Archive

Uncategorized

bilde-100

Carolyn Ahmers krasse kritikk av “Stupet – Leif Grungs krig” bekrefter ein ting: Leif Grungs krig held fram den dag idag – over 70 år seinare.

Arkitekturhistorikar Ahmer meiner eg bryt med etiske retningslinjer på ei rekke felt i samband med “Stupet – Leif Grungs krig”: http://www.bt.no/meninger/debatt/Nicholas-Mollerhaugs-krig-3565746.html

Ho går særleg langt i å påstå at eg behandlar bergensarkitektane Anders Nortvedt, Ole Landmark og Fredrik Konow-Lund på ein respektlaus måte. Eg meiner eg har nok kjelder til å skrive at desse tre var Grung sentrale fiendar. Ole Landmark var den sentrale ryktespreiaren. Informantar eg har snakka med bekrefter det same. Fiendskapet mellom Konow Lund og Grung kan umogleg kome som ei bombe på Ahmer. Ho beskriv dette i ein doktorgrad eg har sitert i “Stupet”. Og Nortvedt står fram i landsvikmappa som angivaren. Politimannen som behandlar saka er hans nære ven – og største oppdragsgjevar – Holger Grundtvig. Politimannen får ei skjebnesvanger rolle i dei siste vekene før Grung kastar seg utfor stupet. Eg kan ikkje fatte korleis Carolyn Ahmer meiner dette er normal omgang mellom kollegaer. Eg kan heller ikkje forstå korleis ho kan oversjå at Nortvedt tek over Grungs aller viktigaste byggeoppdrag berre veker etter hans død. Nortvedt tek over som skipsreiar Rekstens hoffarkitekt etter Grung.

I tillegg vel Ahmer å ikkje informere BT-lesarane om hennar eigen posisjon ift Nortvedt, Landmark og Konow-Lund. I doktograden eg har nemnd ovanføre er det særleg desse tre arkitektane – den såkalla Bergenskolen – ho skriv om. Ho har ingen nøytral tilnærming til dette emnet .

Når dette er nemnd vil eg vere takksame om Ahmer fortel kor ho har informasjonen om Grungs medlemskap i NAF frå: det nazifiserte arkitektforbundet. Eg vil legge til at eit evt NAFmedlemskap ikkje ville ha hindra reinvasking av Grung.   Etter det eg kan sjå nemner ikkje landsvikpolitiet eit slikt medlemskap – og mappa er staden for ein slik mistanke.

Ahmer påstår eg ignorerar – altså bryt – betingingar NAL har satt for innsyn i deira krigsarkiv. Der tek Ahmer feil. Eg er ikkje medlem av NAL – og dermed ikkje underlagt NALs betingingar.   Eg har heller ikkje skrive under nokon avtale med NAL ift dette materialet. Eg lurer på korleis Ahmer kan ha interesse av at ikkje alt i Grungs tilfelle kjem fram. Kvifor meiner ho at materialet frå krigsoppgjeret bør haldast skjult – 71 år etter frigjeringa?

Då eg kom over det hemmelege krigsoppgjeret i Anders Nortvedts privatarkiv ved Bergen Byarkiv vart eg aldri i tvil: Skulle eg skildre Leif Grungs krig var det vesentleg å samanlikne med andre norske arkitekt-kollaboratørar.     Samanlikningsgrunnlaget – som berre låg i arkivet – ville gje meg anledning til å nyansere Grungs historie.

Og ei slik nyansering er vesentleg i eit slikt prosjekt: Leif Grungs namn har i ein mannsalder vore synonymt med harde beskuldingar om landssvik. Dette var beskuldingar som ikkje berre gjorde Grung sjølv til offer. Også hans næraste familie blei hardt ramma.

Det var difor eg måtte vise kva andre norske kollaboratør-arkitektar gjorde i krigsåra.

For sakene dreier seg om fleire av våre mest kjende etterkrigsarkitektar.   Mange av desse blei seinare feira. Arne Korsmo i Oslo er det mest ypparlege dømet. Grung derimot blei aldri feira eller studert. Først dei siste tjuefem åra har dette endra seg litt.   Eg har sjølv kjend sterkt på endringa frå då eg byrja å granske Grung i 2002. I starten fekk blei eg både advart og trua i samband med granskinga.

Og eg skjønte straks kvifor då eg opna dei hemmelege mappene. Eg såg at han hadde fått ei relativt mild straff samanlikna med ei lang rekke andre arkitektar.

Samanlikningsgrunnlaget var altså den viktigaste årsaka til eg eksponerte dei hemmelege mappene i “Stupet”. Ved å samanlikne krigssakene med Grungs sak såg eg også at han blitt reinvaska om det viste seg at han var dobbeltagent: såkalla arkitekt-spion. Og det sannsynleggjer eg i “Stupet – Leif Grungs krig”.

Kontraktforslaget frå NAL – og Ahmers sterke reaksjon bekrefter at Leif Grungs krig held fram – også i vår tid. Det er urovekkande at ho påstår at Historien om arkitektene i Bergen under krigen handler ikke om helter og skurker, eller om fiendskap, misunnelse og hevn slik Møllerhaug insinuerer i sin bok (…) , men om praktiserende arkitekter som tok ulike valg, om det kollegiale og ukollegiale og om enkeltskjebner og deres familier.”

 

 

 

 

 

 

 

 

 

sto_by_sto_03_bw

Photo from  Stockhausen’s “Stimmung” in Håkonshallen. Photo: Hans Hagen Stockhausen (!)

Here are my latest commentaries,  Printed in Bergens Tidende (Norway’s third largest newspaper) may/ june 2015.

Sakn og Flukt (Obra) Den første lyden (Nattjazz)

Perfekt stad for cello (Ernst Simon Glaser)

Kake og kart (Rimini-Protokoll)

Kyllingconcerto og Zen for sauer  (Corpus/Bajazz)

Eg er svært nøgd sa Stockhausen (Theatre of voices)

Til pipa blir pakka ut att (Mats Gustafsson / Erwan Keravec)

Spettmeis på Lysøen (Hems Ålien)

20 redda av sjokkert sjåfør (Kamchàtka)

Musikkhistorie på Bergen Kjøtt (Lachenmann)