respa1

RESPATEX – EI PLASTISK REISE

Av Nicholas H. Møllerhaug, tekst & foto
Vinnesvågen, Austevoll

Dag og Tid 2002

Respatex er eit erkenorsk element frå sekstitalet. Ein skipsrevolusjon like mykje som mirakel i dei norske heimane. Respatex er ikkje berre snakk om stil og fornuft – det er også snakk om lyd.

respa9

Som eit lite kubistisk måleri i plastikk – slik var
litt av Noreg på sekstitalet. Bordflatene med dei fine mønstra. Respatexparadiset. Husmødrene song om lettvinte bordflater som var lette å reingjere.

Den forsterkande visuelle effekten under eit glas med sitronbrus på ei ferje frå Valevåg til Mosterhamn. Glaset rister seg forsiktig til dunkinga frå båtmotoren. Kuøye-effekten av det fulle glaset får mønsteret i bordflata til å bli eit kikkertblikk inn i ei anna verd. Mønsteret under glaset blir stort og sirkulært. Då kan ein synast at ein kom ganske langt innan industridesign i Noreg på sekstitalet. Talet på søvndrukne trailersjåførar, pendlande menn og kvinner som har sett sanninga i dei mønstra bordplatene – er ikkje lite. Dei sit kanskje no og tenker over kva respatexen har betydd i deira liv. Eit aspekt av at ein legg ned ferjer er at ein misser dette møtepunktet -respatexsalongen.

 

respa

Det var essensen i opplevinga til den verdskjende italienske komponisten Stefano Scodanibbio nyleg. På ei reise til Noreg hamna han ombord i ei eldre vestlandsferje. Han vart – som så mange andre – overraska det gamle originale respatexinteriøret. Han – som mange andre – bøygde seg ned for å sjå nærare på mønsteret i bordplata. Ein italienar med tusen års kunsthistorie som nasjonalhistorie misser munn og mæle i møtet med det norske sekstitalet. Innovative bordplatemønster gjev eit spesielt liv til det litle universet eitkvart bord er. Det er jo bordflata ein ser ned i når ein gjer det viktigaste i livet – å ete. Difor er også mønsteret der nede viktig. Det dei færraste gjer i ein ferjesalong er derimot å ta fram kontrabassen sin. Det gjorde italienske musikaren. Det er noko kontrabassistar ofte gjer når dei er ute og reiser med instrumenta sine. På ny måpa han med augo sine. Ei ny oppdaging. Ikkje berre var utforminga ombord suveren: Lyden var fullkomen – den perfeksjonistiske italienaren og kontrabassen hans storsmilte i ein full ferjesalong. Tonane klang klårt og tydeleg. Komponisten var difor ikkje i tvil etterpå: respatexpanelet i rommet gjorde staden til eit akustisk tempel. Den harde plasten i møbler, tak og veggar forsterka alle lydar. Å lage lyd i ei ferje vart ei ny oppleving av både ferje og lyd.

respa7


Dette er eit anna aspekt av respatexkunnskapen kanskje mange har tenkt over – men, få har snakka om. For nordmenn flest er ikkje respatex noko ein koplar til lyd. For mange er det heller noko som er knytt til einsame stunder i stilla – på ein eller annan roleg eller uroleg vestlandsfjord. Eller eit lite kjøken med plass til eit bord og to stolar og ein liten kjøkenbenk. Respatex var i ein lang periode synonymt med det norske måltidet. Det føregjekk per definisjon i stilla. Det har Bent Hamer suverent fått fram i sin siste filmen, ‘Salmer fra Kjøkkenet’. Eit måltid i stilla over eit respatexbord er eit norsk topos. Det same konstanterte også det italienske musikkreisefølgjet i møtet med respatexen. Ein ting var at akustikken var super – ein annan ting var at respatex som omgrep var heilt ukjend. Det vedkjenner ikkje minst ein viktig indikator – søkemaskina Google på nettet. Det dukkar opp til saman NN treff på ordet ‘respatex’. Av dei finn ein heile NN under norske domener. Respatex er nemleg eit norsk karakterstykke – ikkje berre som moderne retro-element på brune riksantikvariske stadar. Det er eit viktig innslag i verda kor respatex var heilt naudsynt: på den norske skipsflåten. Det var på norske båtar ein var desperat etter nytt materiale – og kor respatex vart eit mirakel. Materialet var både lett i vekt, billeg og ikkje minst lett å reingjere. For mannfolk på ei skute var inkje betre enn det sistnemnde.

 

respa6

Både det med reinleik og det med estetikk er blitt ein naturleg del av respatexgleda. No om dagen har dessutan mange byrja å filosofere over kva respatexen minnar dei om. Aleksandra som er sjef på den populære spisestaden Retro i Bergen fortel om nett dette. Kafèen hennar er også utsalsstad av møblar. Ho meiner mange unge i dag kjøper brukt respatex fordi det minnar dei om barndomen. Ein minnast det som skjedde i respatex-rom. Mange har hatt ei bestemor som hadde eit enkelt respatexbord på kjøkenet. Eller ein hadde det heime. Så blei det umoderne å ha respatex og IKEA tok over. Då respatex’en kom var det derimot modernisme og særleg for dei som dreiv med skip.

 

respa8

Difor er det på høg tid å sjå ein annan retning for å registrere respatexfryden i Noreg. Til no har ein sett mot hovudstadsbaserte brune kafear. Teddy’s Softbar er den mest kjende og fortener det. Desse stadane er sentrale kulturberarar for plastinteriøret. Men, ei syster av Teddy’s ligg på Vestlandet og skrik etter merksemd. Ved ein kai i Vinnesvågen på Austevoll i Hordaland ligg motorferga Skånevik. Det er kanskje det største intakte respatexinteriøret i Noreg. Ei nydeleg velbevart skattekiste av respatexkultur: ei mellomstor ferje frå 1967. To unike respatexsalongar oppe og nede. Kjøken, lugarar med alskens detaljar. Ferga blei nyleg den første ferga i verda som er verneverdig. Riksantikvaren avgjorde det for nokre veker sidan. Den unike ferga er blitt ein del av den nasjonale kulturarven. Eit døme på ein unik epoke innan både industridesign og transporthistorie. Og – det største og mest velbevarte respatexinteriøret i Noreg er i trygge hender. Til no er det HSD – Hordaland og Sunnhordlandske dampskipsselskap som har vore eigar av skuta. Ei av dei komande vekene blir ferga teken over av Hordaland Fylkeskommune og Veteranbåtlaget. Dei skal stå for vedlikehaldet.

 

respa2

HSDferjer av denne eldre typen er ikkje lenger effektive nok for stortrafikken i vestlandsfarvatnet. Forsterkingar trengs. Difor blir dei gamle ferjene våre solgd til land kor ein treng brukte ferjer – Afrika er eit kontinent med fleire HSDferjer. Og om respatexen blir verna på dei afrikanske vestlandsferjene er ikkje sikkert.

Fjordar og andre sjøstrekk kan i hardt ver fort lage mykje griseri – særleg i byssa. Før i tida var det mykje å vaske i hard sjø. Då ein kunne veggar og tak bli farga av middagsmenyen. Og vanleg treverk kan vere vanskeleg å vaske. Med respatexen vart bysselivet eit nytt liv: sidan plasten er porelaus er det vanskeleg setje skit fast på plastflatene. Det gjer vaskinga uendeleg enkel. Difor ei velsigning for dei som arbeidde på båt. Dette er ei av hovudårsakane til at ein har respatex også i taket. Truleg er det ikkje på grunn av akustikken – sjølv om lyden blir betre. Det å sitje i ei respatexferje er kanskje som å sitje i eit hus av legoklosser: eit rom av hardplast. Det er her den italienske komponisten sine tankar kjem til si rett. Det spesielle respatexinteriøret er eit unikt akustisk rom og ikkje berre kult og retro. Difor er ligg dei ei oppmoding om ikkje berre ta vare på ferjene – men like mykje at ein også set seg ned og lyttar til romma. Ein katedral frå mellomalderen har sine klangar. Det har også ei respatexferje. Desse klangane kan ein berre høyre på nokre vestlandsferjer no. Viss ein set seg ned og lyttar kan det fort hende at ein legg merke til særleg ein spesiell klang. Sjølve hit’en i den norske ferjeverda – klangen av halvfulle, fulle eller tomme klirrande koppar med ei skei oppi på asjettar. Koppar som rislar i takt med wickmann-motoren djupt ned i skroget. Alle som har teke ei slik ferje veit kva lyd dette er snakk om. Og den kjem ikkje berre av samspelet mellom dei klirrande koppane og motorduren. Mykje av lyden får masse ekstrahjelp frå respatexen i rommet. Ein klår forsterking utan ekko er konklusjonen av analysen – men, ei slik analyse grenser kanskje til galskap.

 

respa10

Nedi salongen. Borna som leika på det asymmetriske mønsteret på bordet kvar gong dei skulle over til bessen og besta på Stolmen. Dei leika at rutene var ein stad langt nedi havdjupet. Mønsteret var eigentleg alle dei spesielle dyra som levde djupt i havet. Foreldra som sat ved sidan av med kvar si lefse og kopp kaffi snakka om nye møbler. Dei brydde seg ikkje så mykje over at det draup av kaffikoppane ned på bordflata. Det var ein like naturleg del av turen som at bornefantasien gledde seg over mønsteret. Ei lita skjelvande strime kaffi rann nedover bordflata (pga ristinga frå motoren) mot staden der ungane leika hav. Alt var då som det alltid hadde vore. Koppar klirra meir og meir ettersom koppane i heile salongen blei tømde for dropar. Når den vetle familien også hadde reist seg og Datsunen dei sat i rusa på bildekket (og ein såg Stolmen fergeleie) kom dama i kiosken bort til bordet deira. Ho tørka dropane bort med eit lett svisj – og tenkte garantert ikkje på respatexen som letta arbeidet men heller på å ferdig på jobb.


 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: