Slik var Bergen Kunsthall for lenge siden. Anno 1938.

FRIDOM OG LUFT

Opninga av festspillutstillinga har tidlegare år vore årets mest masande mingling. I år blei opninga noko heilt anna.  Den nybygde kunsthallen gjev rom til både det sakrale og til hard festing.

Printed in Bergens Tidende, may 2013

Det er ein høgtideleg energi i Kunsthallen denne torsdagen. Kvart år er det det same.   I går var energien meir høgtideleg enn normalt.  Dette var den store testen for den nybygde kunsthallen.  Bergensarane har jo allereie opna bygget.  No skulle det offisielle Noreg på besøk.

Det var som me blei sortert litt.  No fekk kunsten vere i fred. Det same fekk den minglande og drikkande folkemengda.  Alle fekk vere i fred etter at dei seremonielle talane var over.  Det finaste av alt var at eg opplevde at hallane i kunsthallen vart nærast sakrale.  Sakrale rom fylt med dynamitt.  Det var også godt å sjå at den lukka døra inn til Landmark ikkje var så synleg som før.  Tidlegare var den seremonielle opningsmiddagen på Landmark ofte eit irritasjons-moment.  Mest av alt fordi inntaket av væske var for stort og toaletta var berre tilgjengelege der dronninga var.  No kunne kunstnarens og hans mesenat vere i fred frå oss andre.  Me andre trengde ikkje å gråte: NASA-kranane på den nye toaletta er lekre som den finaste kongelege krystall.

På denne måten har Kunsthallen skapt ein arena både for festing og ettertanke.  Kunsten får vere fri til å puste fritt.   Ein slepp den intense forvirrande og dominerande minglinga som tidlegare år har vore ein utfordring.  Kunstverka får stor fridom og masse luft.

Løpefaktoren

På denne måten får krafta i Gardar Einar Eliasson sine store rom verke vidare.  Det er lettare å sjå koplingane til livet utanføre. Det er lettare å leve med kunstverka.  Den vetle jenta som nyss har lærd å springe får plass til å springe – på sjølvaste opninga av festspillutstillinga. Ho veit kva ho skal: ho løper straks til det store rosa lerretet.  Ho hoiar. Så fèr ho på kryss og tvers mellom dei bronsestøypte printarane på golvet: Monument over ei forgangen digital tid.

Printarane minner meg også på noko anna: At eg burde kome meg ut til Åsane.  Til travparken. Der står også kontormaskinane i fokus.  Der er det kombinert kontormesse og travløp i desse dagar. Utruleg kva som skjer i Stor-Bergen i mai.  Kremt.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: