RØYK OG OPTIKK

Ei eineståande optisk reise til syttitalet.

På fredag var eg på ein svært spesiell nypremiere på Lydgalleriet. Ein film som berre skal visast fram fire gonger totalt. Dei neste gongene blir på tysdag, onsdag og torsdag i veka som kjem. Light Music (1975)av britiske Lis Rhodes (f. 1944) er eit meisterverk innan lyd- og filmkunst. Heilt på nivå med Dürer og Rembrandt som no blir vist fram på ny i Stenersensamlingen.

Det er snakk om nesten førti år gamle filmrullar. Og to knirkete filmframvisarar. Ja slike heimane var fylde av før i tida: til familiens amatørfilmar og Silly Symphonies i bursdagsselskapa.  Dette er filmrullar som raskt kan rivne eller bli til salat. På kvar si side av det langstrakte smale røykfylde rommet står framvisarane kvar for seg og knirkar. Eit mektig lydbilete strøymer ut or høgtalarane.

 

Dei to framvisarane er fullkome koordinerte opp mot einannan. Dei speler langstrakte strekar gjennom røyken i raffinerte formasjonar.   Lyden er stor og kontrapunktisk. Og me har ikkje noko val: vanlegvis hadde me blitt bua ut viss me gjorde nett det me gjorde her. Men her er det meininga at me skal gå framføre filmframvisarane. Me skal gå i vegen for framvisarane.   Heile meininga er at skuggane våre straks blir ein del av kunstverket. Me kan sjå lange strimer med eigen skugge skjære gjennom den tette røyken. Fleire byrjar å danse mekanisk når ein oppdagar verknaden.

 

Ein kjenner på kroppen at dette er ei eineståande analog oppleving. Røyk og old school filmrullar er ein super match. Like god som kombinasjonen Lydgalleriet, Ekko og Borealisfestivalen. Dette er eit av fleire uavhengige møtepunkt som finn stad i skuggen av dei svære bergensfestivalane i mai og juni.  Lis Rhodes kunne utmerka godt vore ein headliner både hjå Festspillene og Nattjazz. Dette er nyskapande musikk på toppnivå kombinert med strålande visuell kraft.

 

Du får berre tre sjeldne sjansar til å dra på denne optiske turen. Dette er kunst som sjeldan blir vist fram. Sist Light Music vart vist fram var i Tate Modern tidleg i vinter.  Det kan gå lang tid før ein får sjansen igjen. Ikkje tenk tanken på å sjå dette på nett (sjølv om det finns heilt greie glimt på youtube). Dette er så analogt og interaktivt som det går an. Førti år før tida. Kremt.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: