SAUEHALD UTAN MOTORSAG

heidi

ALPE FOPPA: Bygde-Noreg står i fare for å bli overgrodd. Eit langstrakt Twin Peaks. Ein må snart gjete sauene med motorsag. Ansvaret for landskapet har blitt byråkratisert vekk. Unge går inn i dei psykiatriske helsekøane. Kvifor? Kvifor har ikkje det skjedd med Bill og bygdefolket hans i Sør-Sveits? Kanskje finst det ei sveitsisk løysing for norsk landbruk?

Trykt i Dag og Tid 2003

Bill Pongelli er sjef i denne delen av Alpane som heiter Monte Tamaro. I fleire tusen meters høgd held han og kona ein flokk svarte risikosportgeiter. Glade kyr gjer han også glad til sinns. Eit gardsbruk som verkar som ein rein idyll. Det verkar som eit turistperfekt ytre glansbilete frå Heidi-landet. Og den mørke baksida? Baksida må ein leite ei stund etter, men er ikkje tydeleg.
Ansvaret Bill og Rosalba føler for landskapet er stort, men dei veit at dei ikkje står einsame og glor på arbeidet. Eit merkverdig demokrati står bak dei i drifta. Difor er både Bill og kyrne og kona godt nøgde trass i forferdeleg varme. Dei er trygge trass i ei ekstrem modernisering som luskar rundt hushjørna.
Hardcore-geiter
Dei tretti gradane som steikjer i fjellsida allereie klokka åtte om morgonen fortel at Middelhavet skvulpar like ved. Dette er Sør-Alpane med sommarhetebølgjene sine og ekstrem tørke. Friske vindar kjem nordfrå, men varmen stikk likevel. Ein kan sjå at graset er svidd. Buskapen trassar det og tråklar landskapet på jakt etter grastustar. Klemtar intenst med store djupstemde bjøller. Geitene til Bill og Rosalba er av typen Nera Verzasca. Ein lokal hardcore-geiterase frå den skrekkeleg bratte dalen Val Verzasca. Dei svarte og godmodige, langhorna skapningane jumpar i alskens retningar. Klokka har som sagt nyss slått åtte og mjølkinga er over – for heile gjengen. Dei legg seg til å sova i morgonskuggane. Rosalba roper heile gjengen inn til frukost – også Dag og Tids utsende og drengene. Heimelaga mortadellapølse, grappa i espressoen, ostar frå garden og mykje anna godt står på bordet. Ein halvtime med ro før ostar skal ystast. Utanom Bill og Rosalba er sonen og tre drenger med på arbeidet om sommaren. Alle et og pustar ut etter tre tidlege morgontimar med arbeid. Kvar morgon skal eit femtitals kyr og sytti geiter mjølkast. Ostar skal bli til, for nedi dalen ventar butikkar og i dei store byane i kantonen, Lugano og Bellinzona, ventar torga på dei ferske og vellagra ostane. Dette er noko bygda og grannelaget nedi dalen får att av ekteparet Pongelli – sjefane på Alpe Foppa som nett denne alpetoppen heiter.

Eit par skuldrer
Dei sør-sveitsiske Alpane som tidlegare var ein del av det milanesiske riket, er kjende for eldgamle kulturelle tradisjonar. Tradisjonar som er sære i høve til resten av Sveits – sidan kulturane har blanda seg sånn i dette området. Ein anar nokre gamle likskapar mellom dei store byane i Italia og landsbyane høgt til fjells.
Ein av likskapane har med Bill og Rosalba og gardsbruket deira å gjere. Landsbyen Rivera blir driven etter det same prinsippet som familien Sforza og andre aristokratiske familiar dreiv storbyen Milano gjennom tusen år. Landsbyen ligg ved foten av alpefjellet der Bill og Rosalba driv. Det er snakk om gamle måtar å få ting til å fungere på. I Milano har desse måtane for lengst blitt upraktiske på grunn av moderniseringa. Der har desse familiane berre stor indirekte makt sidan bystatane før i tida blei drivne for å forsvare seg mot inntrengjarar. Dei eldste familiane i Rivera gjer eit arbeid av ein heilt annan grunn. Difor fungerer Patrisiatet – det er det gamle namnet på denne familiegreia – framleis i Rivera. Patrisiatet kan samanliknast med eit grunneigarlag i Noreg som eig alt i fellesskap – eit grunneigarlag med mykje djupare røter og ein annan arbeidsmetode. Her kan kanskje det norske relativt unge systemet læra av det arkaiske sveitsiske. Dei eldste familiane har nemleg eit felles ansvar dei ikkje kan leggje på berre eit par skuldrer. Skal det spesielle kulturlandskapet i Alpane framleis bli teke vare på, må nokon ta ansvar. Difor gjer dei som ein alltid har gjort i Rivera: Familiane tek ansvaret for at Bill og Rosalba gjer ein god jobb oppi fjellet. Det er ikkje kven som helst som skal gjere jobben der oppe.

– Me er faktisk utvalde. Dei der nede i bygda har sagt at me gjer best jobb og difor er me her. Her oppe har me vore i ei årrekkje, fortel Bill.

– I Rivera er det eit titals familiar som har eit råd. Dei møtest i ny og ne for å passe på toppen vår. Dei har til og med eit eige, ganske fint hus som berre er patrisiatet sitt. Det heiter Casa Patriziata.

Langstrakt Twin Peaks
Den vakre steinbygningen med lys grønfarge på er frå slutten av 1800-talet. Det står og strålar med eit stort skilt på veggen: «Casa Patriziata». Ein sentral bygning for den vesle landsbyen, for dei få hundre innbyggjarane. Der inne blir heile landskapet ikring passa på – i fellesskap. Dette er ei form for landskapsvern som ikkje finst i Noreg og som kanskje kan vere framtida for norsk landbruk. Landskapet i Ticino, den sør-sveitsiske kantonen, blir difor sjåande ut som det har sett ut dei siste hundre åra. Til nyleg var sjefen for patrisiatet, bygdehøvdingen, Emilio Fillipini. Han representerer ein av familiane med lengst fartstid i bygda. Eigentleg er han bankfunksjonær i ein lokal bank. Ved sida av er han ordførar i kommunen Rivera-Bironico. I ei årrekkje har han vore aktiv i patrisiatet som representant for familien. I år legg han opp som ansvarleg for patrisiatet – han kan ikkje lenger blande saman det byråkratiske vervet med patrisiatleiarvervet. Det tek for mykje tid.
Emilio Fillipini og Bill Pongelli er einige i kva det vil seie å ha eit overordna råd med ansvar for landskapet. Ingen skal kunne gjere som ein vil med alpetoppane. Alpane er langt meir enn berre jordbruk og felleseige. Dei er ein del av verdsarven. Eit uttrykk for fortida. Difor skal heller ingen føle seg åleine i arbeidet som må gjerast på markene. Her blir kontrasten til den norske bonde-einsemda frykteleg. Ei norsk misere ein ser tydeleg på dei lokale sosialkontora rundt om i Bygde-Noreg der bønder kjem for å få hjelp. Bønder som ikkje får fôrhaustaren til å gå lenger. Det psykiske helsevernet på småstader får fleire og fleire bønder i pasientkøane sine og den «sunde norske bonde» er ein saga blott. Bill vil ikkje tru at det er slik i Noreg. Han trur det finst liknande opplegg i Noreg – ordningar som liknar patrisiata i Ticino. Når eg fortel om grunneigarlag og beitelag som ikkje bryr seg, blir han sint på vegner av oss i nord. Då skjøner han dei psykiske problema som dukkar opp – og som gjer Noreg til eit langstrakt Twin Peaks. Bønder vil gå under av einsemd i ein modernisert effektiv kontekst om ein ikkje har fleire med seg på laget. Difor kan noko så arkaisk som patrisiatet i Rivera vere eit føredøme. Bill og Emilio er einige om at Noreg bør sjå sørover for å redde landskap og bondestand.
Hovudskallar og teikn
Eit par timars køyretur gjennom Bygde-Noreg er nok til å konkludere om den norske situasjonen. Ein må konkludere med at noko må gjerast – elles blir størstedelen av det norske kulturlandskapet overgrodd. Landskap bygt opp gjennom hardt handarbeid blir borte og overgrodd. Stader der det før gjekk sauer og beitte er i dag blitt ugjennomtrengjelege klyngjer med tre. Umogleg å sleppe sauer ut i slike enger utan motorsag. Det blir fleire og fleire av desse overgrodde treklyngjene for kvart gardsbruk som blir nedlagt. Dei gamle som var med på å dyrke fram landskapet som no blir gjort ringare, blir det også færre og færre av. Snart er det berre fritt fram. Slik er det ikkje i patrisiatet i Rivera. Der er dei gamle eldst og blir hugsa og lytta til – og lenger bort frå byråkratiet kan ein knapt kome. Å ordne ansvaret for naturen på denne måten kjem i same klasse som legendene i landskapet: Dei er like gamle og like intense.
Over alt i alpefjella sør i Sveits heng det svake og hylande rop frå fortida. Anten det er freskar, hovudskallar eller emblem. Desse fortel tydeleg kva folk har risikert gjennom tidene. Desse signala fortel kor redde folk har vore og kor glade dei har vore for å overleve ras, hungersnaud, sprengkulde, isolasjon, drap og mykje anna. Og alle legendene er knytte til desse teikna i landskapet. Legendene blir dermed fysiske og visuelle, ikkje berre fortalde kring bordet: Dei heng like tydeleg i landskapet. Mange av landsbyane i dei sørlegaste delane av Sveits er frå mellomalderen og dei fleste bygningane frå den tida står framleis. I eit slikt landskap er også påminningane om kreftene i naturen mange. For folk som arbeidde åleine i fjellet – som til dømes sette opp kraftleidningar – vart det difor eit eige kunstnarleg uttrykk av slikt. Små måleri blei måla rett på husvegger og steinar. Hovudskallar i smijern blei sette opp til vern mot dauden. På garden til Bill utpå stupet på alpetoppen er det også fleire teikn hogne inn i veggene – vern mot farane i fjellet. I fjellmassivet ovanfor setra står det fleire alter for å minne om folk som har mist livet i fjella og folk som har overlevd.
– Ein går ikkje forbi utan at ein tenkjer litt på det som skjedde på den og den staden. Dyra styrer ofte unna, fortel Bill.

Dyra tek mest tid i Bill og Rosalba sitt liv – og dei gjev mest tilbake. I år har dei hatt eit vanskeleg år – tørken har vore ekstrem også i dei sørlege Alpane – nett som i Italia. Det har gjort at dyra søkjer mot brattheng og ulendt terreng etter mat – graset og blomane vil ikkje vekse opp raskt slik som vanleg. I slike tider kan ein ikkje la dyra gå åleine. Difor er to karar med dyra heile tida. Slik burde det vere overalt, fortel Bill og skryter over kor effektive dyra er til å klippe graset. Det er eigentleg dei som held landskapet reint, men i krisetider kan det gå til hovudet på dei stakkars dyra.

Eit utruleg alpescenario er altså kvardagen for denne vesle familien og dyra deira. Krasse fjell kitlar den asurblå og tropeheite middelhavshimmelen. Ørn sirklar over skråningane og produserer einsame skrik høgt over oss. Sommarfugl i store mengder flagrar ikring, sjølv om dei blir færre på grunn av tørken. Dei jaktar på dei same blomane som geitene elskar. Dei flaksar i fargerike formasjonar. Nokre hundre meter ovanfor garden til Bill og Rosalba ligg fjellheisen, restauranten og kyrkja til Luca Cattaneo – også dei blir drivne på same måten som garden til Bill og Rosalba. Patrisiatet har tillate han å drive fjellheis og serveringsstad.

Denne måten å fordele ansvar for naturen på burde vere eit godt føredøme for norsk landskapsvern, meiner både Bill Pongelli og Emilio Fillipini. Dei har sjølv med seg – og ansvar for – eit heilt lokalmiljø. Til og med fru Fillipini, mor til Emilio, synest framleis det er stort å kome opp til fjells og sjå gamle trakter. 85-åringen er trygg på at landskapet blir teke vare på. Då er det langt verre for eldre på norske aldersheimar som i mannsaldrar har arbeidd med jordbruk, og som no ikkje orkar å tenkje på kor overgrodd det er i ferd med å bli. Det gjeld heile Noreg.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: