MARIO BOTTA – MED NORSK ALIBI

Arkitekten Mario Botta har atelier i ein høg brun silo. Den er av teglstein og er teikna av han sjølv. Eit karakteristisk Botta-bygg. Her sit Botta som ein konge og er ein av verdsstjernene i arkitekturverda. Dei siste tjue åra har han hatt enorm internasjonal suksess. Difor er han like mykje berykta som elska. Mykje av det han har praktisert har han lærd av ein nordmann – venen og inspiratoren professor Christian Norberg-Schulz .

Av Nicholas H. Møllerhaug (tekst & foto), Lugano, Sveits
Dag og Tid 2002

Dag og Tid møter Botta i siloen. Den står i utkanten av Lugano i Sveits. Den italienske grensa ligg like ved. Ein kan høyre det på namna Botta og Lugano – dei kling ikkje særleg av sveitsartysk. Botta kan speide utover den pittoreske byen frå toppetasjane i siloen. Atelieret er ikkje berre arbeidsstaden hans – opp til eit halvt hundre tilsette er ikring han heile tida. Linken til akademiet han har starta utanføre byen er tydeleg. Mange av studentane der får plass i Studio Botta som atelieret heiter. Arkitektar frå heile verda kjem til Botta for å assistere og lære. Den brune silofasaden ser ugjennomtrengeleg ut frå utsida. Typisk Botta vil mange seie – med tunge ovale steinkonstruksjonar. Ei rekke sirkelrunde hol i toppetasjen kan bli brukt til å speide i – som om italienarane var fiendar rett over grensa. Det er dei ikkje – tvert imot.

Botta er ein venleg og hypertravel ticinesar; den italienske minoriteten i Sveits. Dei føler seg meir som italienarar enn sveitsarar. Han gjev tidleg beskjed om han ikkje kan engelsk. Difor vil han bli intervjua på fransk eller italiensk. Basta! Det har DT-utsendingen fått melding om i ein email. Italiensken er difor shaina opp. Som i ein pompøs audiens er det ventehall og ei dame som hentar sjefen sjølv. At Dag og Tid fekk kome var eit unnatak – Botta gjev sjeldan intervju. Truleg er det ein god grunn – fortel ho som opna opp heisdøra. Han har noko han vil seie då, seier ein annan assistent som heng i ventehallen. Frå den store har ein innsyn til assistentane som arbeider i etasjen over. På veggane heng det plakatar frå heile verda: – Botta-utstillingar over heile kloten. Store modellar av bygg under oppføring står på golvet. Ein diger men flat modell av La Scala er perfekt å snuble i.

Mario Botta kjem slentrande og smilande ned trappa frå arbeidslandskapet i øvste etasje. Han er tydeleg letta over at han slepp å stotre på eit to-ord-i-minuttet-engelsk. På italiensk får han sagt alt han tenker på, seier han. Før me går inn til møterommet hans – hentar han ein rull med bakepapir-liknande papir og ein blyant. Som ein gamaldags meister som vil teikne døme. Han har på seg dei karakteristiske store runde metallbrillene sine. Saman med det store gråkrølla håret og dei ledige linkleda blir han ein middeleuropear-versjon av ‘the nutty professor’. Det er tydeleg at han vil ha eit effektivt intervju – for verda hans ventar ikkje. Difor byrjar han å teikne med ein gong. Han skriblar eit namn på papirrullen: ‘christian’ står det.

— Du er altså frå ei norsk avis, du. Det får meg umiddelbart til å tenke på Christian. Du veit, Norberg-Schulz, professoren og teoretikaren. Han har betydd masse for meg – både som ven og ikkje minst som filosof. Det var trist at han døydde så tidleg. Han var ein arkitekturteoretikar av mitt hjarta. Me delte m.a. redaktøransvaret av Domus (eit sentralt internasjonalt arkitekturtidsskrift) i nokre år. Då blei me vener. Han snakka ofte om at eg skulle kome nordover. Det blei det diverre aldri noko av. Då han sjukna til på slutten snakka me ein god del på telefonen. Han var ein stor formidlar av arkitektur og original tenkar. Me er mange som saknar han. Teoriane hans om ‘stedets ånd’ er spanande. Ikkje minst fekk eg eit innblikk i det nordiske kjenslelivet gjennom han. Som sydlending er slikt fascinerande – ikkje minst i ein arkitektonisk kontekst.

Trass mobiltelefonen som kimar ustanseleg held han fram samtala om Norberg-Schulz sine tankar. Han fortel kor interessant nord-sør-problematikken er i arkitekturen. Ikkje minst fordi han som alpebuar sit i sjølve skiljelina mellom Sør og Nord i Europa. I motsetning til majoriteten av sveitsiske arkitektar er Botta ikkje ein tysk tradisjon. Han kjenner seg som italienar og har bakgrunn frå ein av dei viktigaste arkitekturskulane i verda. Veneziaskulen med Carlo Scarpa som lærar. Det var der han som student blei kjend med arkitekturlegenden Le Courbisier. Han ville ha Botta som assistent til teikninga av hospitalet i Venezia. Eit merkeleg prosjekt som aldri blei materialisert. Eit underjordisk sjukehus. Le Corbuisier døydde diverre midt i prosessen. Seinare kom han i kontakt med Louis Kahn. Dette tidlege samarbeidet på sekstitalet var ein unik start på karrieren til Botta. Mange kritikarar meiner Botta fekk eit namn på nett denne starten. Han fekk eit namn og har sidan selt namnet sitt som ein annan forretningsmann. Branding-ekspertar veit kva det dreier seg om. At han har økonomisk suksess ser ein på den seksetasjars høge siloen han har kontor i. På parkeringsplassen utanføre står det dyre bilar parkert.

Nett som Norberg-Schulz er Botta oppteken av eit landskap fortel. Ikkje minst kva eit bygg i eit landskap fortel. Botta meiner notida er det mest essensiell for han – at ikkje noko dreier seg om rein fortid. Særleg syns han ‘heimen’ som omgrep er viktig. Særleg er heimen i eit landskapet viktig for han. At menneske har ei tilhøyrsle til ein heim – i eit landskap. Sjølv teiknar han store gigantiske monumentalbygg (rekna som rimeleg postmodernistiske) og færre og færre bustadhus. Personleg er han heller ikkje interessert i å bu i eit stort botta-bygg. Kontoret hans er nok Botta for han. Dei siste åra har arkitekten brukt ei store ressursar på å leve og bu i eit gamalt silkespinneri. Det ligg ved vasskanten til den store innsjøen Lago Maggiore – ein av grenseinnsjøane mellom Sveits og Italia.

Kontrasten mellom eit gamalt silkespinneri og siloane til Botta er stor. Botta sin arkitektoniske signatur er prega av store former, tunge material og digre flater. Sirklane gjentek seg heile som eit mantra. Dei gigantiske formene hans er tilstades – over heile verda – utanom i Norden. Her nord har han ikkje slått an – eller er han for dyr. Kritikarane meiner han har laga ei stilistisk nisje som han berre repeterar – i det uendelege. Tilhengarane meiner han har ein modernisert versjon av romansk arkitektur. Sjølv bryr han seg korkje om det eine eller det andre. Mange av kritikarane – særleg i Sveits – er også prega av den enorme suksessen Botta har hatt. Tilhengarane hans trur mange er sjalu på han. For – som det står i Samtiden no. 4 2002 er Ticino, regionen kor Botta bur veldig prega av Botta. Ikkje minst er regionen prega av ei rikdom som har råd til hus av nett han.

— Anten ein er rik eller fattig, bur nordpå eller sørpå skal huset vere eit vern. Det ser ein tydelegare hjå dykk i Nord. Eg tenker ofte på kulda de har oppe hjå dykk på denne tida av året. Då blir vernet i eit hus endå viktigare. Her i sør er det ikkje sånn – iallfall ikkje nedpå den italienske halvøya. Der er det berre nok med eit telt. Ein er lukkeleg og varm trass i det. Då speler ikkje ‘vernet’ ei så viktig rolle. Kanskje burde alle ha opplevd kva vern eit hus kan gje t.d. i Noreg. Det er essensielt, meiner eg. Dette er tankar Christian har snakka mykje om. Eg lurar på korleis dette blir i praksis. Kanskje kjem det eit oppdrag nordfrå ein dag. Synd Christian blei borte – eg hadde jo ein ståande invitasjon frå han.

Den eine veggen i rommet er dekka av lange svarte skyvedører. Dei viser seg å vere tavler. Ein stor merkeleg kritt-teikning av ei stjerne og måne ser ikkje tilfeldig ut. Botta fortel at strekane har han ikkje hatt hjarte til å viske bort. Dei teikna den verdskjende skulptøren Niki de St Phalle rett før ho døydde tidlegare i år. Då var ho innom for å diskutere den store park dei laga ilag i Jerusalem. Ein slags avansert leikepark kor dei gedigne og merkelege fargerike fantasi-dyra hennar stod på forskjellige stadar. Parken hadde Botta teikna.

Natur og landskap er viktig for Mario Botta. Han meiner naturen må vere ein del av arkitekturen – nett som arkitekturen er ein del av naturen. Desse faktorane er på ein måte samsvarande og motstridande, i følgje hans eigen filosofi. Arkitekturen beskriv eit menneskeleg prosjekt – å organisere rommet ein lev i. Dermed blir det heile ein sum av tankar, visdom og arbeid. Difor er det arkitektur alltid dialog og konfrontasjon med naturen.

— Eg trur at arkitektur også har i seg tanken om det heilage. Alltid. Ikkje i den vanlege meininga av ordet. Eg tenker på at det heilage er eit uttrykk for menneska sitt slit og arbeid. Arkitektur er langt frå berre rein organisering av material. Også det mest fattigslege av alle rønner har si historie, sitt eigenverd, ein etikk. Desse faktorane fortel om ein eksistens og eit minne – som dreier seg om dei mest private sidene av eit menneskeliv.

Kontrasten mellom dei poetiske orda og turbotempoet til Botta er stor. Botta sitt eige arkitektliv – som stjerne på arkitekthimmelen er rimeleg jetset. Han har berre denne veka vore to turar i USA. Når sekretæren hans melder at Tokyodelegasjonen sit utanføre og venter – går det troll i ord. Og ho har rett, 10 mann står i ventehallen og dei har eit privatfly som venter på flyplassen. Før Botta seier adjø kjem han på noko han må seie. Det var Christian Norberg-Schulz ikkje berre var eit fint menneske og formidlar. Han snakka dessutan ein heilt fantastisk roma-dialekt. Botta kunne ikkje tru han var nordmann og meiner kona hans var årsaka til dette. Ho er nemleg romarinne.

Når timanns-delegasjonen kjem inn på kontoret står mange ting på spel. For det første store summar – det er dyrt å bruke Botta. Noko anna enn ein kommunalarkitekt i Sauda som hevar løn og får material. Botta er rein popindustri innanføre arkitekturen. Dette blir ein konfrontert med når ein treff han. At han er venleg – motseier ikkje dette faktumet. På same måte som det finns suksessforfattarar og musikarar finns også suksessarkitektar. Forskjellen er berre at eit bygg ikkje er så lett å formidle som bøker eller cd’ar. Ein kan derimot seie at bygget formidlar seg sjølv. Men, berre der det står og blei bygd. Eller som fotografi. Anten ein er suksessfull eller ikkje – inneheld bygga eit uttrykk for noko. Anten ein vil bygget skal uttrykke ei audmjuk visdom eller rikdom. Det er her det sprikar litt mellom idèane til Botta og funksjonane byggverka Botta hans har. Dei gigantiske bankane han har teikna t.d. er eit døme. Sveits er bankland no. 1 i verda – og bankane til Botta er verdskjende. Samstundes er dei problematiske. Han bruker ‘rustikke’ material og gamaldagse formar til å lage ei rustikk ramme for kapitalkreftene. Samstundes er det desse kreftene som finansierar prosjektet hans. Då er hoppet ganske langt til den poetiske forskaren Botta såg opp til. Kanskje er Norberg-Schulz eit slags filosofisk alibi for Botta. Professoren ved UIO arbeida i det stille. Ved hjelp av den skarpe pennen sin fekk han effektivt fram uttrykket om uttrykket i byggverk og naturen. Då speler det ikkje stor rolle om ein er einig eller ikkje:

“Stedssansen er (…) en poetisk evne, og det å skape steder følgelig en kunstnerisk virksomhet. (…) Den poetiske forståelsesform har ikkje ferdighet eller kunnskap som mål. (Frå Christian Norberg-Schulz: Et Sted å Være’)

Mario Botta (1943- )
Bur i Lugano, Sveits.
Arkitekt
Har teikna hundrevis av bygg over heile verda. San Fransisco Museum of Modern Art, Banco Gottardo, Niki de St Phalle Parken i Jerusalem, katedralen i Lyon, kyrkjene i Mogno og på Monte Tamaro er blant dei mest kjende.

 

Trykt i Dag og Tid

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: