gymsal

GYMSAL GONGA MED X

Eg har vore på ein god del rikskonsertkonsertar sjølv. Som elev har eg vore det. Som lærarvikar har eg vore det og som kulturarbeidar.   Eg kjenner også mange som turnerar rundt for RK.   Og minnene om desse konsertane har kome attende til meg dei siste dagane. Årsak: programbasen på internett.

Og eg vil med ein gong slå fast: inntrykket eg hadde frå hine håre dagar har halde seg. Og eg må legge til – eg var heldig og fekk vakse opp på med store mengder klassisk musikk i heimen. Og dermed er også minna frå gymsalane i barndomen gode. Og eg syns det er noko fint og nostalgisk med dei uendelege mange gymsalne som er fylde med born. Landet rundt. Takka vere RK og alle dei som legg til rette for dette.

Og så er det nostalgisk å sjå videoopptaka frå siste rad: sjå dei utallige bleike gymsalane fylde med elevar som klapper og hoier.   Eg anar at det er nokre av dei som ikkje klarar å vere skikkeleg still. Dei som byrjer å bråke straks det obligatoriske videoklippet er over. Sånn er det alltid.   Det er iallfell slik eg minnest det.

Så er det fint å sjå alle dei meisterlege proffe musikarane på opptaka. Alle dei som speler glitrande for tilhøyrarane i alle aldrar. Det er rørande å vite at mange av dei får høyre tonar dei aldri får høyrd heime. Og iallefall ikkje live. Det treng forresten ikkje vere klassisk. Det er dei færraste som høyrer Sara Øvinge spele Bjarne Brustad heime. Eller som groover til Shining når dei har bursdagsfest. Og for også ha sagt det også: eg er superimponert over breidden RK tilbyr norske born idag. Dette er det lite å utsetje på. Tvertimot. Dei som programmerar i Rikskonsertane kan dette svært godt. Dei treng iallefall ikkje meg til å korrigere..

Så det skal eg la vere. Eg vil heller skru videoane i programbasen tilbake til start. Ja akkurat der i sekunda før konserten er i gong. Opptaket av “stilla” før læraren seier at “no må de vere stille” eller “Velkomen til konsert”.I konsertsamanheng er dette uendeleg viktige minutt. Eg meiner at desse sekund før konserten er i gong er alfa omega for musikkopplevinga. Det er i desse sekunda tilhøyraren eventuelt får falle til ro før musikken startar. Og her trur eg at lærarens formaning om ro eller “velkomen” er nok til å øydelegge denne effekten. X-faktoren. X-effekten. Ein kan gjerne kalle dette den sakrale effekten.

Ein gymsal kan også vere eit sakralt rom. Om ein berre finstiller salen litt. For å ikkje ende heilt i tantrisk new age land krystall kling kling kan eg overføre metaforen litt:

Eg har alltid opplevd musikk som noko sosialt. Og dreg ein litt i den sosiale faktoren – så kan ein seie at det å vere gå på konsert er som å gå på besøk . Og er det noko særleg born liker så er det nett det: å gå på besøk. For mange born er nett det høgdepunkta i barndomen: å vere på besøk hjå vener eller å ha besøk av ei yndlingstante. Og det same kan ein seie det blir når til dømes Katharina Chen og Frode Haltli kjem på besøk til skulen din . Det er eigentleg ganske gjevt. Ikkje berre fordi ein får fri frå undervisninga. (Noko også lærarar nyt med fulle drag – sjølv om dei må sitje i salen og liksom vere tilstades (men med mobilen trygt plassert skjult i handa : det er berre å undersøke facebook-kontoane til norske lærarar på skulekonsert: oppdateringar ja du veit). Men med å ha fri så er effekten berre der og då. Det er kjekt å ha fri – men det kunne like godt ha vore vanleg fri. Og det er greitt nok – men ikkje heilt bra.

 

INN I EIT HEILT ANNA ROM

Det blir noko heilt anna når ein tek elevane – borna dei unge – inn i eit heilt anna rom. Til ein annan stad: til ei anna verd. Og eg meiner altså ikkje bokstaveleg talt. Eg har sjølv gjort ei lang rekke prosjekt for born og unge i Festspillene i Bergen og i samtidsmusikkfestivalen Bo          realis og Music Factory. Og eg skal trekke fram eit lite knippe prosjekt frå den tida.  Det eine heitte “Orgelstillas” (2008). Det andre heitte “Bergen elektroniske travpark”. (2009)   Det tredje kalla me “Griegmaskina” (2011-2013).   Og det fjerde var “Trollofonen” (2001-06).

 

Alle desse prosjekta gjekk på å skape eit nytt rom av rom ein allereie kjende til frå før av.   Rom ein hadde spesifikke forventingar til. I alle tilfella dreidde prosjektet seg like mykje om å endre litt på rommet – før ein fylde det med kunst.   Prosjekta dreide seg like mykje om å skape omgjevnadar som var overskridande – som det å forme lyd.

 

BERGEN ELEKTRONISKE TRAVPARK

I Bergen Elektroniske Travpark (eit prosjekt eg kuraterte i Borealis)- inviterte me born frå naboskulen til Bergen Travpark. Først var dei i stallane og sanka lydar. Sampla hsestar. Målet var å lage eit verk som kunne framførast live til eit ekte travløp. Eit knippe elektronikamusikarar haldt i taumane; men kjernen i prosjektet var materialet borna utvikla i stallane og i musikkrommet seinare. Og det fine var nettopp dette: dei færraste av borna hadde nokongong vore inne hjå naboen: i travparken. Dei hadde klare forestillingar om kva det var der inne – og det lukta hest. Iløpet av nokre minutt blei forestillingane snudd på hodet. Forventingane var snudd på hodet også. Tilnærmina til hest var heilt ny. Resultatet var at travløpet – altså urframføringa – vart ei hending dei aldri gløymde. Ikkje vaksne heller. Og som eit tradisjonelt kveldstrav om vinteren var banen opplyst. Både dei unge og dei vaksne opphavsmennene stod framføre store glas og nokre av dei framførde verket i dialog med hestane i ring.

 

Eg trur suksesseffekten kom av at ein opna opp ein arena som ein trudde var døll – og gjorde den om til noko heilt nytt.

 

TROLLOFON

Det same kan ein seie hendte i trolleybussen – dette eineståande bergensfenomenet. Eit irritasjonsmoment for mange av dei rikaste bilistane i Bergen (som budde ved trolleylinja): fine miljøvenlege elektriske bussar som mange politikarane forsøkte å legge ned. For få ny tru på trolley gjorde me ein hauggamal kassert trolley frå Tsjekkia anno 1972 til solist. Så kontakta me elektronikastjerner verda over om å lage sin trollofon: det vil seie lage eit live-verk av samples frå denne gamle bussen. Alt framførd på det interne elektriske anlegget – på ei elektrisk linje som haldt på å bli lagt ned. Linja – Linja 2- hadde forressten ei ekstrem stigning. Det gjorde at jo høgare ein spelte jo saktare gjekk bussen. Ved nokre tilfeller byrja bussen til og med å brenne og ved andre tilfeller kortslutta han).

 

Både i travparken og trolleybussen fekk borna merkelege minner. Det var overskridande prosjekt som ein ikkje gløymde. Og det var ikkje så mykje musikkens feil – som rommet. Rommet blei overskridande.

 

 

ERFARINGAR FRÅ FESTSPILLENE

For å seie det slik: eg har også programmert mange prosjekt for born og unge i tradisjonelle konsertsalar.   Særleg i Festspillene (ved siden av å utvikle Oi Oi festivalen med Ole). Og her kom gymsal-effekten inn igjen.   Ofte hendte det at me aldri fekk ro i salen. (Særleg var dette påtrengande i Peer Gynt Salen – som rommer svært mange). Det skjedde til dømes på prosjektet “Med Knut og Knut ut i verdsrommet” – med den åtti år gamle elektropioneren Knut Wiggen og astroklovnen Knut Ødegaard. Det hendte også i forkant av konserten med Stian Carstensen og Arve Tellefsen: Grisefort. Båe to var prosjekt utvikla av festspillene i samarbeide med den kulturelle skulesekken.    Kvifor det blei så uroleg kjem eg tilbake til: eg har nemleg ein teori.

 

 

ORGELSTILLASET

Og no kjem eg til det tredje prosjektet: Orgelstillaset i den ærverdige “Logen Teater” – der til og med Grieg og Rachmaninov hadde spelt. I seg sjølv eit fint teater med dempa belysning – men igjen ein sal som stadig fordra mykje uro (pga akustikken). Og her gjorde me noko me ikkje hadde gjort før: me lagde eit nytt rom i rommet. Eit rom ingen hadde trudd fantest: eit rom som bestod av eit stillas opp til taket: eit stillas fyld med stueorgel, hammondorgel, trøorgel og frittståande orgelpiper. Eit tjuetals organistar. Blant dei mange medlemmar av orgelklubben Ferdinand – som er ein orgelskule for born. Der fekk dei minste spele med profesjonelle organistar og tangentheltar frå elektronikamiljøet i Bergen.   Igjen blei rommet eit anna – og då var det ikkje så lett å gløyme det ein var med på.

 

Det eg skal fram til er at denne romlege transformasjonen kan skje i alle rom. Og eg trur dette er noko rikskonsertane kan oppnå noko med: Gjere noko med rommet og forventningane til rommet. Ja gjere noko med gymsalen. Sjølv om ein berre går over skuleplassen til gymsalen så bør dette bli ei overskridande reise. Ei reise som kan fortelje meir om tilveret enn alle timar med KRLfaget til dømes. Ei reise som kan overskride og skape noko ekstra i borns kvardag.

 

Det er sikkert ikkje lett å få dette til når ein produserar tusenvis av konsertar iløpet av eit år. Men: hadde det ikkje gått an å prøve? Kva med å lage individuelle scenografiske løysingar for regionen? Kva om ein fekk ein av regionens beste scenografar til å skape eit objekt som gjer noko med rommet? Det kan vere ein boks eller eit objekt som kling med sjangeren? Eit element som det kjem ljoset utav; eit element som lagar nytt ljos og ser fint ut – i mørkret.  Det kunne vore ein boks eller eit apparat – noko som ser forma fint. Noko som enkelt snur opp ned på i gymsalen. Dermed kan ein skru av ljoset i gymsalen. Og då blir det også vanskelegare for lærarane å vere på facebook.

 

 

GRIEGMASKINA

Eg vil igjen og til slutt vise til eit lite døme frå Festspillene i Bergen. Eit prosjekt eg utvikla saman med produsenten og elektronikaartisten Sir Duperman og Frode Flatland frå rockebandet Ungdomsskulen.   Eit prosjekt som vaks ut nettopp or ein dings: Griegmaskina. I dette tilfellet var dingsen eit to meter høgt romskip med knappar og greier. Eit romskip som drog ut i verdsrommet og henta inn signal frå nettopp Ed. Grieg. Eit prosjekt som var mynta som på barn og unge. Eit prosjekt som gjekk mange mange utviklingssstadier – kor fellespunktet var stadig å skape stadig nye rom. Ja ved å ha ein dings eller ein ting som fyller rommet – så kan det skje ein transformasjon. Apparatet i dette tilfellet kunne ein “liksom” skru på. Dermed var transformasjonen i gong. Den første versjonen av maskina blei faktisk sendt ut i verdsrommet med kongen til stades: på festspillopninga. Dei mange skuleelevane som var utkommanderte nettopp denne dagen hadde det iallefall kjekt. Dei klassiske publikummarane syntest ikkje det var moro – men kven bryr seg om dei. Det kjekke var at borna fekk minner og fekk lyst til å lytte til Grieg. Då siste versjon av prosjektet vart ferdigstild i fjor fann det stad på Bergen Kjøtt. Då hadde kunstnarane lagd eit gigantisk romskip med plass til hundre mann inni. Det var eit drapsprosjekt men igjen – med å skape eit nytt rom for kunst så hendte det noko.

 

Kanskje ideen kunne vore at Rikskonsertane fekk ein scenografisk/ dramaturgisk medarbeidar? Ein som tok hand om nett dette: å gjere noko med gymsalane – og gjere dei om til rikskonsertsalar?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: