Benkar utan ryggstø i tre rader innover frå scenekanten. Kanskje så mange som ti rekker. Ting ligg henslengt innimellom benkane. Ark. Instrument ligg her og der. Eit digert stillas midt i rommet held opp eit silkepapir som lagar skuggeverknad av alt bakom papiret. Ein orientalisme. Ein primus, pingpongballar og ein diger enorm blåsar-mute-samling.

Av Nicholas H. Møllerhaug, New York
Trykt Par Ergon

Konsertmelding:
Ensemble Modern speler Heiner Goebbels: “Black and White”

Settingen er det fyrste som slår tilskodaren. Ein blir grepet av scenerommet – fordi forventingane blir vridd. I utgongspunktet er Ensemble Modern ikkje er kjend for store sprell. Tyske halvsinte og stramme musikarar i polo og kvinner med rette munnar. Det er det ein ser for seg. Og då blir ein overraska. Som uvitande var tittelen i seg sjølv er også streng. Tydeleg er det at verket har eit ualminneleg godt rykte. Publikummet verker fulle av forventingar før førestillinga skal i gong. Sjølv om scenen er tom for mennesker – er det som alt vibrerar. Nokon har nettopp vore der. Nokon. Enkle element på scenen er tydeleg ekspresjonistiske. Lyspærer som heng og lysar opp på sparsommeleg måte.

Det aude rommet med instrumentarium får ein til å tenke på eit digert guterom. Tomt – nesten som rommet etter ein som er blitt borte. Den musikalske opninga blir verdig dette rommet.Scenen blir befolka av kvinner og menn i sine forskjellige fargerike kostymer. Eit nytt eureka: Ensemble Modern hat kein Dresskode! Eg merker også dei har ulike utanom-musikalske-oppgåver. Ikkje alle tek opp instrumentea sine: cello, fele, tromme,el-gitar, eller bassgitar. Halve ensemblet tek opp badmingtonracketar. Nokre sit på ein av benkane og slår terningar. Andre speler med kjegler. Dette gjer halve Ensemble Modern før ein einaste streng blir anslått. Det er verknadsfullt. Så startar ein røff rockete bassgitar eit kort og groovy funktema. Deretter kjem andre delar av den vaklevorne instrumentasjonen i gong. Medan spelet blir valdsamt blir også leiken på scene det. Ballar blir kasta med all kraft. Ting rasar saman. Heile tida den røffe el-gitaren i bakgrunnen som eit ujamnt repeterande teppe.

Sidan musikarane også speler visuelle og sceniske rollar smelter musikkdramaet saman. Det heile er veldig raffinert. Sceneskifte og flytting av instrument trengs ikkje. Musikarane har innstudert alle rørsler på scenen. Det gjer at dei verker veldig naturlege. Dette er lysår frå Kjell Bækkelund sin Ludvik-aktige ferd med flygelet. Alt er smidig og spenstig!

Trass den funky pangopninga er verket eit innadvent spel – ein elegi. Det er sorg som er temaet. Teksten som lesast opp er skriven av Edgar Allan Poe – ‘Skuggen’. Han som les fekk lest det heile inn på band, heldigvis. Kort tid etterpå døydde han. Teaterregissøren og forfattaren Heiner Müller var ein god ven av Goebbels. Han skulle spelt ei sentral rolle i dette verket. No er det berre eit lydband att. Dette gjer at verket er skrive og framførd til Müller sitt minne. Opplesinga føregår under heile forestillinga – med berre mindre opphald.

Scena deretter gjer solid inntrykk med ein innadvent, meditativ og styrtkomisk duett. Alle dei valdsame rørslene er over. Heile ensemblet befinn seg ute or scenebiletet. Ein piccolospelar set seg på ein benk. Med seg har han ei fløyte, ein primus, t-kopp og tekjele. T-posar har han oppi ein kopp. Han tenner på primusen og set på ein vasskjele med lydtut. Medan han ventar på vatnet tek han ein og ein tpose opp. Han klipper t-posen i den eine sida og tømmer innhaldet ut. Deretter tenner han på posen. Ein eller annan fysisk lov gjer at posen fyk til vèrs fordi varmeutviklinga inni posen er stor. Når tekjelen endeleg syng tek fløytisten opp piccolofløyta. Ein selsom duett. Det vert vakkert og forgjengeleg særleg med minnet om den avdaude in mente. In mente og bakhovudet betyr forresten det same. Det illustrerar også verknaden dei ulike elementa i forestillinga har på heilskapen. Dei fortel om dauden på ulike måtar.

Utropa i dette verket får ein til å støkke litt. Ikkje minst gjer rørslene som heng ihop med teksturen det. Det musikalske augneblenket blir veldig massivt. Ikkje før er duetten primus og piccolo borte før eit vanvitting brassband klatrar over benkane. Dei går heilt bak i rommet og det digre papiret rivnar. Dei speler om att og om att dei same to akkordane. Det blir manisk verknadsfullt og minnar sterkt om orientalske gravferdsbrassband. Særleg for dei som har opplevd slike. Ei ny påminning om den avdøyde. Og ikkje minst blir allusjonen til måleriet med same namn stor. ‘Black on White’ heiter eit kjend modernistisk måleri.

Den allutoriske krafta blir repert på ny i avslutninga. Det merkelege orientalske elementet kjem opp til overflata. Avslutninga er manisk, betagande og magisk. Ensemblet set seg ned på benkar. Eit langstrakt tjukt rektangulært objekt kledd i silke blir førd inn. Det ser ut som eit menneske i liksvøp ut i salen. Svøpet blir lagt på ein benk. Ei jente pakkar opp silkedraperiet. Inni ligg den japanske strengeleiken Koto. Oppakkinga av den menneskelange strengeleiken minnar om eit dødsritual. Ein pendel blir hengd over koto’en. I enden heng ein skrue. Jenta set pendelen i gong. Med sløve rørsler dreg den skruen att og fram over koto-strengene. Fyrst jamne rørsler. Jenta set seg ned. Heile ensemblet sit i ro og ser pendelen døy ut. Då døyr lyden ut. Elegien er total.

(opprinneleg trykt i par ergon, 2002 – redaktør Jon Øystein Flink)

 

Leave a comment