Var festspilldirektør Beyer klår over at Stockhausen faktisk var der? I  Håkonshallen onsdag?

Det var fest i Håkonshallen sjølv om nesten alle låg og sov!  Eg hadde også sovna om eg hadde lagt meg ned.   Og det var instruksen frå kveldens ensemble: ein skulle legge seg ned under tonane.  Og kva er meir naturleg når kveldens happening var ein overtonefest?  Då er det berre å legge under tonane som svever like under det royale taket på Håkonshallen.  Det legendariske vokalensemblet Theatre of Voices – eit internasjonalt høgdepunkt på årets festspill –  hadde også instruert Håkonshallen-roadiane om litt til: alle dei splitter nye stolane skulle ut. Inn med puter og tepper.

Og dette var ein nesten like fin bruk av Håkonshallen som då Bergljot Jonsdottir var festspilldirektør.  Performance-konserten med Joe Coleman og Motorpsycho nett her i 2001 var uforgløymeleg.

Onsdag kveld denne veka sat eg igjen på ein benk her og lengta ned til golvet.  (Sidan eg skulle melde konserten for bladet måtte eg vere vaken og sitje oppreist) Men det vart etterkvart utfordrande å sitje under overtonane.   Det heile vart nærast ei rituell greie.  Stimmungen av Karlheinz Stockhausen er eit uhyre spanande vokalverk fylt til randen med materie.  Eit verk som sonderar fonetikkens potensiale i kombinasjon med alskens vokalteknikkar.   Eit verk som består av lange meditative (svevndyssande)  strekk brotne opp av fonetiske rytmiske parti.   Dei meditative partia var sekvensar med røter langt attende – til mellomalderens vokalpolyfoni, gregorianikk og responsoriale song.

Stimmungen er eit verk som tydeleggjer forholdet Stockhausen hadde til sakral kormusikk.   Songarane på kne kring det vetle bordet og ljoskula i Håkonshallen forsterka dette inntrykket.  Theatre of Voices er blant verdas fremste innan tidleg korsong.

Og live er Stimmungen ei fantastisk oppleving. Overtonemyriadane  slangar seg gjennom rommet og minner om tonar frå Sibir og  Tibet.   Overtonesong er noko som bind svært saman mange urfolk musikalsk.

Eg har ikkje plass til å nemne alt som gav stor glede her i kveld.  Eit regionalt høgdepunkt  må eg trekke fram: variasjonen over “jau” og “jao” gjorde vossingane i hallen glade.

Til slutt vil eg anbefale festspilldirektør Beyer sin kronikk om Stockhausen i BT forleden.  Her får ein innblikk i mytedanninga kring Stockhausen.  Det ikkje Beyer skreiv var at Stockhausen kom til å vere tilstade. Midt i konserten fann eg ut at han sat på benken ved sidan av meg (Og haldt seg dermed vaken slik som meg). Hans Hagen Stockhausen frå Hamburg er ein ivrig samtidsmusikkfan og har budd i Bergen i ei årrekkje.  Eg tok tak i Stockhausen etter konserten og han kunne straks melde tilbake:  Joda Stockhausen var svært nøgd med kveldens Stockhausen!

 

theatre of voices
dir. paul hillier
stimmung  (1968) av karlheinz stockhausen
håkonshallen
3 juni 1930
festspillene i bergen

Leave a comment