gamaltkort_risøy

BRUFUNKIS I HAUGESUND

Risøybroa i Haugesund frå 1939 er eit godt døme på god betongkunst. Den første betongbrua i Noreg med langt spenn. Konstruksjonen er prega av originalitet, ingeniørmeisterskap og funksjonalistisk fryd.

Av Nicholas H. Møllerhaug  – Printed in Dag og Tid 2003

Som eit måleri i luft med betong som pensel. Ho er 25.5 m høg og 410 m lang. Ho kan romme eit stort skip viss det er naudsynt. Slik ligg ei av dei lekraste funkisbruene i Noreg spent over Smedasundet i Haugesund – Risøybroa. Brua frå 1939 er ikkje berre eit lokalt landemerke. Ho var den første store betongbrua i Noreg. Eit stykke avansert ingeniørkunst som i dag står på den nasjonale verneplanen for bruer.

 

Syng under brua
Vinden syng eller pesar under den store betongbogen over Smedasundet. Ofte er det sterk vind i Haugesund. Fleire gongar til dagen kjem hurtigbåten frå Bergen til Stavanger og omvendt innom. Den fossar under brua på veg vidare og brua står i fred til neste båt kjem. Det er lenge sidan dei fantastiske femtiåra då Haugesund var sildabyen. Då Smedasundet – som er hovudgata i Haugesund – var av metall og tre. Foto frå den tida viser at fiskeskøytene fylde heile sundet og ein kunne gå tørrskodd over. Då låg brua som ei betongglorie over treskøytene. I dag ligg brua der einsam. Berre måker ser ut til å setje pris på den der dei sit og vippar på den rue betongoverflata.

Risøybroa er grov i overflata. Ho er dessutan prega av heilt atypisk tenking og er difor langt meir unik enn ein anar. På vanlege bruer startar brua med ein rett og stigande vegbane. I Haugesund har ingeniøren plassert ein futuristisk sving i starten – og så nok ein sving – og så er det rett fram og over brua på veg opp til det høgste punktet. Dei to svingane i starten gjer at ein får horisonten og himmelen rett i fleisen. I staden for å køyre rett fram over brua – så ser ein først ut i tomme lufta. Så MÅ ein svinge til høgre for ikkje å krasje i brukanten. Så ser ein på ny ut i tomme lufta og deretter må ein svinge på ny. Murkantane er tjukke og høge opp til livet. Dei er eit godt døme på kva eit vernande rekkverk har å seie. Noko anna enn moderne alumiumsrekkverk som korkje gjev ly frå vind, regn, sol eller utforkøyring.

Betongrevolusjon
Risøybroa fortel om ei viktig tid for brubyggjarar og andre byggherrar i Noreg. Betongen var ein revolusjon. Særleg innan brubyggekunstnen. Denne utviklinga frå stein til betong starta djupt inne i Alpane – i fjellandet Sveits. Der blei bruene brukt over djupe dalar – ikkje alltid over rennande eller stilleståande vatn som heime i Noreg. Sveits blei tidleg eit pionerland for brubygging. All tida ein hadde brukt på å hogge stein var fortid. Det er særleg ein ingeniør som står fram som sjølve pioneren – ingeniøren Robert Maillart. Han tok utfordringa med å modernisere brukunsten – og gjorde brubygging til noko meir effektivt enn langsam steinhogst.

— Ja, Maillart er ein frontfigur innan brubygging og mange ingeniørar tok etter han, fortel professor og arkitekt Arne Eggen ved Arkitekthøgskolen i Oslo. — Han skapte arkitektoniske pilegrimsmål i dei sveitsiske Alpane. Han var utradisjonell og fekk merke det. Ikkje ei einaste bru fekk han bygge på større stadar. Bruene hans ligg bortgøymd til. Dette er typisk for brubyggjarhistoria. Først på 1980 og -90-talet vart ein oppteken av at estetikk speler ei viktig rolle i brubygging.

Teiknar sjølv
Eggen teiknar sjølv bruer. M.a. fekk arkitektkontoret hans andreprisen i den internasjonale arkitektkonkurranse om den nye Svinesundbrua. Fleire andre bruanlegg rundt om i landet er også Eggen sitt verk. Mest kjend er Kjærrabrua over Numedalslågen. Ved sidan av arkitektkontoret sitt underviser han i byggteknikk ved brubygging. Han ser med beundring på arbeidet som blei gjort på 1930-talet – ei tid som er prega av betong. Betongkonstruksjonar frå den tida er framleis levedyktige medan bygg reist på 60- og 70-talet i dag må rivast. Risøybroa er ei av desse 30-talskonstruksjonane i betong som framleis er gode som nye. Ein av grunnane var at byggmeistrarane hadde betre tid. Større arbeidslag. På det meste var det 96 mann som arbeidde på Risøybroa. Idag er problemet at det ofte er for kort avstand mellom armeringsjernet og overflata. Då får ein lett sprekker og riss i overflata. Slikt finn ein ikkje på betongkonstruksjonar frå funkistida – konstruksjonar som Risøybroa. Eggen fortel dette har mykje med tid å gjere. Ingeniørar og arbeidarar den gongen tok seg rikeleg med tid. Hastverk var synd. Risøybroa brukte ein heile 364 dagar på å reise.

Knitrande band
Ein som har traska mange gonger over Risøybroa er Arne Hestad. Han var i mange år radiomontør ved Haugesunds mekaniske verkstad. I1957 byrja han der. HMV ligg på Risøya og ei av grunnane til at Risøybroa blei bygd. Denne hjørnesteinsbedrifta hadde stor vekst etter at Risøybroa blei bygd. Hestad er oppteken av lokalhistorie og har samla ein del historisk material om Risøybroa. Det sjeldnaste i samlinga er eit unikt opptak av leiaren for byggekomiteen bak Risøybroa, skipsreiaren Knut Knutsen OAS. Det er frå 15 mai 1939 og opninga av brua. På telefonen frå Haugesund speler Hestad av det knitrande bandet. Heile forhistoria ligg i talen til skipsreiar Knutsen. Han kjem inn på grunnane til at Haugesund trengde bru. Byen hadde stor vekst på den tida og særleg to viktige næringsvegar innan sjøfart som gav store inntekter. Skipsfart og fiskerinæring. Ei vaksande flåte av fiskerifarty og fraktskip trengde ei betre hamn. Den inste delen av hamnebassenget i Haugesund – Smedasundet – var for lite. Byen består av fastland og to øyer: Risøy og Bakarøy. I 1934 blei det avgjort at den nye Garpeskjørskaien på Risøy – ein kai som skulle ta seg av digre passasjerbåtar – skulle bli bygd. Det var eit motkrav ein hadde til vedtaket – at det blei bygd bru. Til då hadde ein ørliten skyssbåt – ‘Flytten’ – pendla dei hundre metrane til og frå Risøya. Båten var kalla opp etter skyssmannen som heitte Ola Flytt.

Sjølv om ein hadde bestemt seg for bru var det ikkje å gå i gong med bygginga. Ein lang politisk prosess kor heile byfolket blei involvert – var i gong. Folk sendte inn sine eigne forslag til bru – og mengdene var enorme. Det tok fire år før bystyret i Haugesund i 1937 avgjorde – gjennom 49 mot 7 stemmer – at alt var klårt for kor og korleis bru skulle byggast. Ein byggkomité blei skipa – og leia av skipsreiar Knut Knutsen. Det var ingeniør Fougner som stod som ansvarleg. Han fann i samarbeid med ingeniør dr. ing. Andreas Aas Jakobsen i Oslo den glitrande måten å laga svingar i byrjinga av brustrekket. Då kunne brua starte midt i sentrum i staden for å starte langt unna bykjernen. Brua var i tilegg eit vakkert reisverk . Visuelt blei det storarta og haugesundarar gledde seg. Seinare vart brua framheva som blant det beste innan norsk betongbyggekunst nokon gong. Haugesundarane sjølve var ikkje lite stolte. Difor fekk brua ein plass i folkemedvitet – på andre måtar enn som berre rein infrastruktur. M.a. vart det laga fleire revysongar om brua. Desse vart slagarar blant unge og gamle.

Pittoresk landemerke
Det finns fleire døme på den kulturelle verdien med Risøybroa. Fleire rockeband har brukt ho som omslag og ikon – sist var det ‘Initz’ på Safe as Milk. Ein annan rolle har ho hatt som eit pittoresk landemerke. Særleg har den kjende norske teiknaren nyleg vedkjend dette. Haugesundaren Steffen Kverneland gav i fjor ut boka ‘Slyngel’ på No Comprendo Press. Der er det ei viktig Risøy-bru-rute. Den går inn i ein annan del av brukulturen. Den handlar om kor god desse bruene var til å kasta snøball på bilar ifrå. I tillegg til teikneseriestripene har han også måla ekspresjonistiske ungdomsmåleri av denne brua. Dette er teikn på at brua har ei viss rolle i det lokale identiteten. På nasjonalt plan har ikkje Risøybroa fått den plassen den fortener. Det er på tide at denne blir tatt opp i den nasjonale varmen att.

Ser ein på desse kulturelle faktorane er ei bru langt meir menneskeleg enn noko anna byggverk. Ein ser bygget korleis ragar opp. Ein kan gå oppå det. Ein kan gjere andre ting på brua enn å gå: ein tenker på ting medan ein går over. Ein får utsyn. Ei bru er også ein alvorleg stad, det er det ingen tvil om. Særleg viss ein ser på talet på sjølvmord under bruer over heile verda. Det er ein annan diskusjon og ikkje brua sin feil – sjølv om nokre folk påstår det. Det viktigaste med ei slik bru – som Arne Eggen seier – er at ein ser tydeleg at før i tida hadde ingeniørane tid. Slikt blir det god byggekunst av – også mange år seinare.

Faktaboks:
Risøybroa
Opna 14. mai 1939 – over Smedasundet i Haugesund
Lengd: 410 m
Høgd: 25,25 m
Byggetid: 364 dagar

Arbeidslag på 60 mann
Totale byggekostnadar: 750 000,-
Byggherre: Haugesund Kommune
Prosjekt: Ingeniør Andreas Aas Jakobsen
Entrepenørar: AS Stoltz Røthing & Co og
Høyer-Ellefsen

Trykt i Dag og Tid

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: