adventure-journal-weekend-cabin-atelier-oslo-07Nokon har slått leir i den ytste Nordmarka. Nokon har bygd ei unik hytte i svart stein. Dette er ein hyttetur inn i framtida: til ei hytte med romanske bogar parra med ei skateboardrampe. Eit nytt hytteprosjekt på Norderhov av Atelier Oslo.

Kven er det som har slått leir her oppe? Eg har køyrd lenge i tett skog oppover og oppover. No står bilen parkert i ein lysning høgt over innlandsfjorden. Nedanføre skaper lappeteppet av storgardar, øyer og høg himmel skaper eit stort scenario.

Eg står eit par meter oppe frå vegen og ser. Herifrå ser det ut som leiren består av ei klynge med små mørke koier. Ikkje eit einaste vindauge. Dei har noko arkaisk og nomadisk over seg. Som vogner frå fortida: vogner utan hjul. Konstruksjonane svever nesten over grunnfjellet i lysninga.

Me er på Norderhov i Ringerike. Heilt på nordgrensa av Nordmarka. Tett furu og granskog for det meste. Høge tette trær. Litt bjørk innimellom. Vill skog innimellom. Og lysninga kjem akkurat når ein treng den: når ein har køyrd lenge i skogmørkret. Ein ser over dei svarte trekronane at det er sol og blå himmel. Effekten er difor stor når lysninga til slutt ligg der som ei perle på den langstrakte kjerrevegen. Lyst, fritt og ope. Men den gråsvarte leiren ligg lukka og privat frå ankomsten, litt ovanføre vegen.

Eg ser snart andre bygningar. Enkle hytter frå femtitalet. Mørkbeisa panel og små vindauge. Eit titals hytter som ligg bak kvar sin vetle bærtue i lysninga. No går eg ut på framsida av leiren og ned til kjerrevegen att. På framsida får leiren straks ein heilt annan karakter. Det som var ei mørk leirklynge blir til ei stor langstrakt glasflate.   Den svarte tidlause leiren blir med eitt til ei hypermoderne hytte.

Ute

Eg stiller meg med ryggen til scenariet der nede. Eg står mellom staute skulpturelle furutre og ser rett opp mot glasflatene. Megavindaugene speglar både den høge himmelen og furutrea. Vinden tek godt i dei knudrete trekronane. Rørslene gjer glasspegelen til ein stor projeksjon. Megaglasa er utan karmar, og speglbildet av himmelen og trea glir over i himmelen og trea bak.

Speglingen i det store glaset gjer det er vanskeleg å glo inn. Dette er jo glitrande, sidan dei som sit inne i dette bygget truleg ynskjer privatliv som alle andre. Det får dei sjølv om dei har nøkkelen til eit av Noregs mest særeigne bygg. Ei unik hytte allereie ved første augekast.

Eg parkerer bilen på solsida til hytta. Frå denne kanten har bygget endå fleire vindauge. Glas som fyller leiren med sollys frå tidleg morgon av. Dette er ei svært solrik tomt og no blir det endå meir klårt at bygget ligg i eit gamalt hyttefelt. Her i kanten av Nordmarka er det ikkje mogleg å bygge nytt lenger. Byggherrane eigde opprinneleg ei lita femtitalshytte på 50 kvm. Den haldt på å rase saman. Noko måtte skje. Den nye hytta som kom opp som erstatning har blitt billetten inn i den norske framtida i skauen.

Alt er nytt her, og tomta har enno ikkje fått graset og sivet sitt. Det er på veg opp, men alt har eit litt uferdig preg. Det ligg framleis material under hytta. Eigentleg er det greitt. Det fortel at hytta ikkje er utstillingshytte. Utemøblane kræsjer også med det som føregår arkitektonisk. Dei passa sikkert perfekt til den førre hytta på tomta. Dei mest pirkete feinschmekkarane vil truleg reagere irritert på dette; at byggherrane ikkje har fått arkitektane til å teikne utemøblar til prosjektet. Det ville naturlegvis heve heilskapsinntrykket. Det einaste som veger opp er at møblementet frå Plantasjen er like grått som panela. Men der slutter all likskap. Hytta på Norderhov er unikt skulpturell i sin innadvende karakter.

Eg går endå nærare dei mørke panela. No ser eg at dei ikkje er mørkbeisa slik panela på hyttene ikring. Nei. Nei her har ingen hobbymålar tatt eit tak. Panela er mala av Vår Herre sjølv. Dei er av mørk stein. Svart basalt. Dei frekke steinpanela glir opp på taket også. Der oppe er dei litt breiare men visuelt ser dei like store ut som veggpanela.

Kliss opp i hytta er det enkelt å sjå inn. Naturlegvis. Dette hadde eg aldri gjort hadde eg ikkje hatt lov. Det er noko uvanleg privat med dette huset, sjølv om det som sagt er ope frå den eine sida. Kanskje er det Holland-effekten eg kjenner på? I Holland bruker ein sjeldan gardiner på gateplan. Og den mentale regelen er at ein ikkje glor inn. Men no kan eg det, og eg ser at alt der inne er ljost som nykinna smør. Romma bølgjer der inne. Enkelte detaljar blir synlege: eg ser jo straks i endestykka at her og der er det handverksmessig hastverk: malinga er klumpete og listene glir ikkje alltid saumlaust over i einannan.

Inne

Desse detaljane senker ikkje nivået, heldigvis. Innvendig er hytta ein dans av finérplater. Hadde Matisse brukt finér hadde det sett slik ut. Det er ujamnheiter i takelementa men desse tek heller ikkje merksemda bort frå heilskapen. Inntrykket er sterkt når ein har i mente at bygget frå eine utsida ser ut som ein forsteina leir. Innerommet er stort, og ligg på ulike plan som glir nedover bakken. Kontrasten mellom basaltveggane utanføre og varmen innandørs er overskridande.

Fløyene av det store opne rommet glir over i einannan. Dei er knytt saman av eldstaden i midten. Golvet består av sekskanta bjørkekubbar. Alle flater er av bjørkefiner og bølga som ein skaterampe på høgkant. For nokre flater arkitekt og handverkar har trylla fram!

Det er vanskeleg å bestemme seg for kor ein først bør setje seg for å få best inntrykk. Alle stadar i rommet inviterer. Nivåa gjer at hytta også er ei lang trapp. Eg vel å byrje på toppen av trappa: i sovealkoven. Den ligg i ei av dei vinduslause delane av huset. Eldstaden ligg imellom, men soverommet ligg i rett linje frå spiseavdelinga. Høgdeforskjellane gjer at sovedelen trass dette er privat og tilbaketrekt. For dei som har gått frå Oslo gjennom heile Nordmarka er dette staden å sove. Eg set meg på golvet ved senga og erkjenner at dette er det mest særeigne soverommet i Noreg i dag.

Det er som senga veks opp or golvet – innebygd som eit ovalt forma platå i finér. Frå sovevinkelen er rommet a real master bedroom. Det minner om soverom frå heilt andre epokar. Opninga mellom soverommet og resten av hytta er bua, og visuelt blir dette til feite søyler. Søylene repeterer seg i linja ned mot spiseavdelinga. Det er feite søyler i opninga mot stova og på motsett side mot entreen også. Resultatet er ei sjelden nyskapande smørfarga søylerekke av bjørk. Med litt meir krussedullar og marmor hadde dette vore soverommet i eit italiensk palazzo patriziato anno 1600.

Denne antikke kjensla gjentek seg i dei andre romma også. I spiseavdelinga er takhøgda stor og nobel. Like stor som megaglasa ut mot ringerikspanoramaet. Og kvelvd som i eit benediktinsk kloster av den romanske typen. I aksen soverom-eldstad-spiseavdeling er effekten arkaisk og romansk. På tvers, entré-stove, er bygget nærast aleatorisk i stilpreg. Kvelvingane i taket skaper eit fint kontrapunkt til dei slake horisontale bogane ute i panoramalandskapet.

Både i stoveavdelinga og kjøkendelen tek dei store vindaugene mykje av merksemda. Særleg i kjøkenet. Her er det enorme vindauget delt av to stålbjelkar, som eit triptykon. Ute står eit lite knippe høgreiste stramme furutre og dansar roleg i den kraftige vinden.

Medan eg sit og ser på spelet mellom furutrea ute og bjørkefinéret inne kjem ein horde bærplukkarar gåande. Dei passerar hytta nedanføre. Dei kastar ikkje eit blikk opp mot hytta. Det er eit godt teikn.

 

Nicholas Møllerhaug

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: