Det er mange som gler seg til pipa på USF blir pakka ut att. På Nattjazzen torsdag stod festivalen i pipas namn.

Eg tenker ofte på den store pipa når eg er ute på USF.  Og særleg under Nattjazz.  Og særleg no når pipa er pakka inn i presenning.   Eg tenker ofte på den gongen det oste tjukk damp ut or nett dette landemerket .

Og særleg tenkte eg på dette på torsdag då eg plutseleg kom over liknande piper – i kammerformat.   I Studio USF var det to karar på scenen.  Den eine – Mats Gustafsson – er verkeleg ein Nattjazz-gjengangar.  Han andre er Erwan Keravec som verkeleg er ein som forstår seg på sånne piper.  Han kjem frå Breton – ein del av Frankrike som er kjend for sine sekkepipetradisjonar.  For min del gav duetten på verftet eit spanande tilbakeblikk til noko heilt anna enn musikk.  Eg tenkte på den hissige fabrikkenergien nett i dette bygget. Eg tenkte på alle arbeidarane som sleit nett i dette huset på Nordnes.

Og her kjem det som gjer denne kommentaren relevant håper eg.   Det er få musikarar – uansett sjanger – som er arbeidsmann i så stor grad som Mats Gustafsson. Han er ein muskelbunt og bruker rå muskelkraft i spelet.   Det gjer også at hans spel smitter veldig på både medspelarar og publikum.  I musikkverda er det han og Bruce Dickinson i Iron Maiden for min del som gjer dette.   Og nettopp samspelet med Gustafsson gav sekkepipa ei valdsam kraft.   Innsatsane Gustafsson la opp til gjorde litt krafta på Verftet på tidleg 1900tal.  Forskjellen var at det kom vanvittig skrikande ornamentert trøkk ut or pipene til Keravec – samt damp.

Ja den var rett og slett som eit fabrikkbesøk denne konserten.  Det var like heseblesande. Den skimrande skrikande velfungerande – ja perfekte – larmen og den rå arbeidskrafta.  Alt for å skape eit produkt – nett som sardinane den gongen.  Og ikkje misforstå meg – eg meiner alt dette svært positivt.  Det er godt gjort å få dette til – og svært få klarar det. Men det gjer Gustafsson og Keravec. Samspelet er blant dei beste i jazzverda.   Mykje av dette var også av ein annan grunn: konserten var perfekt lagt opp og økonomisert.   Ein konsert av denne typen må vere passe lang – elles kan det fort bli ei vond oppleving.  I dette tilfellet blei det ei stor oppleving.

Og på veg ut i natta tenkte eg igjen på den store pipa der ute på Nordnes – og slektskapen med dei små pipene til Keravec.  Det kjem eg til å tenke endå meir på når pipa på USF snart blir pakka opp att.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: