Strålande ting ute og inne for dei aller minste i går!

Søndag hadde småfolk i Bergen to parallelle fine tilbod på Festspillene og Nattjazzen.  Tilboda hadde mykje meir til felles enn dag og by:  båe dreia seg båe om husdyra me menneske har nærast på oss.

På nattjazzen fekk me vere med på danningsreisa til ein kylling.   I møte med ein haug med andre husdyr på ein gard blei ho klår over sine eigne ynskjer og visjonar.   Alt komponert inn i ein jazzsuite for born.  I Nygårdsparken derimot var det samspelet langt meir monotont og drøvtyggande.   Der fekk dei minste og mange mange vaksne betrakte sauenes indre spel.  Eit fint canadisk stykke om interaksjonen mellom gjetar, sauer og ulven.  Sistnemnde kom skrikande inn frå Vil Vite-kanten av parken på slutten av framsyninga.

Dei canadiske sauene (aka friteatergruppa Corpus v/ David Danzon, Sylvie Bouchard, Joanne Leblanc, Isorine Marc) har allereie blitt fint skildra her i bladet.  Dei gav noko så sjeldan som eit lite stykke gardbruks-zen.  Eit stillteiande stykke om stilla, brekinga og gjeremåla som pregar kvardagen til ein sau.  Eg må innrømme eg var veldig skeptisk til dette – og  brukte lang tid på å sjå humoren i dette. Men eg vart riven med av den store folkemengda i parken.  Eg har vakse opp med enorme mengder sauer – og har difor eit veldig nostalgisk forhold til sauehald.  Men nostalgien min måtte etterkvart gje tapt for tablået på kollen ytst i Nygårdsparken.

Og samstundes på USF var  salen fylt med triolyd for born.   Nei kvartettlyd er eit betre omgrep.  Dei tre musikarane på scenen (Karoline Wallace, Petter Abjørnsen og Håvard Funderud) hadde med seg ein liten kylling som korist.    Dei tok også fram ei rekke andre dyr i løpet av framsyninga (ekorn, kyr, okse, gris etc).  Den skrikande kyllingen kjende eg forresten att frå hyllene for hundeleiker på Midttun Zoo.  Skrikande var kyllingen den sentrale aktøren i denne vetle jazzsuiten for dei minste: Kyllingen som ikke kunne synge.

Og for dei minste var dette ein suksess.  Musikarane kommuniserte glitrande med dei minste i salen.  Musikalsk var materialet deira også utmerka: gode melodiar utforma av  frekk walking bass og leikande elektroniske melodilinjer.  Fin og variert vokal i dialog med ein leiken og svært så mobil trombone.    Om eg skal setje fingeren på noko må det vere sjølve teksten.  Sjølve forma var som mange klassisk eventyr: ei forteljing om eit dyr møter andre dyr som hjelper det eine dyret mot  målet.  Men – og her kjem den sure peikefingeren: det er vel ikkje naudsynt å bruke bæsj, promp og æsj som verbalt fyll?  Ei økonomisering av skiten hadde gjort seg syns eg.   Men det var kanskje berre eg med mitt sure vaksenhovud som tenkte.  Borna hadde det i allefall dritgøy.

Leave a comment