MAGISK, MØRKT OG SAKRALT

Er Deathprod og Snah framtida i norsk kyrkjemusikk?

Printed in Bergens Tidende, May 2013

Kor var biskopen på måndag? Kor var kyrkjefolket på måndag?  Slik kunne eg ha halde fram å spør etter konserten på Østre på måndag.  Då stod live-framføringa av Deathprods enigmatiske plate Threetop Drive (1994) på programmet.  Det var ikkje berre ein storslått konsert. Det var også ein sterk påminnar om at sakral musikk kan vere så mykje meir enn trad-orgel, korsong og bibeltekstar.  Med hjelp av vibrerande laser og singrande noise fortalde Snah frå Motorpsycho, Deathprod (Helge Steen) og Pekka Stokke (visuals) langt meir om liding og naud enn tradisjonelle religiøse formspråk.

Kjernen i Threetop Drive er ein djup og mørk klang av sorg. Ein refleks av Edvard Griegs kanskje mest elegiske stykke:  Mor Åses Død frå Peer Gynt.   Som stempelet på eit dødsskip slår strykarlyden frå 1876 inn i Østre (som blei brukt som gudshus før i tida!) Første sats. Strykarane er lettare omarbeidd.  Svakt endra i pitchen.  Strykarklangen vrenger seg meir og meir hysterisk ut i rommet.  Dei to blå laserstrålane som svir inn i røyken byrjar å vibrere i klangen. Enkelt, sterkt og sakralt.  Ein stillasstruktur heng på kvar si side av laserstrålane:   dei likner omvendte kross – men kva gjer no det i totusenogtretten?

Så tek Snah fela opp.  Det gjer han fleire gonger gjennom Treetop Drive.  I sats 1, 2 og 4. Berre i sats 2 er fela stille. Bogen vrenger seg over strengane og ein kjenner harpiksen på kroppen. Korleis harpiksen på bogen held att metallet.   Friksjon.  Effektboksane får alt til å skrike endå meir.  Snah vekslar med sikkert mellom flageolett-stryk og ekstrem vreng.  Han let bogen gli horisontalt og vertikalt på same tid.   Effekten er magisk, mørk og sakral.

Østre blir med dette eit sakralt rom.  Det er lenge sidan komponistar som Hovland, Kverno, Mørk Karlsen og Ødegaard var framtida i dagens norske kyrkjemusikk. No er det Deathprod som peiker frametter. Ein kan nemne fleire andre i same slengen: Økland og Apeland som spelte i Domkirken i går kveld til dømes.  Kyrkjemusikk treng ikkje lenger vere basert på ord og vellyd.

Leave a comment