ragnar

(printed in http://www.folkemusikk.no/folkemusikk-4-2011.4966377-146641.html

Lengst inne i Sognefjorden. Lengst inne mot Jotunheimen og Jostedalsbreen der ligg ei liti fjellbygd som heiter Vigdal (oppovertone på Vigdal her). Det var der eg vart fødde. Og der hadde eg mine barneår i lag med far og mor på den vesle garden som låg mellom fosseduren frå Vigdøla og tonan frå vinden som leika seg kring Rønolden. Eg kan so godt hugsa småfuglane som song så jublande om våren og rypene som kom ned i tunet vårt i skumringen om vinterkvelden og åt kveldsmaten sin i Bjørkeriset. Vigdal. Ja.. For meg er det ikkje berre eit namn. Det er eit draumerike. Og det er så underleg med folk som bur på slike plassar. Dei har ein eigen evne til å ta vare på alt som er gamalt.

Første spor, Ragnar Vigdal: “Tonereise til en gamal samtid” Kirkelig Kulturverksted 1997.

Færre og færre unge snakkar med gamle. Ein spring ikkje lenger ned dørene til eit eldre ektepar i nabohuset. Eller slår av ein tilfeldig prat med ei som steller i plantene i bygarden like ved elva. Dei unge held seg for seg sjølve og det same gjer jommen dei eldre også. NOVA (Norsk Institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring) melder at einsemd blant eldre er i ferd med å bli eit stort problem -­‐ og vil bli ei av framtidas største utfordringar. Om ein vil motverke denne trenden -­‐ noko eg kan anbefale -­‐ kan ein få litt hjelp. For dei unge kan ta initiativet. Og dei unge kan bli inspirerte. For det finns ei råd. Det finns faktisk ei plate som kan endre på alt dette.

Ragnar Vigdal (1913-­‐1991) sin klassikar “Tonereise til en gamal samtid” blei spelt inn i 1979 og kom ut på Kirkelig Kulturverksted i 1997. Den einaste plata jostedalskvedaren Ragnar Vigdal gav ut. Mannen med den mjuke stemma og dei intrikate skeive særeigne og emosjonelle kvarttonesynginga. Ei plate med unikt nærvær. Ei plate fylt med varme og patos. Ei plate fylt med kjærleik. Er ein kritisk grenser det nesten til det patetiske. For det er patosfylde klisjefyllande grep som romklang, fuglekvitter, fossedur som akkompagnerar taleopptaka med Vigdal. Hadde det ikkje vore for at den kunstnariske dimensjonen er så sterk hadde det vore patetisk og totalklisje. Det er få som syng som Vigdal. Men det er mange eldre som snakkar som han. Eg skal kome tilbake til dette.

I ei historisk tid som den me opplever i Noreg no -­‐ eit lite nasjonalsamfunn prega av tragedie oppkobla mot politikk -­‐ er det mogleg at det er dette senior-­‐nærveret som trengs. Kor er dei eldre blitt av når me treng dei? Kor er dei gamle som kan fortelje og gje oss unge perspektiv? Gamlingane som delte perspektivet og erfaringane sine med dei unge sist ein opplevde stor nasjonal uro, utryggleik -­‐ som under 2 verdskrigen. I dag sit born framføre skjermar. Dei eldre men stadig unge sit i sosiale nettverk. Dei eldste sit framføre svære flatskjermar -­‐ ofte i felleskap -­‐ trilla inn på opphaldsromma på aldersheimane eller omsorgssentra. Rundt klokka 5 kvar dag blir dei trilla inn i kø. Og trilla ut att i god tid før leggetid etter nyheitene klokka 19.

Seniorpolitikk og kampen mot den djupe generasjonskløfta kan skje på ulike måtar. Eg trur at denne Vigdalplata er det som trengs i langt større grad enn prat om gode fortsetter. Når ein skrur på denne plata opnar ein opp for den utrulege energien i ei gamal stemme. Ei levd stemme. Stemma til ein som ikkje poserar -­‐ men snakkar og syng.

Denne plata er komponert som ein blanding av prateplate og songplate. Det musikalske materialet er folketonar frå Jostedalsområdet som Vigdal var berar av. Desse er i seg sjølve definerte som meisterlege. Men om ein tok bort desse songane ville plata framleis fungert utmerka som plate. Då som ein indremedisinsk plate. Vekselvis introduserer Vigdal songane med korte personlege minner frå gamle dagar. Stemma hans og erfaringane han fortel frå gjev kraft .

Ein kan diskutere ein slik rigid form. Ein kan også diskutere produksjonen. Mange av effektane som blir brukt i desse taleopptaka bikkar nesten over til det banale. Særleg gjeld det bruk av romklang og kjenslevar fuglekvitter og fossedur i bakgrunnen.

Eit døme er sporet med tittelen “Lekfolket og prestane”. Det startar attacco med eit kakk i eit rom med stor romklang. Lakkskor av gamle sorten mot eit steingolv. Langsame steg innover i eit rom. Stor romklang. Etter nokre steg miksast det inn eit kyrkjeorgel -­‐ i synk med stega. Organisten speler eit forspel over folketonen “Jesus gjør meg stille stille”. Personen held fram med å gå langsamt inn i rommet. Det er nærast som lyden av ei pietistisk sufidans. Tunge steg. Lakk mot stein. Ornamenta i orgelet flaksar oppover kontrastert av dei tunge svarte steg. Så kjem den lyse stemma til Vigdal inn:

Han far og ho mor. Dei høyrde til dei gamle pietistiske lekfolka. Det var slik dei var kalla dei som tok det så alvorleg med kristendomen som dei gjorde. Dei brukte dei gamle songane i oppbyggelse og trøst for seg sjølve. Og han far reiste og ikring i bygdene og song i forsamlingane. Det er ein kjende sak at det var ein strid mellom lekfolket og prestane i lang tid . Eg hugsar han far sa om enkelte prestar at dei hadde trua si sitjande tolv tommar for høgt. Det var ikkje nok å tru med forstanden.

Sånn er denne plata. Eit talespor opne opp for ein song. Vigdal introduserer sine eigne songar. I sporet “Samlingane” høyrer ein først ei stillegåande veggklokke. Ein føler tett lyd av ein gamal heim. Gamal lukt kanskje. Dette er også lydar som er i ferd med å bli borte -­‐ nett som praten med gamlingane. Det er den varme lyden frå ein gamal heim me høyrer. Ein heim der det ikkje er flust med andre lydkjelder. Det er stillheit på plate. Og Vigdal som fortel

Leave a comment