BJØLLESPEL PÅ TOPPNIVÅ

Printed in Bergens Tidende, May 2013

Ein sjeldan urframføring i Fensal i går:  “Dar Kjem Dampen” for to barnehagar og latinoensemble.

Klokka tolv i går var det duka for ei heilt spesiell urframføring på Fensal.  Heilt i skuggen av alt som skjer i byen om dagen.  Stappfull sal trass dette.  Sentralt i programmet stod ein heilt spesiell versjon av Dar Kjem Dampen – nasjonalsongen til Nordhordland. Skaldekvadet om kystkulturen vår.   Ein song som bekreftar Ivar Medaas som ein av dei aller finaste tonekunstnarane i regionen vår – ved sidan av Grieg, Burzum og Valen.

På scenen stod Birken og Marken barnehage med latinoorkester for anledninga.  Eg vil med ein gong slå fast:  Urframføringa av  Dar Kjem Dampen for to barnehagar og latinoorkester – er blant det finaste eg har høyrd denne våren i Bergen.

Det firemannssterke ensemblet trakterte  små søramerikanske gitarar, mandolinar, vanlege gitarar og perkusjon.  Det skapte eit trygt fundamentet med fine glidande melodiliner, tremolo og solidkomp. Dei to karismatiske ensembleleiarane dirigerte ensemblet og koret heilt synkront.  Medan ensemblet bygde opp kompet delte leiarane ut bjøller i ulike tonehøgder og fargar.  Ei varm bjølling skapte fin ro over verket.

Då borna stemde i med første verset  “Ved bryggja i Bergen dar ligg da ein båt, // so blankpust og fin at han lyse” var det perfekt balansert med musikarane. Bjøllespelet – utførd av nokre av borna – var rørande. Presise klemt i staden for vill bjølling som ofte kan vere resultatet når born speler bjøller.  Bjøllespel på toppnivå.   Latinoensemblet skapte den tryggleiken som gjorde at alle borna haldt oppe dampen – og det vart ei trygg musikalsk reise for alle medverkande.   Me som sat i salen fekk også vere med på å lage treskolyden: dvs. klappe hendene mot låra.

Etter eit par vers gjekk Dampen over i ein rein latinomedley. M/S Oster tøffa inn i tjukkaste Peru.  Tankane gjekk til ein heilt annan dampbåt som enda nettopp i den tjukkaste peruanske jungelen – nemleg Molly Aida: dampbåten i Werner Herzogs fantastiske film Fitzcarraldo ((1982).  Men det er heilt annan historie.  Det er det fine med musikk. Den får tankane til å fly og båtar til å tøffe langt langt av garde – over kontinent og fjell.   Det var nett det som hendte i Fensal i går. Midt på dagen til og med.

Leave a comment