MAKABER MARKERING

Fredag var det 60 år sidan komponisten Fartein Valen gjekk bort. Det markerte heimkommunen Sveio med ei makaber feiring.

Av Nicholas Møllerhaug, skribent og kurator

Printed in Bergens Tidende,  December 2012

Årets feiring av Fartein Valen går mot ein definitiv finale. Det er ikkje berre 60 år sidan den nyskapande tonekunstnaren døydde. Det er i år også 125 år sidan han blei fødd. Feiringa blir truleg ein av dei mest konseptuelle ein har opplevd i Noreg nokosinne. Hjelpelaust ufrivillig. Med unik draghjelp frå lokalpolitisk hald.

Valen-året glir inn i ei rekke kunstnarjubileum det siste tiåret: Grieg-året, Bull-året, Tveitt-året, Hauge-året, Hamsun-året, Ibsen-året, Wergeland-året, år som har halde seg sikkert innanføre dei tradisjonelle rammene for slike år: I løpet av jubilea fann det stad konsertseriar, festivalar, utanlandssatsingar, nyutgjevingar, turnear, biografiar med meir. Og alle jubelåra enda på ein eller annan måte med ein form for feirande finale; det kunne vere ei fjernsynsframførd festframsyning med Maurstad, Tellefsen og liknande.

Valen-året tok ei heilt annan vending. Lokalpolitikarane i heimkommunen til Valen–Sveio–fann ut at årets jubileumsfinale ikkje skulle vere ei feiring. Finalen burde vere eksperimentell–og rimeleg. Den skulle ikkje la seg kringkaste via nærradionettet ein gong. Feiringa skulle vere nøysam og asketisk som skikken er på desse trakter. Diverre forveksla politikarane denne forma med nøysamheit med det billege. Billeg er det rette ordet for feiringa i Sveio.

Frå starten var planane like ambisiøse som for Grieg- og Bull-jubileet. Særleg var planane for Fartein Valen-senteret unike – og skulle krone jubileumsåret på ein verdig måte. Senteret skulle vere den største kulturpolitiske satsinga nokosinne i Sveio Kommune. Det vart teikna av nytenkjande arkitektar. Det skulle liggje like ved komponistheimen i Valevåg. Her budde Valen sjølv dei siste åra han levde: frå 1938 til 1952.

Planane skulle kulminere i eit ferdigstilt bygg til i år – jubileumsåret. Det skulle vere eit bygg med konsertsal og gjesteleiligheiter for gjestande kunstnarar, særleg komponistar. Samstundes skulle det vere rom for kommunale breiddetilbod. Stat og fylkeskommune var inne med 12 millionar totalt – med vilkår om at Sveio kommune bidrog med 15 millionar til prosjektet.  Politikarane fosto likevel ikkje at dei måtte ta eit val om noko skulle skje.

Det er snart tre år sidan Sveio kommunestyre første gong utsette Valen-senteret. Sidan den gongen har dei forpurra det fleire gonger. Undervegs har bygget blitt redusert drastisk i fleire rundar.   Samstundes har kommunen heile tida vore frekke nok til å gje primus motor – organist Ole Jørgen Furdal – håp om kommunal godvilje for Valen.

Det skandaløse er at Sveio Kommune presterte å utsetje aller siste runde med utsetjing til måndag i denne veka. Nokre få dagar før dødsdagen for Valen. Det enda med at Sveio kommune droppa det heile. Betre og meir konseptuelt kan det ikkje bli. Furdal og hans medinitiativtakar Gunnar Johan Løvvik hadde heilt fram til det siste eit lite håp. Sjølv om formannskapet shadde sagt nei.

Sveio kommune har i alle år – sidan Valen gjekk bort og fekk statleg gravferd i 1952 – vore smerteleg klår over at Noregs mest internasjonale musikalske nyskaparar var frå Valestrand. Svært få – om ingen – kommunepolitikarar har likevel hatt evna til å forvalte arva, ei arv kommunen burde sjå på som ei plikt å forvalte.

Det ironiske er at Valen-satsingane i Sveio hovudsakleg har vore initiert og halde ved like av nabokommunen – Haugesund. Det kan ikkje berre vere fordi Valen låg sjuk på Haugesund Sjukehus i 1952. Utanom Ole Jørgen Furdal og forfattar Einar Økland har det hovudsakleg vore haugesundarar som offisielt har feira Valen. Dette har nabokommunen halde fram med – med mangeårig filmfestivalgeneral Gunnar Johan Løvvik i spissen.

Takka vere han ligg sekretariatet til Valendagane i dag innunder kulturavdelinga i Haugesund Kommune, feira i Vår Frelsers Kyrkje, Haugesund Billedgalleri, Festiviteten – samt Valestrand Kyrkje og Valenheimen i Sveio. I tillegg løyver Haugesund tre gonger så mykje til Valendagane som heimkommunen.

På måndag hadde altså Sveio eit siste unikt høve til å verkeleg markere Valen. Dei hadde høve til å reise eit levande monumentet over Valens kunst og virke: eit hus som kunne både markere Valen på ein verdig måte og skape noko nytt inn i framtida. Eg trur at eit slikt senter med panorama mot Siggjo og Bømlafjorden hadde blitt ein internasjonalt magnet i kulturfeltet. Eg trur at eit senter i Valens namn ville vore nok til at internasjonale kunstnarar på toppnivå drog til regionale Noreg.

Ein god konsertsal, gode opptaksmoglegheiter, stille og ro, natur, sauer, Valenheimen og Siggjo i synsranda er kombinasjon støypt av gull for utanlandske musikarar, som heller ville ha kome hit enn til Oslo og Bergen. Det er mi erfaring etter åra eg arbeidde for Borealisfestivalen og Festspillene i Bergen. Her hadde eg mange høve til å drøfte Valens musikk med nokre av verdas fremste tonekunstnarar. Berre musikken og hans unike biografi hadde overtalt dei til å ta turen vidare til Sveio. Om dei hadde hatt høve. No kan dei og alle musikkelskarar berre gløyme det. Problemet er uansett: Sveio kan ikkje kome unna – og gløyme – Valen. Han vil vere der når rådmannen – og alle rådmenn i framtida – for lengst er borte.

Kommentar i Bergens Tidende, Søndag 16 desember 2012

Her – litt til Valen:
Fartein Valen: Ei verbal vilje  (Dag og Tid desember 2002)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: