lam

SANDDALEN=SARDINIA

Global musikk på eit jorde like ved Nesttun.

Printed in Bergens Tidende, may 2013

I desse dagar er det verdsmusikkdagar i Sanddalen.  Seksti sauer og lam i alle aldrar har nyss blitt sleppt ut på jordene der inne.  Berre fem knappe minuttar til fots frå Nesttun.  Ei vandring gjennom eit av Bergens finast bevarte kulturmiljø. Eit gardstun som i desse dagar blir truga av massiv utbygging – årsaka er Bybanen.  Det kjem eg tilbake til. Først litt meir om verdsmusikken.  Den finn du inne på bakkane inst i Sanddalen – der Sanddalsveien møter Sandbrekkeveien. Der høyrde eg ein velkjend ljom ein sein kveld denne veka.

Det var ljomen av rå mørk gamalsau.  Hylinga til myriadar av sopranlam.   Seksti sauer som skreik, brekte og bar seg.  Lyd kombinert med dramatisk lammeløping og vérsprang i formasjonar. Det var dramatisk og fantastisk.  Alt hendte medan andre litt meir sindige sauer stod og tygga drøv – og småbrekte like ved vegen.  Dei mest privilegerte stod inntil den store gjødselkjerra Orkel Tx 90.   Dei var heilt stumme.  Samla krefter kanskje.  Dei summa seg.  Medan dei summa seg gjekk tankane mine til Sardinia. Den vetle italienske øya og badeparadiset.

Der finns det ein fantastisk kortradisjon som så altfor sjeldan høyrest her til lands.  Ein mannskortradisjonen som ikkje likner noko anna på kloten.  Der skal mannfolka helst høyrast ut som – ja sauer.   Viss du ikkje har høyrd dette før – søk opp Coro di Orgosolo på youtube. Høyr sjølv.  Det er altså ikkje langt frå Sanddalen til Sardinia.  Øya ligg like ved bybanestoppet på Nesttun.

Men du bør skunde deg. Eit av dei finaste kulturmiljøa – som går frå Nesttunvannet opp til dette jordet – er alvorleg truga.  Eit unikt gardsmiljø og fuglerik våtmark – kan bli knust i fillebitar i løpet av nær framtid.   Alt signa av politikarane i regionen. Nedre Sanddalen er vedteke øydelagd for å gje plass til ei av dei mange bybaneblokkene på Nesttun.   Det er ein tragedie. Ei av dei sjeldne naturområda like ved Bybanen blir ofra.  Og altså ein sjeldan liten stad for verdsmusikk.  Snart er denne fredelege pletten erstatta av hundrevis av grillande blokkbebuarar. Då er det ikkje lenge til fuglane og sauene forsvinn. På sikt. Goodbye Sardinia seier eg då.  Viss ikkje politikarane tek turen og får dett med seg.  Kulturvern i praksis.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: