RØLDAL – EIN ROMODYSSE

grung93_995986a

I vinter har kraftnæringa vore synonym med mykje vondt. El-prisane har vore ei pine for mange. Frå før av har energi- og vasskraftnæringa vore eit monument over andre plagar – over øydelegginga av naturen. Difor kan eit unnatak i den norske energiverda vere på sin plass. Då må ein sjå saka arkitektonisk – og kjøyre til Røldal. Der ligg nemleg eit anlegg som kan forvekslast med ei romverd – betalt av Norsk Hydro og teikna av arkitekt Geir Grung i 1968.

Av Nicholas H. Møllerhaug, Nesflaten – Fotos: Hardanger Folkeblad (slideshow anbefalast): http://www.hardanger-folkeblad.no/nyheter/article2373197.ece?start=24

Dag og Tid 2002

Arkitekt Grung er mest kjend for sentrale bygg på austlandet: Ring Medisinske Senter, IBM-bygget og store villaer i Bærum. Det enorme anlegget på Nesflaten i Røldal i Rogaland er noko langt meir. Der finn ein summen av bedriftsanlegg, administrasjon, naturanlegg, landskapsarkitektur og ikkje minst boligområder. Resultatet er til å måpe av. Ikkje berre er anlegget unikt. Her finn også eit av dei finaste byggefelta i Noreg – bygd for arbeidarane på kraftanlegget. Alt er signert same pennen – Grung – og ligg som ein norsk arkitektonisk paralell til Kubrick sine visjonar i 2001 A Spaceodyssè. Reinskoren geometri plassert ved eit djupt vatn og ved føtene til digre fjell. Dette gjer Røldal-Suldal Kraftverk til ei naturell arkitekturoppleving. Ok, så lenge ein ikkje involverar dei kritiske og naudsynte spørsmåla då: om dei små bygdene, sætrane, vegane og kulturlandskapet som vart drukna i den oppdemma dammen.

grung102_995975a

Geir Grung var eigentleg bergensar og son av den store funkisarkitekten Leif Grung. Han flytte tidleg frå Bergen og fekk base i Oslo etter ferdig utdanning. Han hevda seg tidleg og fekk stor inspirasjon frå læremeisteren sin på Statens håndverks- og kunstindustriskole, Arne Korsmo. Samarbeidet og venskapet med medstudenten Sverre Fehn var også viktig. Fehn var Grung sin fyrste samarbeidsmakker. Saman stod dei bak eit tidleg praktbygg i Oslo, Økern Eldresenter, eit sentralt norsk femtitals-bygg og gjennombrotet til både to. Det ligg langt aust i Oslo og var ei stor overrasking, skriv biografen til Geir Grung, Alf Bøe. Med sin klinisk reine, horisontale form demonstrerar bygget – som mange andre modernistiske bygg – ei puritansk moderne formkjensle. Denne er kombinert med avansert materialbruk og bygningsteknologi. Alt med klassisk formalisme i grunnplanen.

Formalismen i Grung sine byggverk ser ein endå tydlegare i soloverket i Røldal ti år seinare. Ovanfrå er anlegget like monumentalt som det på bakkeplan. Med ein gong får ein auge på det beroligande sirkulære kontrollrommet. Det står som ein ufo parkert på langtidsparkering. Dei langstrakte bygningane varierte seg imellom med ulike takkonstruksjonar og høgdevariasjonar. Berre forholdet mellom dei ulike bygningane på breidden av vatnet er ei rein stilisering av geometriske grunnformer.

grung103_995897a

Nettopp dei geometriske formene er blitt eit vassmerke på Geir Grung sin arkitektur. Han opererte alltid med reine geometriske former –særleg var sirkelen ein ven . Den kjem att i nesten alle bygga han teikna. Særleg er eit bygg i Oslo er blitt sjølve signaturen hans. Ein bygning som i seg sjølv kom att i nyheitsbiletet på åttitalet – nemleg Ring Medisinske Senter. Namnet speler både på forma og på byggherren Gustav Ring sinn etternamn. I Røldal er derimot både sirklane og dei kvadratiske formane viktige aktørar. Ikkje minst mønstra bygga skapar til saman – som det vetle byggefeltet. Det ligg som ein bård i ein vevduk: hus i open rytme langs ein grusveg. Ser ein anlegget ovanfrå får ein lyst til å ta fram dei gamle leikebilane og kjøyre bil mellom husa. Så reinskorne er anlegget. Medan dei store anleggsbygningane er bygd i betong og forskala med tre– er boligane bygd i siporex og tre.

I ein bolig skal ein bu – i fjell skal ein byggje turbin. Det er regelen ved Nesflaten. Som så mange kraftanlegg i Noreg er også dette anlegget basert på turbinar og store hallar. Alt ligg skjult som energitempel langt inni fjellet. I Røldal kan ein ana kva slags maskineri via eit par raffinerte signal på utsida. Det avanserte ufo-aktige kontrollromma styrer med teknikken inni fjella. Interiøret og eksteriør får filmskaparane Tarkovskij og Kubrick til å bli som co-regissørar her. Inni fjella er det derimot ei anna verd – prega av fjell, betong og fjell – og store holrom. Turbinhallane til Geir Grung er monumentale. De finns to av dei –den ytste er den vakraste. Høgda på hallane gjer dei nesten katedralske: det er ikkje pga ein heilag ande. Det er rein vasskraft. Duringa frå dei store generatorane. Ein treng ei viss høgd for å operera med dei veldig maskinane. Berre tenk når ein må skifte ein maskindel til monstra derinne. Ein feil på ein av generatorane kan ha store nasjonale konsekvensar. Difor må alt vere iorden i tilfelle eit uhell. Difor heng det store krokar høgt oppunder taket i desse hallane. Sjølve taket er kvitt – medan bjelkane krankroken glir på – er i støypt betong. Over desse bjelkane ligg det skjulte armatur som lyser opp bjelkane på ein poetisk måte. Eit flisemønster i steingolvet og ei låg renne langs veggen gjev fine visuelle verknadar. Over vassrenna ligg ei list som Alf Bøe meiner formildar overgongen mellom det ujamne fjellet i veggane og det rette golvet. Verknaden er dramatisk og nesten skissert. Den store flata grovt fjell med ei aning grønt i er innramma av golvet og dei store betongbjelkane høgt oppunder taket.

grung110_995997a

Midt på golvet i krafthallen står det mest essensielle i heile anlegget – ei rekke generatorar. Rundt desse har Geir Grung komponert inn naudsynte innretningar: spiraltrapper som går opp til ulike kontrollpostar. Fargebruken i hallen er også karakteristisk for Grung sine interiør – sterke fargar indikererar dei ulike installasjonane: gult for kranar og heisar, oransj for generatorane og grått for kontrollskåp.

— Det med fargane på desse installasjonane har eg faktisk ikkje tenkt på, seier Sjur Åge Ekkje som anleggsjef ved Hydro Energi sitt anlegg på Nesflaten. — Derimot er eg meir enn klar over at me eig eit arkitektonisk meisterverk. Dette er me veldig stolte over – og har difor vore opptekne av å halde dette vedlike – etter Geir Grung sine intensjonar.

Ekkje har i snart førti år hatt arbeidsstad på Nesflaten. Kontoret hans er i den sirkelrunde ufoaktige bygningen. Han fortel om eit byggverk som har halde seg godt – både fordi betongen har ein tidlaus effekt og er slitesterkt. Heilskapen på anlegget har dei klart å halde på – med berre eit par unnatak. På tidleg nittital trengde Hydro Energi meir plass til kontorlokale. Då vart den tidlegare assistenten til Geir Grung, Odd Hannisdal kontakta. Han teikna då eit tilbygg i stil med resten. Utanom dette har det vore få synlege ytre eller interne endringar på bygget. Til og med ufokontrollrommet er bevart i original stand. Berre kontrollpulten er blitt modernisert – teikna av arkitekt Hannisdal.

Sjølv er Sjur Åge Ekkje blitt personleg glad i Geir Grung sin arkitektur. Difor har han kjøpt ein privatbolig teikna av arkitekten. Dette ligg ikkje i byggefeltet på Nesflaten – men frittståande i Røldal kommune – i same stil som bygningane på Nesflaten. Ekkje seier at protestane mot anlegget har vore minimale. Dei fleiste blant lokalbefolkinga syntest det var eit harmonisk bygg som blei reist. Dei som protesterte – protesterte mot sjølve utbygginga. Når den først var ein realitet haldt dei fleiste munn. Dei einaste som var litt misnøgde var husmødrene. Det var jo dei som skulle koke i boligane og dei klaga i starten. Vinklane og dei modernistiske vriane var ikkje berre praktiske. Etter ei stund vart dei derimot vande med romma.

Idag ligg både byggefeltet og anlegget som ein godt bevart røyndom ved det langstrakte Røldalsvatnet. Dei fleiste som stikk innom er berre opptekne av å sjå digre turbinar og energiverket. Dei overser kor estetisk flott anlegget er, fortel Ekkje. Dei fleiste kjem heller ikkje lenger enn til utsida av anlegga. Sikkerheten er stor og masinane endå større. Om ein plotta denne staden inn i den nasjonale arkitekturguiden hadde antalet kanskje auka littegranne. Ettersom inngrep ved lov er ulovlege – av di anlegget no er verneverdig – er ein garantert real vare. Rein energi både utanføre og inni fjella – og med ein ekstrabonus: ein ufo parkert på ubegresa tid.

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: