SAND OG TERROR

Tarjei Vesaas og familien vitja Catania-strendene på Sicilia. På same tid gjekk ein annan kar rundt på dei same strendene. Han hadde med seg mikrofon, kameramann og spurde spesielle spørsmål. Femti år seinare sit ein mann i eit tårn med kamera og tek fotos.

Av Nicholas H. Møllerhaug – Foto: Massimo Vitali (With kind permission from the artist)

Trykt Dag og Tid 2002

Massimo Vitali – portrettert i ‘På tomannshand (Dag og Tid)’ i førre veke – sit i tårn og fotograferar eit italiensk fall. På femtitalet var fallet berre framtid. Det er noko også strandpoeten Tarjei Vesaaas uttrykte. Han vitja dei venezianske strendene på Lido – medan diktar-regissøren Pasolini nærmast budde på dei: med mikrofon og kamera.

Tarjei og familien
Tarjei og familien var på dei same strendene Pier Paolo traska rundt på femtitalet. Kanskje trefte Pier Paolo den høgblonde karen med den sympatiske kona. Kanskje fekk han lyst til å spør han eit par av spørsmåla sine. Kanskje snakka dei ei lang stund i lag på engelsk. Viss det skjedde blei det innslaget redigert bort. Det var den italienske folkesjela og stranda Pasolini sitt store tv-prosjekt handla om. ‘Comizi del’ Amore’ heitte det: ‘folkemøte om kjærleik’. Dette er eit tv-prosjekt av dei store i den italienske tv-historia. Den legendariske diktaren hadde ei oppgåve: han skulle gå ikring med enkel minimikrofon med kameramann på slep. Så skulle han intervjue utallige italienarar om seksualliv, kjærleik og avvik. Dette er femti fredsæle år før Berlusconi kjem til makta og midt i ei tid prega av ei framleis sterk katolsk kyrkje.

Massimo Vitali tek fotos ovanfrå for å få eit overblikk av folk. Pasolini gjekk ikring blant folk for å spør og for å få innblikk. Han stilte dei same spørsmåla til alle – anten dei var unge, pene, tjukke, eldre, rike, fattige, arbeidarar, tennisspelarar eller byrådsleiarar. Han spør kva dei syns om at må gifte seg, kvifor ein må vere trufast, om kva dei meiner om seksuelle avvik (noko som i seg sjølv var risikabelt sidan Pasolini sjølv var homofil) etc. Svara blei samla opp på lange filmstrimlar og redigert av diktaren sjølv. Alt vart samla til lange program med berre stemmer – satt saman med på ein ypparleg måte i høve til variasjon og komposisjon. Via brå men lekre overgongar går intervjuaren frå menneskeklynge til menneskeklynge. Overalt spør han dei same spørsmåla. På eit danselokale ved ei strand blir to jenter spurd. Ein høyrer musikk og ser dansarar i bakgrunnen. Dei kniser og den eine seier heile tida ‘ja, eg meiner nett det same som ho andre’. Dei fortel om kva karakterar ‘den rette’ skal ha og fortel at dei trur seksuelt avvik ikkje gjeld deira liv. Dei har aldri høyrd om det. I same lokalet møter Pasolini ein annan kar. Han er kledd opp i dress og overfylt med sjølvmedvit. Han fortel om kva nivå han er på intellektuelt og difor kva sjans han har. Tre belladonnas på ei sossestrand svarar medan dei struttar i velpleiesalongsminke og sløvsossete diksjon: det der med kyrkja er så problematisk – at kyrkja skal legge seg opp i alt. Unggutar og -jenter i badebukser og -drakter fortel ope om sex og sensurtonen går som ein felesolo av Scarlatti. ‘Autocensura’ – ‘sjølvsensur’ – står det på skjermen når grove uttrykk dukkar opp. Pasolini ser i desse programma etter menneske han kan stille spørsmål. Han let dei svare for seg og for landet sitt og fekk portrettert Italia på ein særmerkt måte. Det er nett som Vitali gjer det no for tida. Det ser ein fleire døme på fotografia frå strendene på desse sidene.

Disko og skit
Overgongane mellom innslaga er ikkje berre brå. Dei består dessutan av masse sollys, sand og nokre kontrasterande intervjuobjekt som ikkje akkurat låg på stranda. Diktaren og venen Alberto Moravia blir intervjua og fortel langsamt doserande om kjærleiken. Poeten Giuseppe Ungaretti sit og fortel i ein solstol medan det nittiårige håret flagrar. Og altså kanskje Tarjei Vesaas også blei oppsøkt på dei venezianske strendene på det italienske femtitalet. Då var han i Venezia for å ta imot ein italiensk litteraturpris. Dette er ein tur sonen Olav har skildra med finslipt penn. Gleda Vesaas uttrykte over strandlivet kan måla seg med det ypparste innan italiensk strandpoesi. På femtitalet var strendene framleis fredsæle plettar og ikkje diskosuggererande og møkkete.

” Det finns ein som samlar på sand. Han reiser over heile verda og når han kjem til ei strand ved havet, ein strandbreidd ved ei elv eller eit vatn, i ein ørken, på ei hei, tek han ei handfull sand. Den tek han med seg. Heim samlar han sanden i hundrevis av tette små glasflasker som står i lange hyller. I desse har han samla den fine grå sanden frå Balaton, den utruleg kvite frå Siamgolfen, eller den raude frå elveløpet til Gambia har lagt frå seg i Senegal – sand som bortforklårar det spreidde spekteret av brente fargar og viser ei overflate som liknar måneflata. Forskjellar i sandkornstorleik og konsistens verker inn, nett som i den svarte og kvite grusen ved Kasparhavet – som framleis verker gjennomvåt av saltvatn, i mylderet av småstein ved Maratea, også desse er svarte og kvite, eller på det lette kvite sukkeret – prikkete av dei fiolette sniglane i Skjelpaddebukta, like ved Malindi i Kenya.” (Italo Calvino, Saggi)

Berlusconi-metoden
Korkje Vesaas, Pasolini eller Berlusconi skreiv dette ned. Italo Calvino er ein annan stor stranddiktar. Han skjems heller ikkje over at han låg på italienske badestrender store delar av somrane på femtitalet. Dette var lenge før vulgariseringa starta. Essayet viser korleis ein poetisk kan nærme seg sanden via ord. Dette er heilt den heilt motsette metoden enn Berlusconi sin. Sistnemnde har brukt ein heilt annan teknikk som har forslumma strandlandskapet totalt. Medan Vesaas skildra poetisk strandgleda med nokre få dikt i Dagbladet, gjorde Pasolini det med intervjua sine TV-kanalane til Berlusconi gjorde strendene om til bråkete sommarsirkus på tidleg åttital. Då byrja nemleg dei mest tvilsame og kommersielle tv-kanalane i Italia å turnere rundt om i landet med årlege sommarshow. Over heile Italia og folk gledde seg som hundar til desse showa. Fellesnemnaren var masse syntetisk disko, hundrevis av bikiniar og machomenn med oppknappa skjorte til beltet. Showa vart leksjonar i korleis ein gjer strendene til urolege sandbankar. Dette var måten ein øydelagde rolege på strender – ei ro som ein av og til finn ein på skjult strandflekk anten ein er i Sveio, Oslofjorden eller ved det Indiske Havet. Det er nett det Vingreiser og Saga Solreiser reklamerar med utan å halde det dei lovar: ei paradisøy med strender berre for deg. Lengre bort frå røynda kjem ein ikkje. Særleg ikkje i dag når strandmoroa er blitt terrormål.

Strandbomber
Bombene mot stranddiskoteka på Bali skremde ei heil verd og drap mange uskuldige. Talet på lokale og mindre attentat i Italia har også auka. Kvar sommar skjer det kriminelle og blodige handlingar på dei italienske badestrendene – på dagtid. Ved fleire høve har bomber gått av under badehandklede. Uskuldige har blitt råka. Slikt var fantasi på femtitalet då Pasolini og Vesaas med familien traska ikring på Lido-stranda utanføre Venezia. Den gongen kunne ein høyre bølgjer og folk kviskra til einannan for ikkje å overdøyve bølgjene. Skiftet frå ro til uro kom for Pasolini sin del i 1976. Då han var brutalt myrda og deretter overkøyrd på ei strand i Ostia utanføre Roma. Like ved der han budde. Tjue år tidlegare er han på strender over heile Italia og spør folk om intimitetar. Utviklinga frå ro til uro er ei utvikling Massimo Vitali dokumenterar på sin måte. Det starta med strandfotoa hans. I dag reiser han over heile verda for å ta bilete av strender og indirekte portretterar folk og einsemd. Då er han på ein måte som sand-samlaren til Calvino. Etterkvart har derimot Vitali sett at fleire moderne massekulturelle aktivitetar har noko til felles med moderne strandliv. Han fann først fram til diskoteka og byrja å avfotografere dei. Litt seinare nærma han seg ein norsk aktualitet: skitrekk. Massimo Vitali meiner også fjella er i ferd med å bli kakofoniske stadar kor eigentleg einsemda rår. Stadar kor folk viser seg med dyre drakter – i motsetnad til minimal skrud på stranda. Og ein gler seg til afterski om kvelden for å kunne føle litt intimitet med nokon ein treff. Dette er høgaktuelt i ein norsk samanheng.

— Kva meiner de om at ein må vere gift før ein går til sengs?

Pasolini står i svartbukse og kvit kortarma skjorte med mikrofonen i handa. Han spør to menn i badebukse. Den eine med son sin på skuldrene. Ei dame sirklar i bakgrunnen. Ho prøver å få med seg kva karane seier. Det er tydeleg kona til ein av dei. Ho krinsar kring dei i badedrakt. Bak dei ligg eit hus med omkledningsrom. Folk passerar heile tida og karane svarar.
— Nei, det er heilt idiotisk, seier mannen utan nokon på skuldrene. — Kyrkja berre dirigerar oss – ingen følgjer dei reglane trass det.
— Du då? Spør Pasolini den andre mannen.
Mannen står stum og seier inkje. Er det fordi kona er komen faretrugande nær? Kona bøyer seg for å få med seg kva dei seier.

Første gong på trykk i Dag og Tid 2003

 

 

 

 

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: