Boka “Stupet – Leif Grungs krig” er utgongspunkt for denne vandringa gjennom Bergen Sentrum. Me passerar ei lang rekke bygg stjernearkitekt Leif Grung (1894-1945) stod bak: kjende bygg som Kalmarhuset og ukjende hus som Isdahl Brygge.

Og mange av desse husa vart vitner i dramaet som ramma Grung i 1945. Denne vandringa gjennom byen viser korleis stor arkitektur ikkje berre er estetikk – men maktkamp. Denne byvandringa gjev også glimt av Grungs tyske samarbeide – og hans motstandsarbeide. Sjelden har krig, arkitektur, sjalusi og skjult mørk krimhistorie vore samla som i arkitekt Grungs tragedie. Dette er ein historie der Bergen Sentrum speler hovedrolla med sine bygg, søkkrike byggherrar og arkitektar.

Grungvandringa startar ved Leif Grungs første megabygg i Bergen Sentrum: Skipsreiar Mowinckels hovedkontor i Olav Kyrres gt 7. Dette praktbygget frå 1926 ligg ved Byparken Bybanestopp.

Pris: 150 kr

Forfattar Nicholas Møllerhaug leier Grungvandringa. Det er mogleg å kjøpe signert bok etter endt vandring.

Facebook:
https://www.facebook.com/events/1613258172329245/

 

Kontakt –  påmelding og spørsmål
grungvandring@gmail.com
Tlf 91783985