Ein sjåfør frå Bergen Bydrift vart helt denne måndagen.  20 mann redda han frå forliset ved Holbergplass.

Eg trur han vart vettskremd. Han som sat bak rattet på den vetle lastebilen frå Bergen Bydrift. Før han visste ordet av det var han overmanna av menn med koffert.  Først forsøkte han å antyde forsiktig at han ikkje ville vere med på leiken. Han ville berre køyre ut or plassen.

Det hjelpte lite at det stod Bergen Bydrift på sida.  Først smaug han og lastebilen seg nedover bakom Narvesen ved Sundt-huset.  Han skulle berre svinge ut og opp Ole Bulls Plass. Men det var nett der det hendte: Han blei spotta av tre spanjolane som kom springande.  For oss publikummarar var dette ein del av noko større. Me hadde allereie stått der i eit kvarter.  Gateteatergruppa “Kamchàtka” frå Barcelona utøver ein stillferdig form for utandørs tablå-teater.

Dei omfamnar bussar, bilar og varestransportar som passerar dei på plassen.  Gjennom tablåa og rørsler blir bilar til noko poetisk: til fabeldyr.  Etter litt klatra dei åtte opp på den Den blå Steinen.  Snart var steinen ein flåte på ope hav.  Ein sterk og hyperaktuell scene. Snart kom også forbipasserande springande for harde livet.  Dei måtte opp på den kantra flåten.

Og det var nett her stakkaren frå Bergen Bydrift kom inn.  Han visste ikkje at det var han som var redninga.  Tre av skodespelarane tvang han til å rygge inntil steinen.  Sjåføren såg nok ikkje dette store spelet – og ville berre bort frå plassen.

Finalen var at han alle kom seg trygt om bord blant søppelsekkane på lasteplanet.  Dei som ikkje fekk plass stod på taket.  Ein fantastisk skildring av dramaet i havet sør i Europa.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: