Eg er glad eg tok med kikkerten til Lysøen laurdag.

Eg var på Lysøen laurdag.   Målet var urframføringa av Olav Anton Thommessen sin Bull’shit.  Sidan det var båt involvert tok eg med meg kikkert. Idet me passerte Nordnespynten stilte eg meg på dekk.  Blåsten var sterk i kasta men det gjekk greitt.  Målet var å sjå skarv men eg såg ikkje eit nebb.   Eg enda difor opp med å spotte kaksehus i staden.  Utover mot Lysøen raste Grung-, Valen- og Saunders-villaer forbi oss i snøggbåten.

Og slik var konserten forlengst i gong då me omsider kom til Lysøen og laukkuppelen der.   (Arkitektur er jo “frossen musikk”  sa Goethe.)  Og båtturen med kikkert vart høgdepunktet på denne turen.  Konserten inne i villaen var diverre overlessa av virtuositet og teknikk – og minimalt med dynamikk.  Kor var dei svake partia?  Det er dynamikken som gjer meisterverka til perler ein ikkje gløymer.  Særleg slo dette meg i Schubert sin omfattande Fantasie i C-dur.   Den vart som ein ornamentert fortefortissimo-foss.  Skal ein yte Schubert rettferd bør ein male det musikalske materialet fram med dynamiske kontrastar.  Når det gjaldt Thommessen var Bull’shit hengd saman med Et Sæterbesøk av Ole Bull.  Dermed vart det nye verket uoversiktleg.  Særleg når det vart fortefortissimo som jalla ut i stova.

Eg sat på ein av dei bakarste stolane og var utsliten etter konserten.  Hadde pianisten (Gunnar Flagstad) og solisten (Miriam Hems Ålien) spelt meir pianissimo hadde konserten vore glitrande.  Teknikk var det aldri noko å utsetje på.

Eg var letta då eg kunne ta fram kikkerten att etter konserten.   Eg trur det var ei fin lita spettmeis eg såg i furua like ved Laukkuppelen til Bull.

 

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: