Frå Grungvandringa i Fridalen 23 oktober

Grungvandring: Haugesund 30.okt 2016

nytt_banner_hgsd

Tid: 15:00
Stad: Edda Kino
Kr 150

Leif Grung såg for seg Haugesund som eit city – ein by med internasjonale signalbygg: flottenfeier kino og eit varehus som skulle få ein til å måpe.

Stjernearkitekten Leif Grung (1894-1945) frå Bergen fekk eit nært forhold til Haugesund på trettitalet. For Grung vart Haugesund nærast eit modernistisk laboratorium. Her såg han for seg for aller første gong korleis ein norsk kystby kunne transformeras: til eit city. Han gjekk så langt at han meinte byen kunne få same preg som Manhattan.

Konkret dreia planane seg om ei rekke signalbygg – frå hypermoderne kino til eit flott varemagasin. Båe desse bygga kom langt i planlegginga. Krigen og arkitekt Grungs dramatiske bortgong i 1945 sette ein stoggar for dette.

I arbeidet med boka “Stupet – Leif Grungs krig” *) har Nicholas Møllerhaug nøsta opp ei rekke Grungflokar som stammar frå Haugesund. Eit av oppdraga i Haugesund kom til å få særleg betyding for Grungs tragiske skjebne.

Foredraget er ei fargerik og visuell reise til eit Haugesund det aldri blei noko av. Seansen avsluttast med Grungvandring til Villa Kyvik i Asalvikveien – det best bevarte Grunghuset i Haugesund: Ei nasjonal funkisperle.

Arrangementet er et samarbeid mellom forfatter Nicholas Møllerhaug og Edda kino.

Påmelding pr
https://www.facebook.com/events/1303448286356771/
epost: nicholas.mollerhaug@gmail.com
tlf: 91783985

*)
“SÆRDELES VELLYKKET” (Terningkast 6) – Fredrik Wandrup – Dagbladet
“EN BRAGD AV EN BOK” (Terningkast 6) – Anders Neraal – Magasinet BOK
“EN SKATTEKISTE” – Knut Hoem – NRK Bok
“EN BERGENSIANSK BOMBE” – Frode Bjerkestrand – Bergens Tidende

 

grungvandring_fb_fridalen.jpg

Grungvandring:Tveiterås Haveby

grungvandring_tveitera%cc%8as

Grungvandring: Sentrum
grungvandring_sentrum2.jpg

%d bloggers like this: