Å vere frivillig er meir enn å smøre blingsar for band. Å vere frivillig gjev deg sjansen til å høyre lyden før alle andre.
Festivaltid er frivilligheitstid. Og i Bergen no om dagen myldrar det av frivillige med nattjazz- og fib-T-skjorter. Samla står dei for uendeleg mange timar gratisarbeid. Samla står dei for eit utal kreative løysingar på praktiske dilemma. Og er det ein stad ein verkeleg ser dette her i byen så er det på Nordnes. Den årlege horden med frivillige kring Nattjazz-general Skjerdal er eit sikkert vårteikn. Og for mange av dei 320 (det er årets frivillig-tal!) er det å vere Nattjazzfrivillig mykje meir enn Nattjazz: det er ein livsstil som pregar dei året rundt. Det er dei som er hardcore.
Kjelder i Nattjazzen fortel at det er ca. femti som karakteriserast som hardcore . Dei møtest året rundt på jazzkonsertar på USF og bruker året til å førebu seg mentalt til mai. Eg har sjølv ein hardcore nattjazzar i min venekrins. Eg vel å kalle han Osvald men han veit sikkert kven han er. Han har til vanleg ein viktig jobb ved ein kontorpult i kommunen – men det er nattjazzar han eigentleg er.
No må eg skyte inn at frivilligheit dei siste åra blitt ein del av det politiske livet: frivilligheit blir nemnd i offisielle takketalar og ordførar-opningar. Og det syns eg er trist. Eg meiner dette kan utvatne og instrumentalisere eit vesentleg aspekt ved det å vere frivillig. Det er x-faktoren eg sjølv har kjend på over mange år som festivaltryne (særleg som festivalsjef i Borealis). Og denne faktoren gjer den frivillige erfaringa til noko lysår unna dei politiske reknskapa: å vere frivillig gjev deg sjansen til å høyre lyden for første gong. Som frivillig kan du vere den første som får høyre lyden – eller sjå kunsten. Det same fenomenet finn også stad i andre festivalar – som til dømes Periferi-festivalen, Ekko eller Festspillene.
Alle festivalar har sin lyd og dei fleste festivalar har frivillige som vil ta del i denne lyden. Det er løna dei får for strevet – ved sidan av vener, nettverk, arbeidserfaring, bongar og festivalpass.
Teorien bekreftar også dei eg møtte på Nattjazz i går. Ein roleg måndag på USF med berre ein konsert på plakaten. Ei av dei som bekreftar min lydteori er Tina Engedal – frivillig artistansvarleg for BIT20 og Ugress. Og i same stund er samtidsensemblet BIT20 samla til lydsjekk på scenen. Gisle Martens Meyer og dirigent Baldur Brønnimann også. Saman skal dei prøve på kveldens bestillingsverk. Medan me står i Røkeriet er me vitne til dette: at den første lyden frå BIT20 kjem strøymande ut i rommet. Frå trombonane, celloane, harpa, fiolinane, xylofonane, synthane, computaren og alle høgtalarane. Og denne gongen er det Engedal som er den heldige. Ho er først med å få med seg lyden.