RUNE GAV LINDRING

Rune Rudberg

Rune Rudberg: Ut mot Havet

Tekst: Rune Rudberg Melodi: Mixed Emotions

Du lokker meg med et smil, skjelvende står du foran meg. 
Glemmer bort all min tvil, nå vil jeg følge deg.

Refr:

Hei du var solen i ditt hår, og jeg vet hvor veien går.
Ut mot havet, der drømmer blir sanne, og vinden gir svar. 
Hei, tenk så fint å ha det sånn, der vi vandrer hånd i hånd. 
Ut mot havet, til stranden og varmer oss i sand.

I dine øyne kan jeg se et eneste svar, og alle spørsmål som jeg har. 
Maria, Maria. Maria, Maria. Ja jeg elsker deg og du er alt for meg.

Refr x 1

En sommer en sol et hav, bølgenes muntre lek mot strand.
Det er minner det blir no’ av, gjemt i det salte vann.
Jeg ser et bilde av et ungt og lykkelig par, de gode minner som jeg har

Maria, Maria. Maria, Maria.
Ja jeg elsker deg og du er alt for meg.

Refr x 2

Printed in Klassekampen  August 2011

Ut mot Havet av Rune Rudberg er ikkje berre ei populær sommarvise om kjærleik. Det er også sommarvise som fungerer året rundt. Ei sommarvise som kanskje mest av alt verker der det ikkje sommar. På mørke karaokebarar, brune buler og blant folk flest. Det er ikkje ein låt for feinschmekkarane. Det er ei låt for folkedjupet. Det er noko med den umiskjennelege overflatiske lettheita som blir introdusert frå første takt. I det ein skrur på låta -­‐ pang -­‐ så er ein i gong. Og rommet blir fylt av ein feit synthljod. Det aller første anslaget er som synthpønk. Eit kraftig anslag. Umiskjenneleg 80tal. Så kjem den ljose stemma til Rudberg inn. Lys vibrato med minst like stort anslag. Refrenget først. Det er i notid og handlar om noko som skjer om att og om att. Eit minne frå ein sommardag. Eit minne om kjærleik. Ei forelsking. Låta er fylt med attitude, lidenskap og handling. I tillegg til å dreier seg om kjærleik tek den opp eit fundamentalt aspekt i norsk kulturhistorie: havet.

Havet og kjærleika.

Mitt sommarminne rundt denne songen er knytt opp til eit lite område med svært mange eldre sjøfolk. Særleg var det mange av dei på slutten av åttitalet og byrjinga nittitalet. Då Rudberg gjorde braksuksess med denne låta. Eg kjem frå ei bygd like innanføre Haugesund. Grinde. Eit område der det hittil hadde vore heltane som song heroisk om sjømannslivet der ute. Erik Bye var idealet. Han var talsmannen. Han var sjømannen som visste alt om dei som sigla. Så kom ein kjekkas og playboy som Rudberg som overhovudet ikkje visste noko om sjølivet -­‐ og song ein song om hav og kjærleik. Så viste det seg at det var det folket trengde. Det var det folk flest hadde venta på. Og det var sterkt i Haugesundsområdet. Rune sette enkle ord på tunge kjensler. Han sette ord på det mange av karane på bulene i Haugesund lengta etter. Minna frå solhavet på den sørlege eller austlege jordkule. Minner om kvinner som forlengst var borte. Minner som hovudsakleg kom når ein drakk. Og difor drakk ein heile tida. For ein tenkte på damer heile tida. Også på damene der heime som ein kanskje hadde lovd seg bort til. Årevis på havet. Eller damene ein nyss hadde reist frå i sist hamn. Jenter jenter og jenter. Og så lange døgn, veker, månadar og år med hardt arbeid. Ekstreme tilstandar. Ekstreme arbeidsforhold. Men alltid var draumen om ei jente der. Den enklaste og våtaste draumen. Dette var noko ein snakka lite saman om med familie og dei som ikkje hadde vore “der ute”. Det vart mest med grisepreik på sjappene eller total stillheit.

Rune Rudberg var den som moderniserte tradisjonen etter Eirik Bye. Han var den som kunne modernisere sjømannstradisjonen. Rudberg var den moderne sjømannen. Han var popstjerna som reiste landet rundt -­‐ på kryss og tvers. Ein mann som var kjend for enormt dametekke og nådde langt på den måten. Men også måtte forlate kvinner og reise vidare og kjenne på saknet. Det er ei aning ein får når ein høyrer på lata at her er det ein mann som veit kva det betyr å pleie minna. Minna om kjærleik. Minner om den herlege lettheita rundt ei forelsking. Så gjer han genistreken å knytte dette opp til havet -­‐ sjølv om den ganske fæle tyske originalen overhovudet ikkje har hav involvert. Musikalsk og tekstleg er ikkje Ut Mot Havet stor poesi -­‐ men det er suverent effektiv bruksmusikk. Og som ei låt som braut tausheitas hegemoni langsmed norske kysten har den vore svært viktig. Det er mi erfaring. Vaksne store menn med enorme tatoveringar som gret når ein for n’te gong syng denne songen på karaokeanlegget. Og ja havet som metafor er banal.


Sir Toby –  lagd ned i 2012 – var ein av dei heilt siste sjømannsinstitusjonane i Haugesund.

Haugesund var og er framleis ein stad med mange sjømenn. Sånn har det har vore lenge der i byen. Svært mange av sjøfolka kom heim etter lange år på sjøen og klarde familielivet og -­‐lukka. Andre klarde det ikkje. Ein del av desse vart faste sjeler på dei brune kneipene i Haugesund. Institusjonar i bylivet. Kneiper der ein kunne føle seg heime og der ein hadde nokon som forstod. Der mimra ein i lag. Skipperstuen, Sir Toby og Captains Cabin var tre svært viktige buler i Haugesund. Og her gjekk eg ofte for å treffe ein nabo som var sjømann. Ein som hadde ramla på sidelinja. Her var tabuane borte. Her kunne ein prate gris og synge Ut mot Havet for full hals. I løpet av 1988 vart dette ei låt som gjorde at karaokemaskina gjekk varm om kveldane. Og på toppen av ynskelista når coverartisten har rigga seg til med sine keyboardstativ, rytmeboksar og einsam mikrofon. Songen var i seg sjølv sliten frå første stund. Den var brun som kneipa og den var heller ikkje spesielt vakker -­‐ men den rørte og det var meir enn nok. Mange trengde noko meir enn barske Erik Bye sine hero-­‐viser.

Erik Bye var sjøfartsheltanes songar. Han var den monumentale. Han gjorde alt riktig. Han framstod på tv som den perfekte helten. Han hadde mediemakta. Han var konge. Rune Rudberg derimot vart framstilt som ein narr. Han vart latterleggjort på festar. Han kunne sjøfolka på Captains identifisere seg med. Når dei følte seg heilt på botn -­‐ som trash og outkast -­‐ kunne Rune gje dei lindring. Han var sjøfolkas mann også når det var ikkje var solgangsbris men storm og krig. På bulene i Haugesund -­‐ nokre av dei heilt utan vindauge og sollys men ope 365 ope i året -­‐ kunne Ut mot Havet bli spelt året rundt. Då er det ingen tvil om at det er ei sommarvise som sprenger grenser med enorm kraft.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: