FARGEGENERALEN

Printed in Bergens Tidende, May 2013

Tomrommet etter Morten Ramm Salbu: arkitekten,  formidlaren og forkjemparen.

Det har hengd eit arkitektonisk sørgeflor over Bergen dei siste vekene. Dette har eg møtt i konsertsalar og byrom: mange snakkar om tomrommet etter Morten Ramm Salbu. Han gjekk bort 23 mai iår.  Berre 53 år gamal.

Han minna meg alltid om og på det musikalske i arkitekturen.  Ja heilt i tråd med Goethe. Den tyske diktaren sa at arkitektur er frossen musikk.  Strukturane i musikken finn ein att i arkitekturen: reisverka, kontrapunkta, repetisjonane, formene – og klangfargane.  Dei fleste arkitektar går i årevis på skule for å lære dette.  Enkelte kan dette heilt til fingerspissane –  og utøver sitt fag suverent reint teknisk.  Andre arkitektane går langt utover dette og skaper ekstraordinære bygg. Og så er det som elskar å vere arkitekt med stor A – og fortelje om arkitektur.  Slik var det med Morten.

Eg vil samanlikne han med ein felespelar som mellom slåttane fortel om livet kring musikken – og om det å  vere spelemann.  Slik var Morten: ein som ville fortelje om livet  i og ikring arkitekturen – i tillegg til å teikne hus.  For hans del gjekk det ofte over i rein kamp for arkitekturen.

Han dressa seg opp dagleg som ein fargegeneral.  Det kunne difor gå lang tid mellom kvart hus han sjølv fekk teikna. Det gjorde ingenting for me alle vil vere inspirerte lenge av hans evner som formidlar – ein sjeldan formidlar.  Det står stoisk respekt av det å fortelje og framheve andre. Eg vil særleg nemne det at Morten som formann i Bergen Arkitekforening (BAF) lagde utstilling om bergensarkitekten Leif Grung  (1894 – 1945)  hausten 2011.  Han stilte spørsmål om det var rett av BAF å eksludere Grung etter krigen. Han stilte spørsmål om BAF ikkje burde erkjenne sin del av skulda for at Grung tok sitt eige liv.  Han knuste tabuen kring Grung – og spurde om beskuldingane om landssvik kunne vere grunnlause.

Protestane innad i Arkitektforeningen var sterke –  særleg frå ei lita hissig klynge eldre arkitektar.  Morten fann seg ikkje i dette. Han køyrde på.  Det gjorde han slik han alltid gjorde: med ein personleg, ny og fruktbar retorikk – som inspirerte langt utover bygrensene.

Fred over Mortens minne og formidling.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: