FYLL FJORDEN


Byfjorden er opera utan innhald

Printed in Bergens Tidende, may 2013

Fjorden er den finaste, største og fremste arenaen me har. Ein arena som blir nemnd eit utal fleire gonger enn både Operabygg, Troldhaugen, Lysøen og Grieghallen til saman.  Lyden i, rundt og frå denne arenaen har spelt dramatiske og lyriske stykke for oss i uminnelege tider.  Litteraturen og kunsten i regionen er fylde med fjordaglimt.  Festtalane våre er fylde med fjord.  Dei rikaste i byen håvar inn milliardar fordi fjorden finns.  Trass dette skjer det så og seie ingenting på fjorden i løpet festivaldagane i mai.

Eller gjer det?  På dei offisielle programma skjer det lite eller ingenting.  Trass dette tenkte eg at eg skulle gje fjorden ein liten sjanse.  Eller rettare sagt hamnebassenget.  Eg bestemde meg for å melde fjorden.  Vurdere fjorden denne måndag frå klokka to til tre.

Eg set meg på ein benk ved Statsraaden. Eg høyrer raskt ein mørk og djup bassdrone.  Jo det er mannskoret som består av Torsborg, Solfjord, Mare Verde og Troms Capella.  Fire store industriskip.

På andre sida av Vågen ligg Bever, Silex og Havila Mare og dunkar med lysare toner. Når eg kjenner litt betre etter høyrer eg igjen dronen.  Jo det minner meg om den amerikanske komponisten Morton Feldman.  Fleire nyansar kjem fram.  Overtonane. Frå  det indre av dei svære maskinane kjem det myriadar av overtonar.

Eg kunne lett ha duppa av til denne mørke duren. Ja hadde det ikkje vore for punkdivaen Statsraaden. Ein kar borrar hissig i den stolte kvite skutesida. Det surklar håst i metall. Det heile blir ein blanding av modernisme,  elegi og punkbeats.

Eigentleg var planen å vurdere Byfjorden på same måten.  Det hadde blitt ein tom tekst. Der er det diverre ganske tomt i Byfjorden for tida. Vågen blir difor ein kort ouverture til ein opera utan innhald.   (Byfjorden er operaen). Det er mykje ein kan gjere med dette.

Fyll fjorden med meir innhald.  Gjere som båtbyggarane Bjørn Ådne Kvalvik frå Fedje og Hallgeir Bjørnevik frå Os.  Dei har dradd to små trebåtar inst inn i Vågen.  Dei to skaper meir fjordliv enn alle dei digre doningane til saman – og Festspillene  og Nattjazz til saman.  Ein stram eim av terpentin, tjære og linolje slår mot ein.  Ein kjenner plutseleg rusen som mangla.  Sjekk dei ut. Dei står og flikkar til fredag.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: