyrkja.

Då Escriva flytta til Roma på femtitalet for å konsentrere seg meir om dette arbeidet, viste det seg at tankane hans også var interessante for maktapparatet i Vatikanstaten. Escriva vart raskt ein populær mann i dei inste krinsane kring Paven. Talet på medlemmer av rørsla auka tilsvarande raskt – det gjorde talet på sympatisørar også. Ein av dei mange var pave Johannes Paul II, ein annan var Janne Haaland Matlary. Båe to har funne mykje inspirasjon i tankegangen til Opus Dei.

Haaland Matlary er personleg særleg oppteken av dei såkalla lekmennene. Det har også gjort at ho på høgt nivå i Opus Dei har introdusert Hans Nielsen Hauge som eit norsk føredøme innan lekmannsrørsla. Ho sette Hauge inn i ein katolsk samanheng. I eit foredrag til 100-årsjubileet for Opus Dei-grunnleggjaren Escriva sin fødsel står forholdet hennar til Opus Dei i sentrum. Ho går ikkje berre inn på Hans Nielsen Hauge:

13459_janne_haaland_matlary

– Eg møtte diverre aldri Escriva. Han må ha vore ein som arbeidde intenst og med stor lidenskap og energi på alle måtar (…) Eg trur eg har lese alt han har skrive og eg finn tankane hans essensielle for meg. Ikkje noko ‘small talk’ eller trøyst der, berre direkte, rett-på-sak og realistiske råd. (…)»

Haaland Matlary oppdaga rørsla først i 1995 då ho trefte nokon frå rørsla gjennom arbeidet sitt i Vatikanet. Ho seier i det same foredraget at ho i utgangspunktet var skeptisk: «Bodskapen hans var så enkel og nesten for god til å vere sann. Finn Kristus i det du gjer – i arbeid, familieliv og sosiale relasjonar.»

Etter kvart fann Haaland Matlary fram til essensen i rørsla: «Det er ikkje noko nytt i dette om det andelege liv, men Escriva sin bodskap er ei full openberring av kva arbeid burde ha vore for mennesket. Dette er revolusjonært fordi det gjeld det ordinære ‘bortgøymde’ livet og ikkje dei storslegne historiske hendingane.»
Høgst diskutabel
Få organisasjonar i den katolske verda har fått meir kritikk dei siste åra enn Opus Dei. Praksisen deira er høgst diskutabel. Særleg har kritikken mot rørsla vore stor i Spania og Italia. Påstandane er mange og stammar heilt frå tida rett før noverande pave vart utnemnd – i 1978. Allereie den gongen såg kardinalen i Krakow, Karol Wojtyla – seinare pave Johannes Paul II – opp til rørsla.
Det har vore ein viktig grunn til at Opus Dei har vakse til den mektigaste rørsla i kyrkja i dag. I 1982 valde Vatikanet med brei støtte å gje Opus Dei ei spesiell rolle internt i Vatikanet. Rørsla blei paven sitt eige prelat (eit anna ord for eit hierarki av biskopar, kardinalar og prestar – men også høgt utdanna lekfolk).

Dette var eksklusivt. Både i Italia og Spania har det vore stor kontakt mellom Opus Dei-medlemmer med høge stillingar i samfunnet og Vatikanet. I båe landa har det vore snakk om fleire økonomiske skandalar der Vatikanet og Opus Dei har vore innblanda. Det er difor ikkje heilt lett å kople Opus Dei til fattigkaren Hans Nielsen Hauge.
Blodig bankhistorie
Særleg var ei blodig bankhistorie frå 1982 med på å sverte Opus Dei. Eit realt italiensk drama som endar med at Roberto Calvi, direktør for den italienske storbanken Ambrosiana, blir gjort til syndebukk. Han blir funnen hengd under Black Friar’s Bridge i London – på ein måte som ein må vere akrobat for å få til på eiga hand.
Seriøse italienske journalistar hevdar at banksjefen meinte at Opus Dei prøvde å få kontroll over Vatikanbanken gjennom å betale ei milliardgjeld som Vatikanbanken hadde i BA. Dette var ein skjult agenda, som kritiske stemmer og direktøren for Banca Ambrosiana ropte ut om. Opus Dei nekta for dette på høgt offisielt plan og saka blei «gløymd» av italienske styresmakter.

Ti år seinare tok det italienske rettsvesenet på ny til å sjekke dette ut. Dåverande statsminister, Benedetto Craxi, bad om formell gransking av saka. Det blei det høglydte protestar av.

25 av kristendemokratane i regjeringa skreiv eit protestbrev til statsministeren. Det førte til eit kompromiss. Innanriksministeren den gongen, kristendemokraten Scalfari, skulle få ansvar for rapporten. Kritikarane seier han berre lytta til Vatikanet og Opus Dei slik at det enda med at alt var som før: i beste orden. Dei andre politiske partia protesterte, men det hjelpte ikkje.

Liknande store økonomiske skandalar har også funne stad med Opus Dei-medlemmer i Spania og USA. Mange seier at desse skandalane har vore tilfeldige og kunne skjedd kven som helst. Kritikarane meiner at rørsla indirekte oppmodar medlemmene til misbruk av stillingane sine.
Hemmelege reglar
Den kjende italienske journalisten Sandro Magister i vekemagasinet L’Espresso (der mellom andre Umberto Eco skriv fast) skreiv for ei tid attende fleire artiklar om det indre livet til Opus Dei. Mellom anna offentleggjorde han hemmelege reglar for Opus Dei-medlemmer. Avsløringa fortalde om det indre livet i Opus Dei. Rørsla er delt i to med prestar på den eine sida og lekfolk på den andre.
Lekfolk blir delte opp i to ulike grupper: numerariar og supernumerariar. Dei førstnemnde lever i sølibat som såkalla vanlege personar ute i samfunnet.

Supernumerariane er derimot gifte. Dei kan ha familie. Numerariane må ha universitetsutdanning – og dei som er mynta på leiarrolle i rørsla, må i tillegg gje ein ekstra lovnad. Dei må vere trufaste mot rørsla og blir kalla «inscripti». Det er blant desse medlemmene Opus Dei utnemner prestar. Numerariar bur i eigne klosterliknande hus der kvinner ikkje kan bu med menn. Supernumerariane kan bu i eigne hus og tilsynelatande leve sjølvstendige liv. Dilemmaet er at alle personlege val ikkje kan takast utan at ein snakkar med ein overordna. Det er ei av lovnadene i rørsla: «Ein skal alltid spørje ein overordna om råd i profesjonelle, sosiale eller andre spørsmål. Også spørsmål som ikkje har noko med å vere lydig å gjere.»

(Artikkel 58 i reglementet til Opus Dei.)
Ingen skal vite
Nedst i Opus Dei-hierarkiet står dei såkalla «samarbeidarane» – dei som ikkje eigentleg er medlemmer av Opus Dei. Heller ikkje treng dei vere katolikkar. Dei donerer pengar og gjev praktisk hjelp til rørsla.
Medlemmer – uavhengig av nivå – kan derimot ikkje velje kva yrke dei vil ha. Viktige livsval blir gjorde av rørsla. Artikkel 387 i konstitusjonen seier at ein spesiell person i kvar provins skal halda kontroll over universitetslærarar og andre som arbeider med åndsvitskapane. Både numerariar og supernumerariar må kvar veke gje rapportar om aktivitetane sine. Oversikterover aktivitetane til dei einskilde og statistikkar blir jamt sende leiinga av Opus Dei i Roma. Medlemmene er dessutan nøydde til å melde frå om eigne og andre sine feil til leiinga (artikkel 270). For verda utanfor skal ein ikkje fortelje noko:

«Ein skal aldri fortelje andre at ein er medlem av Opus Dei». Ifølgje Magister i L’Espresso kan ikkje ein gong familiemedlemmer få vite om medlemskapen.

Mange spør kvifor dette er naudsynt. I kombinasjon med aktiviteten høgt i maktsystemet er det mange som tvilar på at det skjulte nettverket er heldig for kyrkja. Andrew Greeley, professor i sosiologi ved University of Chicago og katolsk prest, har i fleire bøker kritisert Opus Dei. Han skriv: «Opus Dei er ein ekstremt farleg organisasjon fordi han oppmodar til løyndomskremmeri og makt blant mange særmerkte religiøse personar. Opus Dei er ei av dei mektigaste gruppene i kyrkja i dag. Dei kan vere i stand til å gjere uendeleg mykje harme. Anten burde rørsla tvingast ut i ålmena eller bli nekta eksistens.»
Konspirasjon
– Vatikanet er staden for slike konspirasjonsteoriar, fortel Janne Haaland Matlary til Dag og Tid om dei kritiske påstandane om rørsla.
– Det finst tallause bøker om makt og konspirasjon i Vatikanet. Det er faktisk ein industri som sel utruleg godt. Det er ikkje mange eg veit om som er medlemmer i Opus Dei. Ein eller to kardinalar etter den siste runden med utnemningar – ved sida av pressetalsmannen til Paven.

– Kva meiner du om påstandane om frimureri og skjulte nettverk?

– Mange merkar at Opus Dei-medlemmer er sterke i ein profesjonell samanheng. Dette har derimot ikkje med ein frimurarmentalitet å gjere. Alle som er med i Opus Dei, tek arbeidet sitt alvorleg. Det er av di arbeidets heilaggjering, eiga heilaggjering og andre si heilaggjering – Escrivas eigen spiritualitet – står sentralt. Ein finn folk som prøver å leve slik i alle yrke. Felles for dei er at dei arbeider intenst med å bli betre og betre innanfor sin eigen profesjon. Arbeidet er staden for det kristne livet deira.
Strenge reglar
Haaland Matlary kjem stadig attende til kva Opus Dei har å seia for henne. Ikkje minst er foredraget ovanfor – som også ligg på nettet – med på å vise det. Særleg sentral i livssynet hennar er tanken om arbeidet. Dette kjem ho også inn på i boka ho kom ut med i fjor. Ho er sjølv eit arbeidsjern – med mange toppverv – i Vatikanet der det er kjent at ho arbeider saman med mange sentrale personar. Desse vil ho helst ikkje kommentere i det offentlege. Ho ser heller ikkje bort frå at kritikken mot rørsla kjem frå folk som kom til kort etter å ha vore med i Opus Dei ei stund. Ho meiner det er typisk for tidlegare prestar og nonner i rørsla. Dei bruker resten av livet på å rettferdiggjere kvifor dei gjekk ut, og somme er også opptekne av å gå til åtak på kyrkja når dei har forlate henne.
Viss ein trudde ein hadde eit kall og så satsa alt, men oppdaga at ein ikkje var kalla, må det vera svært krevjande for eit truande menneske, meiner Haaland Matlary.

Ho merkar at fleire tidlegare Opus Dei-medlemmer aldri blir ferdige med valet sitt. Men ingen bør eller skal bli verande i eit kall dei ikkje har.

– Ingen utan kall ville klare å halde ut. Det krev meir enn ein av eigne krefter kan klare. Særleg gjeld det for dei som er numerariar og gjev heile livet sitt til OpusDei – utan ektefelle, eigen heim og familie. Dei har strenge reglar for asketisk praksis og hardt arbeid. Dette kan berre gjennomførast om ein har høgare mål, seier Janne Haaland Matlary.

Leave a comment