“Sakn” kunne gjort denne samtala på litteraturhuset både sterk og minneverdig.

Dette skulle vore ei samtale om europeisk identitet og europeiske nomadar.  Men – ei samtale om flyktningidentitet som unngår omgrepet sakn – kva er no det?

Denne samtala på Litteraturhuset var ei gyllen anledning til å gjere nett dette.  Det var sterkt å høyre om Maria Belén Gurrea Rodriguez si flukt frå finanskrisa i Spania.  Ho er ein av fleire høgt utdanna euroflyktningane som har søkt tilflukt i Bergen dei siste åra. Og ho har søkt på jobb.  Og ho har ofra svært mykje for å søke eit betre liv i Nord:  dottera hennar var berre fem då ho drog frå Spania. Ho er attende i Spania med foreldra hennar.  Saknet var til å kjenne på då ho fortalde om dette.

Innleiinga med Rodriguez meistra moderator Christian Borch frå NRK også godt. Utfordringa var derimot å følgje opp dette med resten av panelet (som bestod av politikar Sveinung Rotevatn, professor Janne Haaland Matlary, Fafo-forskar Jon Horgen Friberg og komponist Jon Balke).

Sakn pregar myriadane med av flyktningskjebnar – anten dei er frå Spania eller Irak.   Sakn er også ein essensiell grobotn for stor kunst og musikk.    Lengsel.  Det ser ein raskt på mykje stor musikk – anten det er “I Ensomme Stunder” av  Ole Bull eller Chris Rea’s “Josephine”.  Det var også det afroamerikanske grunnlaget for jazzen.

Det hadde ein fått fram med eit annleis panel – om ein ser bort frå Rodriguez og Balke.

Etterkvart som tankane flaug – og søvnen haldt på å ta overhand – trøysta eg meg med følgjande:  Jon Balke sitt bestillingsverk Obra var trass alt utgangspunktet for samtala.  Komponert kring lagnaden til ein spansk euroflyktning.

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: