hockneytreee

SEND EIT TRE

Printed in Bergens Tidende, September 2012

Dei fleste vandaliseringar gjennom historia har funne stad ved at alle såg ein annan veg, skriv Nicholas H. Møllerhaug om det 200 år gamle kastanjetreet som blei felt ved Johanneskirken fredag.

Trea ved Johanneskirken fekk ikkje stå. Det var ikkje plass til den provisoriske Møhlenpris skole mellom trea. Eldgamletre. Blant anna stod ein to hundre år gammal kastanje i vegen. Eit monument.

Førre laurdag gjekk ein rasande og emosjonell Erling Gjelsvik ut i BA og sa det mange tenkte. Det enklaste hadde vore å lytte til Gjelsvik i staden for å stemple argumenta hans som fundamentalisme, slik byråd Fillip Rygg (KrF) gjorde. Møhlenpris-saka er truleg så omfattande og fylt til randa med unnlatingssynder at trea berre utgjer ein brøkdel av problemet. Det er likevel sjokkerande å innsjå at byplanleggjarane og politikarane ikkje hadde sikra tidleg i prosessen at trea skulle få stå.

Dei flestevandaliseringar gjennom historia har funne stad ved at alle såg ein annan veg. No opplevde vi det mange frykta, at kommunens menn og kvinner hogg trea ned via avleiande kommunal (glad) nyheit i ein annan sektor.

Gapet etter trea er alt skrikande. Strukturen i parken er no tapt for alltid. Eldgamle tre er ikkje berre tre. Dei er monumentale avteikningar av tid.

Kanskje er dette årsaka til at desse trea engasjerer oss: dei vekkjer kjensler og minner, slik Gjelsvik formulerte det. Tre er konstruktive. Dei står og veks. Dei er bustad og boltreplass for tallause fuglar. Dei er frø- og nøttekanoner. Og mest av alt: tre pirrar fantasien.

Det opplevdeeg og mange andre i sommar, nett i denne parken. Noko eg vil kalle den mest unike festivalen i Bergen dei siste år, fann brått stad her i juni. Utgangspunktet var å markere at det blir kasta for mykje mat i vår del av verda. På kort tid, via sosiale nettsider, blei det organisert ein festival: Grillar blei sett opp. Superkokkar var samla. Andre gjekk rundt og samla mat som var gått ut på dato i bergenske butikkar. Band stilte opp gratis og born fekk aktivitetstilbod dei sjeldsynt ser i byen. Gratis.

Masse folk kom. Stemninga var utruleg og kontinental – slik ein ofte opplever som eit godt ferieminne frå byar som Berlin. Årsaka var at folk rørde seg og blei rørte. Borna fekk klatre i dei minste trea medan kastanjen gav ly då det regna litt. Akustikken under trekronene var perfekt for musikk.

Trea ved Johanneskirkenfår meg til å tenkje på ei bok som kom ut på engelsk i fjor. Høvet var ei ny spektakulær utstilling av den verdskjende britiske kunstnaren David Hockney ved Royal Academy of Art if London.

Hockney var i mange år basert i det hyperurbane Los Angeles og malte hovudsakleg moderne scener. På sine eldre dagar har han søkt heim til det rurale England. Der han kom frå. Resultatet har vore ei tolmodig og tidkrevjande utforsking av trea som fascinerte han i barndomen.

Slike historiskestore tre har verda fått sjå gjennom typiske fargesterke Hockney-måleri frå East Yorkshire i England i ganske store format. Men det var likevel noko med formatet som ikkje tilfredsstille Hockney. Han innsåg at han trong endå større lerret – verdas største – for å framkalle den uendelege rikdomen i eit stort gammalt tre.

Resultatet blei til eit enormt måleri han brukte eit år på å male i ein stor lagerhall på bondelandet. Nett no er det utstilt bl.a. i Guggenheim Bilbao. “Bigger Trees Near Water”, heiter biletet og er heile 12 meter x 4,5 meter stort. Det består av 50 lerret slått saman til eitt.

Aldri har ein sett ei så massiv moderne hylling av tre. Samla i det enorme lerretet til Hockney er kjenslene også Gjelsvik fekk fram. Publikum føler seg små framfor Hockney’s gigantmåleri. Nett som når ein står under kastanjen ved Johanneskirken.

Boka som komsamstundes med utstillinga handla om treets magiske verknad på menneske. Og kor små me er i forhold til alt livet i eit tre. Men ikkje berre det. Boka handlar også om at absolutt alle kan male eit tre. Det er noko dei fleste born malar frå dei er små. Samstundes med at Hockney utvikla ein ganske avansert datateknikk for å male treet sitt – fann han også fram til noko som svært mange går rundt med i lomma: smarttelefonen. Hockney byrja å male på Iphonen sin.

På dette vesle lerretet malte han daglege skisser ved hjelp av ein enkel male-app. Etter kvart fekk Hockney’s vener plutselege tekstmeldingar til alle døgerets tider med små skisser på. Små måleri rett i lomma. Av tre, natur, landskap, stilleben etc. Sms-ar fylt med fargar.

Her er mittforsøk for å opna augo på rådhuset: Gjer som Hockney. Mal ditt eige tre og send det til Bergen kommune. Vonleg vil Filip Rygg og byrådet med dette forstå kva det går i. Kva dei har gjort.

Nicholas H. Møllerhaug

kurator og skribent

Leave a comment