FARTEIN VALEN – EI VERBAL VILJE

Idag er det femti år sidan komponisten Fartein Valen døydde. Ein kunstnar som transformerte tonespråk. Trass det blei han rekna som fåmælt, sær og puslete.

Av Nicholas H. Møllerhaug, Valevåg
Dag og Tid 2002

Fartein Valen budde saman med systera si i Valevåg etter lange opphald i Berlin og Spania. I Valevåg i Sunnhordland skreiv han fleire symfoniar. Dei tileigna han m.a. til kattane sine. I fritida las han alt frå italiensk til hebraisk. For mange er han meir kjend som botanikar. Han kryssa fram originale kaktusar og roser. Ei av dei er kjend som ‘Fartein Valen-rosa’
Valen var altså langt meir enn berre nyskapande norsk komponist. Han gjekk ikkje berre ut over dei nasjonalpatriotiske strøymingane i åndslivet. Han var ikkje berre kunstnar som skreiv ‘uforståeleg’. Han var også prosaist – ikkje som ein forfattar men kvardagsleg brevskrivar. Sjølv om han var stillferdig til det sjølvutslettelege fekk han uttala seg. Hundrevis av breva hans ligg att. Tett- og velskrivne ligg dei sirleg arkivert i handskriftsamlinga ved Nasjonalbiblioteket. Dette er brev som toler dagslys. Breva hans er kanskje ein nøkkel til musikken. Dei er ikkje vanskeleg tilgjengelege: korkje språkleg eller innhaldsmessig. Desse breva kan bli ein viktig del av den nasjonale kulturhistoria.

Sigrid i sløydsalen
Biografien til Valen er fylt med interessante ingrediensar. Heilt frå han var barn dukkar det opp ‘gode’ biografi-ingrediensar. Forteljinga hans i seg sjølv er heilt eigenarta. Anekdotane om puslingen som snakka med rosene, kaktusane og kattane. Men, dette er berre overflata. Treng ein lenger inn i arbeida hans får ein auge på ein særskild måte å veksle mellom alvor og humor. Folk heime i Valevåg såg ofte båe sidene – ofte indirekte. Mange såg og hugsa han. Journalisten sin farfar, Einar Møllerhaug i Valevåg hadde systera hans – Sigrid – som folkeskulelærarinne. Han fortalde at sløydsalen låg rett under komponistrommet til Valen. Det gjev fleire undarlege assosiasjonar. Tenk på all saginga og høvlinga Valen må ha høyrd. Han hadde meir kontakt med naboane sine hestar enn naboane sjølve. Han haldt kontakten med ein liten krins i Oslo – kor m.a. målarinnene Else Christie Kielland og Agnes Hiorth var med. Det var dei som fekk mest brev av han – utanom mora og systera Sigrid.

katakombar og bombetokt
Valen sender brev frå forskjellige stadar. Sjølv om han og Olav H. Hauge har mykje til felles som brevskrivarar – er det den store forskjellen. Valen flyttar på seg. Hauge sit i Ulvik. Breva frå Valen er skrivne i Kristiania, Valevåg, Berlin, og ulike stadar i Italia og Spania. Men, med same blikket for detaljar og evna og vilja til å skildre som hjå Hauge. Dette gjer Valen-breva til langt meir enn kjeisame borgarlege oppramsingar av kva som har skjedd i det siste. Han observerte med innleving og kunnskap. Anten han såg ei katakombe i Roma, krigskvardagen i Valevåg eller studentjula i Berlin:

“(..) For et par dage siden gik jeg for sidste gang ud til katakombene.(…) Denne gang blev vi vist rundt av en gammel tysk trappistmunk som med melankolsk stilfærdig stemme forklarte alt. Den italienske munk fra forrige gang sa litt for mange vitser og det franske reisefølget lo litt for meget. Denne gang foregik alt meget høitideligere og det passet bedre til de minderike hellig steder. ” ( Roma 22 mai 1922)

“For et par dager siden blev to skip bombet ned i Bømmelfjorden mens jeg satt ved skrivebordet like efter middag, og mens jeg skriver dette hører jeg bombing paany. Det har vært nesten hver dag med i det siste, baade natt og dag hører vi fly. Det er som noe nærmer sig. Mon det er et tegn paa bedre tider for hele vaar ulykkelige verden. Den som bare kunde tro det. (Valevåg 12.12.44)”

” Andre juledag (…) blev jeg vidne til et helt helt kinematograf drama fra mit værelse. Først en hidsig debat mellom to tyskere som bor her. De var nettop ved middagsbordet og det var nok om en dame de stredes. De blev mere og mere høirøstet. Plutseligt hører jeg et skrig. Da havde den ene kastet en suppetallerkenen over den anden og denne havde grepet den første i struben og vilde kvele han. (Berlin 27.12.1913)

Slike skildringar overraskar folk som kjenner standardversjonen av Valen. Utsegnene stemmer ikkje med dei typiske fotografia – av ein tynn mann med nesten-hole auge. Eit sørgmodig blikk har sikkert fungert godt i mytebygginga kring Valen også. At han hadde malaria som son av ein misjonær på Madagaskar spelte også ei rolle. Han hadde svak helse heile livet av denne grunn. Sympatien også, meiner fleire. Andre trur han strevde – misforstått og åleine føre si eiga tid. Dette var eit tema oppe til diskusjon for eit par år sidan.

Då skreiv professor i musikksosiologi ved UIO, Dag Østerberg om nett dette. Han meinte Valen burde revurderast. Særleg faktumet at han var kunstnargeni og misforstått. Østerberg meiner dette er feil. Ifølgje han hadde Valen særleg ein funksjon i det høgborgarlege miljøet – som høgborgarleg asket. Han budde jo langt frå dei andre. Østerberg trur mottakinga Valen fekk i samfunnet var god, utifrå ein sosiologisk vinkling. Dei Valen hadde ikring seg og som han skreiv brev til var frå borgarskapet. Derfrå kom Valen sjølv også og fekk stønad og stipend frå både private og staten. Dette var ikkje minst takka vere kontaktar. Slik hadde han gode økonomiske arbeidsvilkår. Østerberg trur Valen opplevde si beste tid medan han levde.

— Det er ikkje sikkert han tenkte slik om seg sjølv, fortel Dag Østerberg til Dag og Tid. — Eg meiner Valen kanskje var det første dømet på den moderne profesjonelle komponisten i Noreg. Han var heldig og slapp å gjere anna ved sidan av komponeringa. Det var andre som hadde det mykje vanskelegare enn han. Han hadde i tillegg musikalsk suksess – og skreiv verk på høgd med dei største i samtida si. Eg nemner Alban Berg og Arnold Schønberg. Han var heilt åleine om det han gjorde her tillands. ‘Ave Maria’ for sopran og orkester er ein av mine Valen-favorittar.

Leopardi, roser og kaktus
Sveitsarvillaen til Valen står framleis trygt i Valevåg. Bygda ligg omtrent ein time nord for Haugesund med buss. I dag er villaen halvprivat museum ope på oppmoding og om sommaren. Heimen hans er eit godt døme på ein borgarleg heim – men langt utpå bondelandet. Kontrasten til dei enkle våningshusa ikring er merkbar. Biblioteket hans er lite, men grunn nok til å stikke innom heimen. Der står ei rekke titlar som fortel at han hadde tid til å studere det han likte. M.a. bøker av den italienske filosofmystikaren Leopardi – på italiensk. Mykje filosofi, litteratur på alskens språk. Og ikkje minst: fagbøker om roser, orkidear og kaktusar. Veggane i villaen er dekka med fine gamle tapetar og måleri. Fleire gamle ikon og større oljeportrett av Fartein Valen sjølv. Systera hans, Sigrid, bør også bli nemnd fleire gongar. Ho stilte opp for bror sin heile livet. Når framande kom for å vitje han tok ho seg av dei. Ho verna han i eit spesielt syskenforhold. Det ser ein i eit brev ho skriv 19.2.53: “savnet er så sårt. Når jeg kommer inn i stuen så skal jeg ikke mer se han sitte ved skrivebordet sitt med sine arbeider – omgitt av sine små kaktusplanter.” Dei hadde mange gode samtalar – det ser ein ikkje minst tydeleg i alle breva som dei sendte einannan. Breva formidlar framleis noko – femti år etter at han døydde. Dei krevjer korkje orkester, dirigent eller konsertsal for å bli lesne.

 

Fartein Valen (1887-1952)
Budde i Kristiania, Madagaskar, Berlin, Mallorca og Valevåg.
Komponist bak ei rekke orkesterverk og mykje kammermusikk. Mest kjend er orkesterverka ‘Ave Maria’ og ‘Kirkegården ved Havet’.
Blir kalla ein av dei første atonale komponistane i Noreg.
Er også kjend for rose- og kaktussamlinga si. Kryssa eigne roser og kaktusar. Æresmedlem av Norsk Hagelag og Norsk Astronomisk Selskap. Kunne mange verdsspråk.
Plateaktuell på plateselskapa Grappa og Rune Grammofon.

 

Trykt i Dag og Tid, desember 2002

 

Leave a comment