Omslag till boken Kjartan Slettemark Konsten att falla
Frå Naustdal til Gullfjellet

Printed in ENO 2012

Gullfjellet – det høgaste fjellet i bergensregionen (987 m.o.h.). Ikkje ein topp som stikk borti skyene med skarp tungespiss og står på skrytelista til alpinistane. Dette fjellet likner meir på ein oval og enorm deig eller ein grandios, mett tutmage. Som tuter opp mot skyene. Eit fantastisk viddeområde både sumartid og vinterstid. Eit fjell ope for tolking. Eit fjell med både feminine og maskuline trekk.

Ein kan gå opp på Gullfjellet både via ekstreme brattheng og opp gjennom familievenlege slake bakkar. Ein kan kome opp på toppen på eit par timar eller ein halv dag. Eller endå lenger. Og frå toppen kan ein nyte det høgaste punktet i regionen. Nyte ei formidabel utsikt i alle retningar. Sjå langt ut i Nordsjøen og inn i noregsdjupet.

På sitt seinaste album har elektronikaartisten Bjørn Torske klart å uttrykke alt dette med låta «Gullfjellet». Torske har også klart å male fram Gullfjellet frå makroperspektivet. Opplevinga av fjellet når ein går sakte inn for landing mot Bergen International Airport Flesland. I det fjerne kan ein på solrike sjeldne dagar – særleg om kvelden – ane kvifor fjellet heiter det det heiter. Då ligg det der som ein stor, tung mage av gull. Det er nett som kong Krøsus ligg og søv blant andre toppar.

Alt dette har Torske gjennom ei kjenslevar elektronisk-­‐rytmisk tilnærming mana og malt fram. Det er eit lågmælt uttrykk. Ovale vidopne lydar med glissandokarakter svever over ein beat med bass og lys gitarklimpring. Repetert med ørsmå mikroskopiske variasjonar. Etter nokre minutt kjem ei herleg melodilinje flygande inn frå sidelina.


Bjørn Torske

Ja, dette er nesten banalt. Eg står i fare for å tryne. Men det er jo det som er den spontane og store gleda med kunsten og musikken. Ein anar intuitivt at ja – eg er på Gullfjellet no sjølv om eg høyrer låta i bilen frå New York til Miami. Buicken blir fylt med lyng. Og på denne måten tek Torske sjølv plass i ein stor lang norsk tradisjon: den naturinspirerte kunsten. Kunst inspirert av fjell. Nett som ein av norsk etterkrigskunst sine mest legendariske kunstnarar. Ein kunstnar som måtte flykte frå fjella for å kunne skildre dei på sin eigen frie måte. La meg vise ved å gi eit lite glimt frå seksti-­‐ eller syttitalet: Heilt øvst i ei lita bygd i Sogn. Langt frå folk. Litt oppi lia inn mot sætrane på fjellet. Det er sumartid. Ein skikkelse kledd i kvit, heildekkande kjortel med store fargeklattar på. Han virvlar gjennom landskapet som ein eksotisk fugl. Gjennom kratt og lyng. Han syng ei strofe om att og om att – høgt og tydeleg. Samstundes virvlar han innover fjellet. Inn mot sætrane. Hendene held han ut til sidene. Ropa hans møter ropa hans møter ropa hans møter ropa hans.

Dette er eit tidleg minne bygdefolk i den vetle bygda Naustdal har av den legendariske norske multikunstnaren Kjartan Slettemark (1932‒2008). Han kom frå denne langstrakte dalen med ei storslått lakseelv, like sør for Førde. I mange tiår var han svært sjeldan på heimbøane. Han budde i Stockholm og hadde på mange måtar flykta frå det norske. Frå provinsialismen. Frå det lokale og nasjonale bygdedyret. I Stockholm følte han seg heil og kunne jobbe friare. Og over tid bygde han opp eit univers som alltid var fundert på ekkoet frå Naustdal. Ekkoet av lydane i fjellsidene. Elvenoisen. Og ikkje minst ekkoet av lokkande budeier på fjella ikring han. Ekkoet og repetisjonen av hans eigne rop og lokking vart eit svært viktig element i hans kunstverd: Han vendte stadig tilbake til grunnfjellet der heime.

Ekkoet av lokken han bar på – kulokken («kom kyrne, kom kyrne») ‒ kan ein definere som ein norsk urgroove. Som så mange av norske kulturutrykk ligg det også her eit element av natur tett på det musikalske eller kunstnariske. Anten det er eit fjell, ein naturstemning eller eit dyr. Naturen inspirerar. Folkemusikken har ein haug med slike døme sidan den har musikalske inspirasjonar som stammar direkte frå naturen. Eit lite døme er frå den siste plata til dei suverene, unge spelejentene Anne Hytta, Synnøve S. Bjørseth og Åse Teigland: «Grålysningspringar» og «Floketjønn». Det same kan ein seie om norsk mørk rock – der naturen gjennomsyrer både mytologi og tekstinnhald. Enslaved har låtar som «Clouds» og «Vertebrae» (ryggrad) og Immortal er kjende for hittar som «Antarctica».


Kjartan Slettemark
Slettemark samlar alle desse tradisjonane i sitt rike kunstnariske opus. Han hadde frå barnsbein av sterke minne og opplevingar frå fjella ikring heimgarden. Han hadde minne om valdsame naturformer. Visuelle konturar og naturrom. Han hadde også minne frå landskap prega av ekstrem støy. Han hadde evna til å framkalle menneska som skapte lyden i landskapet. Han framkalla dei ukjende, gløymde kvinnene som pynta landskapet med personlegdom, myter og stemme. Budeiene som lokka og skapte ekko over dalsøkka. Desse budeiene strevde i barndomsfjella ikring Naustdal om sumrane. Dei inspirerte Slettemark til sjølv å kle landskapet med kjortlar, rørsler og song. Sjølv om dette var eit landskap som sosialt hadde frose han ut, var han raus tilbake. Det var Slettemark si store forse.

Slettemark sitt grep var å omfamne dei som plaga han, nesten som ein gandhi. Han omfamna alt med stor sjenerøsitet og folk fekk ikkje stå upåverka når han var i rommet. Han trudde på den velsignande, fredsskapande og tilbakevendande krafta til kunstnarane. Nett som ekkoet av eit repeterande lokkerop frå ei støl eller sæter. Dette kom sterkt til uttrykk i mange av dei mest spektakulære prosjekta hans.

Eit av hans spektakulære men mindre kjende happenings fann stad på Landmark i Bergen, mai 2007. Då transformerte Slettemark konsert-­‐ og visningsstaden om til nærast eit sakralt urliturgisk sjamankammer. . Med seg hadde han tidlegare trommis i Mayhem Kjetil Manheim og støymusikaren Lasse Marhaug. . Slettemark ville frå første stund at Budeiene skulle vere sentrale i prosjektet. Han mana fram ekkoet av den distinkte budeiegrooven frå Naustdal. Marhaug kasta ei hoiande lokking mellom høgtalarane. Eit ekko frå fortida blei slengd mot framtida. Den rituelle tromminga til Manheim prega seansen frå start til slutt. Slettemark sjølv tok på eit tidspunkt på seg Marilyn Monroe-­‐kostymet sitt – med parykk, fargerik kaftan og KjARTan-­‐maske. Publikum fekk også kvar si Kjartan-­‐maske. Det var ei plastavstøyping av andletet til Slettemark. Sjølv hadde han utstyrt seg med fersk rabarbra som hadde blitt sanka inn same dag i eit kratt i Loddefjord. Rabarbraen blei til ei rituell velsignande vifte. Rabarbraen var sjølve kjernen i Slettemark sitt kunstsyn. Han hadde ei urokkeleg tru på at kunst kunne vere lindrande og velsignande og bringe med seg god energi. Good groove. «Ta imot Kunstens velsigning», var Slettemark si melding til publikum denne kvelden, medan han vifta med rabarbraen. Han kunne like godt ha sagt: «Ta imot groovens velsigning» eller «ekkoets velsigning».

Her rører Slettemark borti noko fundamentalt. Ved å tru på at kunsten skal gi styrke og verke lindrande forventer han også at mottakaren blir gripen av det han høyrer. At

mottakaren blir gripen av ein rytme, eit motiv, ein melodi eller ein tekst. Nett som mange blir gripne av naturen. Naturen groover, og groove kan ein omsetje ved å røre andre. Denne kvelden på Landmark i Bergen samla Slettemark alt han har gjort, til ei høgare eining: Naturen er til stades gjennom dei store rabarbrablada. Desse blada verkar som reiskap for å gjenta velsigningar når Slettemark legg rabarbraen over hovuda til publikum. Alt dette medan budeielokken framkallar kyrne der heime på høgtalarane.

Dette kan vere eit tankekors når ein samlast til fest, på klubb eller på festival for å groove. Grooven ligg allereie i landskapet. Gå på Gullfjellet og kjenn på grooven. Eller sett på Torske si plate og lytt til det same fjellet. Grooven er også der ‒ langt utanfor klubbane og konsertsalane. Rett utanfor stoveglaset vårt. Rett utanfor hyttedoen. Rett utanfor naustet.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: