LIK, SONG OG TRANSPORT

Gaa nu hen og grav min Grav!
Jeg er træt, nu vil jeg slumre,
Lægge ned min Vandringsstav,
hvor de sidste Skygger skumre,
Lægge mig til Hvile ned,
Fare bort herfra i Fred.

Printed in Folkemusikk,  Winter 2011

Før likbilen byrja å køyre på sekstitalet var det norske landskapet ofte kledd inn i moll. Tog gjekk sakte sigande gjennom bygdene. Songarar først. Så kista. Så dei sørgande. Sakte og stille. Stogga ved gardar og grender. Stemde i mørke tunge nedadvente songar. Vende mot jorda. Mot molda. Mot bakken.

Eller i fjordane: robåtar på rekke. Kista og forsongarane først. Nær land. Songen bar langt og høgt over vassflata. For kvar gard eit vers eller ein song.

Song og rørsle var som eit plaster over det som var tapt. Nett som tekstane og melodiane. Ein gjekk litt i lag med den avlidne. Markerte den avlidne gjennom bygda. Det gjorde ein med å synge høgt. Synge surt. Synge ustemd. Kremte. Gråte. Seig elastisk rytme. Tonar som ikkje heilt traff. Mikrotonar.

Det finns gamle fotografi frå slike følge: I familiealbum. Opne stivna munnar omringa av svarte klede. Stivna fotografisk sorg og song. Det finns også nokre få lydopptak og nedteikna noter. I dette tonematerialet finns nokre av dei mest bizarre songane me har. Prega av mørke. Metallisk i uttrykka. Kanskje var den beste måten å teikne eit bilete av ei reise mot grava og ut av denne verda å la dei tempererte skalaene vere heime. Tonar som nesten var heilt borte. Men som skar seg fast i minnet. Eit unikt dokument i denne sjangeren finn ein i den store boksen fylkesvise cdar NRK folkemusikkarkivet gav ut for nokre år tilbake. I cden for Rogaland ligg det inneklemd mellom overkåte springarar, spenstige hallingar og all annan tradisjonell folkeleg lyd eit unikt opptak frå Suldal, 1948: O Verden hav da gode Nat/ I Himlen er min Sjeleskat/ Jeg vil fra Jorden sige/ Din Lyst, dit Guld, din Høihed/ ei skal hindre Mig gaa paa min Vei. Eit rufsete opptak av ei gruppe menn som syng samstemd men fullstendig ustemd og ute av takt. Upresise konsonantar og vokalar med diametral klang frå mann til mann. Ambient sound. Modernisme og arkaisk på same tid. Mørk flyt. Dissonans.

Idag har desse spesielle folketoneskattane fått enkelte nye liv. Eg vart sjølv gripen på tidleg nittital då eg høyrde Nils Økland sin versjon av gravsalma “Gaa nu hen og grav min Grav!”. Den blei gitt ut på debutplata hans “Blå Harding” (Morild 1996). Ei temmeleg fri tolking av ein folketone frå Avaldsnes. Samla inn av organist Klara Johannessen i ca 1940. Ei gorrande

krafsande fele speler rufsete og rått. Ei sterk tolking. Og samanlikner ein med sound’en i det sausete mannskor-opptaket frå Suldal er det visse likskapar. Lydane flyt i einannan. Og ei tolking som Økland si får fela til å lyde som rufsete liksongarar i tida før likbilen kom til Noreg. Dei syng upresist men det er emosjonelt som stål i lufta. Eit vokalisk uttrykk som nok er vanskeleg å få framkalla idag med mannssongarar klarar Økland å framkalle på fela. Nett som i opptaket frå Suldal klarar ein ikkje å høyre teksten når Økland syng tonen på fela si. Teksten kan ein derimot høyre klart og tydeleg på plata med hardanger-songaren Ole Olsen Fykse (1879- 1963) som Ta:lik gav ut i 2007.

Når ein gjekk langsmed bygdevegen på veg mot kyrkjegarden stogga ein og song. Det var stille. Så slo songen gjennom landskapet. Det kunne vere at dyr byrja å raute medan følget for forbi. Naboar som ikkje likte den avlidne demonstrativt valde å markere seg når følget gjekk forbi. Det vanlegaste var å neglisjere følget. Kanhende sette nokon ein olm stut i bakken ved vegen eller liknande. Det viktigaste teiknet for venerasjon var granbaret i vegen ved dei ulike gardane. Var det granbar der skulle ein synge. Folk stod som oftast og såg ut glaset eller stod framføre huset. Hadde ei lita fristund i arbeidet. Eller berre det at ein stengde for glaset når ein kom forbi. Eller kanskje sette ut ein olm stut ved vegen.

På sjøen bar den klagande songen godt. I tida før motordoningar var det lite som kunne forstyrre. Dei tradisjonelle gravsalmene hadde ein ting til felles: dei var mørksindige og tunge i grooven. Dei hadde ein innadvent nesten arytmisk karakter som gjorde at dei slanga seigt utover landskapet som ormar som søker ned i steinura. Ein dissonans høyrest betre enn velljod – slik det ofte var før i tida då ein hadde naturlydane ikring seg. Steinras, flomlyd og ulukker skjedde men det var ingen larm. Difor var dissonerande sørgetonar med på å skape trist høgtid. Det fekk folk til å legge ned arbeidet. Ein paralell er sørgekiming på kontinententet. I Nord-Italia kan ein ofte høyre sørgeklokker dissonere over landskapet. Skape ein uroleg ljom over landskapet. Det motsette av ei feirande klemting som ved festdagane. Nei. Klokkarane drog i klokker som klang surt saman. Sure klemtande klangar som igjen spelte med temperaturen, vinden og gjennom landskapet. I landskapet. Over landskapet. I Syden gjer spelet mellom temperatur og vind mogleg å la slik lyd reise svært langt.

I Noreg var det ofte eit heilt anna klimadilemma som dukka opp. Det var til tider så kaldt at gravferda rett og slett måtte vente. Ein svært lang sørgeperiode fann stad viss kista måtte stå i skuret utanføre huset. Då vart gravfølget med ditto song noko heilt spesielt ein hadde lengta til. Dette var svært normalt før gravferdsbransjen vaks fram med sine profesjonelle tineutstyr og likhus. Omtrent på same tid svann også den triste songen frå vegen. Likbilane tok seg fram i landskapet. 60talet. Og det var ikkje det same å sitje framme åleine i den lange mørke doningen med kross på taket og kiste i bagasjen og synge åleine:

Far da vel, o Jord,

jeg vil reise bort fra Savn og Trængsel, bort fra Glædens falske Spil,
Bort fra Sorgens mørke fængsel,
Bort fra Skygger og Bedrag

Gaar jeg til den klare Dag.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: