Elbphilharmonie_0Hamburg har klartdet Bergen strevar med. På eitt tiår er byen blitt ein sensasjon innan byutvikling. Byen har gått frå å vere keisam og ordinær by ved ei elv til ein fantastisk og skapande by ved ei elv.

Og det har, som arkitekt Lars Clementsen Pedersen skriv (BT 22.02), utgangspunkt i ein visjonær borgarmeister.

Tidleg på nittitalet såg borgarmeister Henning Vorscherau at byen sårt trengte fornying. Han visste også svært godt at hamneindustri og private eigedomsforvaltarar ville kneble visjonane. På dette grunnlaget sette han ned ei uoffisiell gruppe til å utarbeide ein førebels idéplan. Alt i full diskresjon. Gruppa brukte fleire år på leggje ned forarbeid i mange etappar.

7 mai 1997 blei forprosjektet for visjonen – Hafencity – lagt fram. Lanseringa var lagt til den supereksklusive private klubben Hamburg Übersee Club. Det var ikkje eit tilfeldig val: Her var dei mest innflytingsrike industrieigarane og eigedomsmagnatane i byen medlemmar. Ein gentlemen’s club av den gamle sorten; ein klubb som liknar ein del kjegleklubbar i Bergen.

Borgarmeisteren la framein utruleg plan denne kvelden: heile 157 hektar av hamnefronten skulle utviklast i heilskap – av kommunen.   Og eigarskapet skulle gå frå private hender. Dette siste vart vilkårsbunde av ei lovendring som gjorde det mogeleg juridisk.

Ei stifting underlagt Hamburg kommune skulle ha eigarskap over hamne-eigedomane. Den heilskaplege arkitektoniske planlegginga av indrefiletane – samt sal av eigedomar – skulle igjen finansiere eit heilt nytt hamneområde i utkanten av byen.

Då det formelle grunnlaget for lovendringa var lagt, kunne Hamburg kommune lyse ut ein internasjonal konkurranse. Dei ynskte byutviklingsforslag frå øvste hylle. Ein internasjonal jury valde i 1999 eit nederlandsk-tysk prosjekt til å utarbeide masterplanen for Hamburg. Den verdskjende nederlandske byplanleggjaren Kees Christiaanse stod i spissen for forslaget. Bystyret i Hamburg godkjende og vedtok formelt forslaget i februar 2000.

For Hamburg var, nett som Bergen, ein av verdas viktigaste hamne- og handelsbyar. Hamburg var, nett som Bergen, ein by bygd på reiarlagsnæringar og global handelsverksemd. Hamburg var nokre hundreår seinare busett av byborgarar som hegna om den stolte historia. Hamburgarar elskar seglskutene og sjøfartshistoria – trass i at store delar av dei originale sjøfartsområda vart sønderbomba under andre verdskrig. Hamburg er ein by der fleire av folkefestane dreier seg om å feire den gamle sjø- og handelskulturen. Nett som i Bergen. Seglskuta Rickmer Rickmers – som ligg ankra opp i Elbe – gjer Hamburgarane varme om hjarterøtene. Nett som i Bergen når Staatsraad Lemkuhl voggar i Vågen.

Den gamle handels- og hamnekulturen gjer også miljøet tradisjonsmedvite. Her held tradisjonsrike tyske handelskonsern og reiarar til. Desse er alle oppdregne til å både sjå attende og litt frametter. Desse ideala stod også i fokus då det vart snakk om Hamburg som arkitekturby. Og det her det geniale grepet låg – og som også vil kunne vere effektivt for Bergen.

Dei som ville satsepå fornying av Hamburg valde å gå i dialog med tradisjonen og historia. I stor grad brukte planleggjarane Hamburghistoria som grunnlag for visjonen Hafencity. Ordet består av det tyske ordet for det hamn og det engelske city. Hafen speglar det tradisjonelle. City speglar det visjonære. På denne måten greidde planleggjarane i Hamburg å bruke historia for å byggje ein framtidig overskridande by.

Sjølve symbolet for byplanen er det første bygget som blei materialisert og planlagd, konserthuset Elbphilharmonie, eit bygg som kan tene som eit godt føredøme for Bergen.

Bergen har ei rekkeindrefiletar nett som Hamburg. Lekre hamneeigedomar spreidd langsmed hamnebassenget – frå Laksevåg til Sandviken.  Ein av dei lekraste er parkeringsplassen ved Tollboden.

Alt i 2011 var parkeringsplassen visjonær fanesak for den nyoppretta lokale stiftinga Kultur Vest. Bak forslaget stod samfunnsstøtter som Herman Friele, Martin Smith-Sivertsen, Per Grieg sr. og mange andre. Visjonen var å byggje eit operahus på Tollbod-tomta. Herman Friele uttalte følgjande om bygget til NRK: “Tenk deg alle cruiseskipene som kommer seilende inn til Bergen, og får se et flott konserthus. Det blir litt sånn som i Sydney.”

Kultur Vest sågfor seg eit operahus som skulle femne om båe operamiljøa. Med dåverande styreleiar Pål W. Lorentzen i spissen, såg dei for seg ein stad der DNS, Festspillene og musikalmiljøa skulle få dekka sine tekniske behov. Grunnleggjande var det skrikande behovet for eit bygg for stabile mogelegheiter for musikalsk scenekunst. Operahuset skulle få same kapasitet som Operaen i Oslo – og tomta ville bli ledig i 2016. Kommunen ved kulturbyråd Harald Victor Hove såg optimistisk på planane. Etter det gjekk diverre visjonen i gløymeboka.

Her burde erfaringane frå Hamburg ha kome inn. Det var nett på ei liknande tomt som Tollbod-tomta eventyret fysisk starta i Hamburg. Ei tomt på pynten av den ærverdige bydelen Speicherstadt.  Nett som Tollbod-tomta på Nordnes. I Hamburg var det rett nok ikkje ein parkeringsplass men ein lagerbygning frå sekstitalet. Denne var bygd på ruinane frå lagerbygningen som blei sprengd under andre verdskrig. Her bestemte kommunen raskt at formålet skulle vere kultur. Musikk. Hamburg hadde også behov for betre fasilitetar for musikkfeltet.

Byen trengte sårtein konsertsal. Det vart dermed bestemt at dette huset skulle bli nett det. Dermed var førsteleddet i Hafencity på plass.

Og like viktig: bygget skulle ikkje berre gi rom til kulturlivet. Det skulle også gi rom til fantasien. Ein ville ha eit konserthus som løfta innbyggjarar og tilreisande. Det skulle vere overskridande. Alt i tråd med meisterplanen dei tysk-nederlandske byutviklarane la til grunn for Hamburg. Eit signalbygg kan ein også kalla Elbphilharmonie – sjølv om eg syns omgrepet er klisjéfylt og utvatna.

I dette bygget, som allereie låg på tomta, låg også Hamburghistoria samla. Kailager A hadde sidan 1875 vore lagringsstad for te, kaffi og tobakk for den tyske marknaden. Bygget var eit symbol på den ekspansive sjøfarts- og handelstradisjonen i byen. Oppdragsgjevaren – Hamburg by – trengde utelukkande å byggje på den ambisiøse historia. Det var nok til å overtyde kommunedemokratiet om at ein måtte satse stort. Oppdraget skulle også vere eit internasjonalt arkitektoppdrag. Ein skulle vurdere påmelde utkast frå dei beste i verda. Og ein skulle velje ut det forslaget som best mogeleg bygde på fortida – samstundes som det var overskridande. Det kjende sveitsiske arkitektbyrået Herzog & de Meuron var eit vågalt val.

Sentralt i forslagetvar å la lagerbygningen frå sekstitalet stå. Arkitektane foreslo i staden å byggje inni og oppå den opphavlege klossen. Opp or den massive sju etasjar høge bygninga i brun tegl reiste det seg noko verda aldri hadde sett maken til. Den fantastiske dimensjonen i konserthuset blei framkalla frå første dag. I dag har Elbphilarmonie vakse opp som ein skulptur over elveløpet. Bygget målbind dei som ser det for første gong. Symbolikken er enkel. Kunstens kraft veks opp or dei gamle Hamburg-røtene. Slagkraftig nok symbolikk til også å få med seg dei mest kritiske. (Her må eg leggje til at administrativt og økonomisk har bygget møtt mange hindringar. Budsjettoverskridingar har gjort bygget til ein verkebyll)

Bygget har allereie blitt eit symbol for heile regionen. Elbphilharmonie har gitt Hamburg ny silhuett og logo. Bygget har til og med fått eit kallenamn: Elphie. Det viktigaste av alt er at bygget vekkjer entusiasme for vidare nyskapande byplanlegging.

Denne effekten har ein også sett i Noreg: i Oslo med Operabygget og i Bodø med konserthuset Stormen. Desse prakthusa har igjen sat i gong nye inspirerte byplan-prosessar og god arkitektur Effekten av Elbphilarmonie, Operaen og Stormen har vore at Hamburg, Oslo og Bodø har blitt aktuelle byar igjen.

Det er altfor lenge sidanBergen fekk reist eit overskridande bygg. Men viktigast av alt: ein må lagt ambisiøse og heilskaplege planar for Bergen – for dei små filetane. Det beste er då å gjere som i Hamburg: gjere det formelle grunnarbeidet først. Sikre at hamneområda blir underlagt kommunalt ansvar. Så bør det igangsetjast ein internasjonal byutviklings-konkurranse. Oppdraget er soleklårt: Fjordbyen.

Ein internasjonal jury med toppfolk innan feltet må vurdere dei innsendte forslaga. Ein må satse like ambisiøst som internasjonale konkurransar på andre felt i Noreg. Abelkonkurransen, Ibsenprisen eller Edvard Grieg Internasjonale Pianokonkurranse har alle internasjonale fagfolk i juryen. Det må også juryen for Fjordbyen ha. Og personleg meiner eg Tollbodkaien bør komiterast til Nordnesoperaen – som del av den overordna byvisjonen.

Bergen kan i storgrad byggje på det same idéfundamentet som har fungert så godt i Hamburg. Likskapane mellom Bergen og Hamburg er mange og rikhaldige. Hamburg har lagt ned store ressursar i å byggje ein byvisjon kring desse røtene. Visjonen har også blitt tiltalande for dei mest skeptiske. Dette er ikkje minst grunna linken til dei tyske handelsreisande i fortida. Dei som henta heim teen, tobakken og kaffien. Nett som alle importørane i Bergen. Herman Friele sine forfedrar. At det difor er nettopp Friele som i 2011 snakka om operavisjonen på Nordnes er difor høgst interessant.

Tollbodkaien er på alle måtar ein parallell til tomta i Hamburg: ei tomt knytt til den lange bergenske handelstradisjonen. Elbphilarmonie i Hamburg viser korleis ein kan gå fram på eit mikronivå i Bergen. Ein bør vere ambisiøse som i Hamburg og satse internasjonalt – både når det gjeld byplan og arkitektur. Eit overskridande fabelbygg på Nordnespynten – ein Nordnesopera – kan vere det som skal til.

Eg foreslår at byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen tek med seg eit kompetent utval og dreg til Hamburg. Eg føyer meg med dette til Lars Clemetsen Pedersens forslag: Bergen Kommune bør ta heilskapleg ansvar for alle filetstykka langsmed hamneområda våre.  Då er det ikkje umogeleg at Bergen i framtida igjen er kopla til sin gamle handelsmakker Hamburg – på eit heilt nytt felt: visjonær byplanlegging.

Ein Nordnesopera kan bli inspirasjonspunktet for resten av by og fjord-utviklinga i Bergen og bli det Elbphilarmonie blei for Hamburg.

Det er på høg tid at Bergen får ein byplan som feirar fjordbyen og byrommet. Det er på høg tid Bergen får eit offentleg bygg som lyfter innbyggjarar – og får tilreisande til å måpe. Nordnesoperaen.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: