1_DHM

Presten Otto Clemens van Biljeveld ba målaren framstille seg sjølv som hyrde.  Årstal: 1646. Foto: DHM

Ei levande og vill framstilling av livet i prestegardane etter Luther. Og ein svært god grunn til å ta ei langhelg i Berlin.

Dei fleste som dreg til Berlin er innom Unter den Linden. Sentralt i denne paradegata ligg Tysklands fremste historiske museum: Deutsches Historisches Museum (DHM). Det har hatt ein stor betyding i ei årrekke. Det har blitt utnytta både som DDR-institusjon – og i det Tredje Riket. Alt dette er er ei anna historie – som også blir framstilt i dette museet. Årsaka til at eg er innom DHM er ei ny og svært omfattande utstilling som også dreier seg om norsk åndsliv. Leben nach Luther er tittelen. Eller Livet etter Luther på norsk.

Presteborna
Eg kan raskt fastslå at eg tok feil då eg oppsøkte denne utstillinga. Eg hengde meg opp i Luther i tittelen – og tenkte dette kom til å bli keisamt og introvert. Der tok eg feil. Dette er ei utstilling med trykk på livet i utstillingstittelen.   Plakaten viser to små born i presteklede. Og ja det er dette som er perspektivet: barnet. Det er noko leikande lett i denne utstillinga. Det er alle presteborna som gjev denne utstillinga liv. Myriadane av presteborn som har sprunge gjennom eit utal prestegardar sidan reformasjonen. Alle dei småtassane som har spionert på dei vaksne. Det er sjølve essensen i denne utstillinga. Og her kjem ein til det som gjer dette relevant for oss i Noreg: Livet etter Luther dreier seg om heile den nordlege Europa-sfæren. Utstillinga dreier seg særleg om tyske forhold – men med mange spor frå dette myldrande pastorale familielivet i Nord.

Terrorist og prestedotter
Ein får altså ei sterk medkjensle for presteborna – og prestekonene i denne utstillinga. Utstillinga får meisterleg fram at reformasjonen var like mykje ei iscenesetjing med prestefamiliane på scenen.   Familiar der alle – ofte heilt ufrivillig – fekk offentlege roller i lokalsamfunnet. Inntil nyleg var presteborn eit omgrep i Noreg. I Tyskland er det det framleis. Kanskje mest av alt fordi sjefen sjølv – Angela Merkel – er prestedotter. Og ho er stolt av det. Det er det ikkje alle som er – stolte av å vere presteborn. Og det får også denne utstillinga godt fram. Eg syns det er sterkt at den austerrikske regissøren Michael Hanecke sitt meisterverk – Hvite Bånd – har fått ein sentral plass i utstillinga: Ei svært dyster skildring av korleis presten – og pappaen – undertrykker sine næraste. Friedrich Nietszche er også med. Han var også presteson. Eit av dei mest kjende – og største – Nietzsche-måleria har fått heidersplassen på utstillinga. Han tok tydeleg avstand til det han hadde vakse opp i og med. Gudrun Esslin – kjend medlem av Rote Arme Fraktion – er også med. Blant anna ein original etterlysnings-plakat. Ho er altså ein av Tysklands mest kjende terroristar – og prestedotter.

Silhuettkunst
Prestedøtrene og -sønene blir markert, feira og kritisk analysert i denne utstillinga. Ikkje minst i ein rikhaldig og fint redigert katalog. Det fungerer utmerka. Det er ei rik oppleving å sjå alt kuratorteamet har klard å samle inn: alskens presteborn har skapt og lagd. Leiker og teiknebøkene. Spor etter dei som vaks opp i desse heimane etter reformasjonen. Mykje med humor. Også irritasjon og kritikk. Ein ser også sterke kjønnskiller. Gutane brukte blyant og papir – og lærer seg matte. Jentene gjer det langt meir raffinert og pynteleg: blant anna ved hjelp av silhuettklipp. Det er mange silhuettar utstilt i DHM – og alle toler dagens lys. Og når det gjeld presteborna tok dei som oftast over rollene til foreldra sine: prestedøtrene blei som oftast sjølv gift med prestar. Så lærde dei sine handverk vidare til døtrene sine. Det same gjaldt gutane også – berre på ein annan måte. Dei skulle jo bli synlege hyrdar – pastorar. Denne perpeturerte historia som føregjekk frå reformasjonen blir i Livet etter Luther feira etter alle kunstens reglar.

Boel-Hjortbergtavlan
Presten Gustaf
 Fredrik Hjortberg,  prestekona Anna Helena  og deira 12 born – i tillegg til lemurar og eksotika.  Foto: DHM

Walpurga
Og ein møter henne med ein gong – prestekona. For ho var der før presteborna. Av naturlege grunnar. Når ein kjem inn i utstillinga møter ein henne med ein gong – Walpurga Bugenhagen (1500-1569). Eller Walpurga om du vil. Ho er sentral gjennomgangsfigur i utstillinga. Berre på eit anna nivå. Museumsteamet har i høve utstillinga også lagd ein tråd borna kan følgje. Det er genialt tenkt. DHM har laga ei Pfarrermaus – prestemus. Ho heiter naturlegvis Walpurga. Med dette grepet blir utstillinga endå meir levande. Prestemusa Walpurga har gøymd seg ei rekke stadar i utstillinga – særleg ved objekt borna bør få vite om. Og sidan det er så mykje av barn her – er dette perfekt formidling.

Prestemusa Walpurga fortel borna av prestekonene også var viktige. Inntrykket ein sit at med er at dei verkeleg revolusjonerte samfunnslivet – heilt opp til Noreg og Norden. Ein får sjå prestekoner ein aldri har sett før. Og ein ser at dei også fekk enorm betyding og makt i lokalsamfunna dei blei sendt til – som prestekone. Ein får sjå korleis prestekonene organiserte kulturlivet lokalt frå prestegarden. Ein får sjå kva dei gjorde for born og unge i lokalsamfunnet. Og så ser ein tydeleg kva dei måtte gå gjennom for å spele eit prektig liv.  Det blir også lagt vekt på alt som ikkje fungerte: kuratorane ved DHM har teke kritisk opp korleis prestefamiliane ofte fekk roller som arrogante lokalfyrstane. Ikkje så ulikt dei katolske kyrkjefyrstane dei hadde gjort opprør mot. Ofte var kvinnene og borna med på å balansere makta. Dei stod rake og oppreiste ved sidan av mannen sin – pastoren.   Det er eit tilfelle eg særleg vil trekke fram som eit godt døme ved sidan av Walpurga. Det er prestekona Sibylle Elisabeth Calvör frå den vetle tyske byen Clausthal-Zellerfeld. Tidleg i utstillinga står det oppførd eit gedigent dobbelportrett frå 1667. Eit sjeldan portrett fordi ho er framstilt like stort og nobelt som mannen sin – Joachim Calvör. Ho ser ikkje særleg glad ut – men det er ei anna historie. Ho er utstyrt med salmebok nett som mannen sin. Og ein tulipan – symbolet på evig liv.

Hyrden Otto
Og så over til mennene. Prestane. Dei er i høgste grad med i denne utstillinga – og dei blir ikkje framstilt som perfekte. Dette gjer at utstillinga skaper ein balanse mellom dei dei ulike funksjonane. Mennene har vore utsendt for å handheve makt og doktrine. Og ein del av dei gjekk diverre over til å undertrykke – og gløymde hyrdefunksjonen. I slike tilfelle vart ofte behovet for å framstille seg prektig stort. Ein kan nesten flire når ein ser kva sjølvbilete prestane har hatt i enkelte av tilfella. Latteren stilnar når ein vedkjenner seg at det var ofte prestane sjølv som bestilte portrettet. Eit av dei særmerkte presteportretta er eit stort og flott maleri frå Gouda i Nederland. Datert 1646. Her har pastor Otto Clemens van Biljeveld bedt målaren framstille seg sjølv som hyrde. Ja kvifor ikkje? Det er jo det “pastor” opphavleg betyr!

Eg vil dvele litt til ved prestanes skuggesider. Verna av tittelen og ei oppofrande prestekone kunne dei ofte gjere kva dei ville.   Nokre laut forskrudde idear leve fritt etter etter stengetid. Nokre tok ideane inn på prestekontoret i opningstida også. Utstillinga har ei rekke groteske døme frå 2ndre verdskrigen – om korleis kyrkja tok parti med nazistane.   Det finns også fleire døme på prestar som i det private dyrka raseteoriar.   Samlinga til presten og skalleform/fysiognomiforskaren Johann Caspar Lavater vil eg særleg framheve. Eg vil også nemne David Samuel Roller – – som museumskuratorane kallar ein “skikkeleg presteoriginal”: han var kvakksalvar og forska på medisinar mot epilepsi. Ein av hans idear var å steike skjærer i omnen og så pulverisere dei.   Dette skjære-støvet skulle visst vere vedunderleg mot epilepsi og det vart big business: han eksporterte støv over heile Europa. Han var ein av dei siste som brukte tittelen pastoralmedisinar.

ensslin

Sett i samanheng forstår ein at mykje var lovleg om du var prest – og hadde prektig familie som avleiing. Kanskje ikkje så rart at tyske prestar gjekk inn i det Tredje Riket? Mykje var eigentleg lov. Og det er difor ikkje rart at mange prestebarn tok sterk avstand til kyrkja – i ord eller handling. Nietzsche og Gudrun Ensslin i Baader Meinhof. Igjen må eg seie at Hanecke sitt filmspor i loop set utstillinga i perspektiv. Den kommenterer på eit metaplan – og gjer utstillinga til ei unik markering av dette mangfaldige livet etter Luther.   Skuggesidene i dei stivpynta og iscenesette familiane kjem klårt fram – og det blir det liv av.   Det er særleg eit maleri som gjev underbygger dette inntrykket. Det er frå vår del av det Lutherske riket: eit familieportrett av presten Gustaf
Fredrik Hjortberg og prestekona Anna Helena. Ja og deira 12 born – i tillegg til lemurar og eksotika. (I tillegg til å vere prest var han orgelbyggar, agronom og lege!) Dette får meg igjen til å tenke på ein kjend norsk paralell frå same tidsrom. Ein annan samlar av eksotika – og presteson. Nemleg Henrik Wergeland. Han blir ikkje nemnd i denne utstillinga. Det gjer derimot den generelle norske luthersk historia. To av praktstykka Deutsches Historisches Museum har lånt inn er to gedigne Adolph Tidemand-måleri. I fargekraft fortel desse ein del: “Gudstjeneste i en norsk landskirke” (1845) og “Haugianarane” (1848) heng på kvar sin stad i utstillinga. Desse – og tilsvarande bilete frå Finland og Sverige fortel om utstrekninga dette livet hadde: Livet etter Luther. Dette er ei utstilling ein absolutt burde fått til Noreg. Iallfall ein svært god grunn til ta ei langhelg til Berlin. I mellomtida kan du sjå Hanecke’s Hvite Bånd og førebu deg.

 

 

 

 

 

 

 

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: