ER DET VERKELEG EIT CEMBALO?

(eller LA LONTANANZA: BERGTEKEN AV NORD)

portrett av Salvatore Sciarrino

Av Nicholas H. Møllerhaug, Città di Castello, Italia
Trykt i Dag og Tid 2002

Byen er eit einaste stort tak. Berre nokre få hus er høgare enn andre. Alle er kring fem etasjar høge. Alt er prega av raudlyset frå kveldssola og fjella ikring. Ein bymur frå mellomalderen omringar oss. “Slottsbyen” – Det er nett det bynamnet ‘Città di Castello’ betyr. Rundt byen er det skog og fjell og frosk og fugl. Me er midt i Italia – i Umbria. Froskar skal synge heile natta. Dei stemmer opp. Det er i ferd med å bli myrkt overalt. Berre eit svakt opplyst rom med takterrasse lyser over taka. Ein mann med skjegg sit nedbøygd over ein pult. Han arbeider til froskekompet.

Det ligg eit digert ark på den digre pulten. Det er kledd med notar, liner og tekst. Han tygg på ord som spreier seg ut i rommet. Ord følgjer nye ord. Instrumentklang klemtar med orda. Den tjukke tusjen gjev alt form på arket. På veggane rundt mannen heng måleri, notar, helsingar. Såvidt ein ser det. Eit bilete består av ei rekke silhuettar av kjende diktarar. Eit Burri-måleri sprutar ut materialitet over arbeidsjernet. Tjukke bobleplastkonvoluttar med cdar i stablar tilsendt frå heile kloten. Små handskisserte reklameplakatar, ein lysreklame for Pirelli-dekk. Alt lagar ei merkverdig arbeidshole. Rundt alt er det veggar som har verna folk i over fem hundre år. På vinterstid held komponisten Salvatore Sciarrino seg i øvsteetasjen sin. Den store femtenhundretalsleiligheten har to store arbeidsrom. Dette er basen for ei verksemd som femnar heile kloten. I palasset sitt skriv han musikk som står i takksemdsgjeld til alt ikring han. Sciarrino er nemleg veldig prega av omgjevnadane. Han referar til alt ikring seg – kontinuerle. For tida gjev trostane på hustaka ikring mange nyansar. Komponisten gjengjev tonane til alle tolv. Både ‘hans eigen trost’ og dei andre.

— Du skjøner, trostar syng når dei slappar av. Istaden for å gå på kino, syng trosten. Det syns eg er fint å vite.

Om nettene syng Sciarrino sin penn med froskane. Insektsurret ikring han gjev han også næring. På takverandaen registrerar han alskens knirkelydar. Insekta speler for han i plantene. Sjølv er Sciarrino iferd med å synge. Han gjev kvart år nye og raffinerte operaer verda ikkje har høyrd maken til. Han er kalla fornyaren av den italienske operaen. No sit skriv han ferdig sin aller siste. Den kjem kanskje til å gå endå lengre steg enn den førre. ‘Macbeth’ blei urframførard i Tyskland i Juni. Etter Macbeth er sendt av garde står mange andre bestillingar i kø. M.a. konserten som framførast i Oslo under Ultima.

Om dagen er lydane prega av trasking av føter, stemmer, klunking av koppar og glas og espressomaskinrus. Alt høyrer ein spor av i toppetasjane til Sciarrino. Det byzantinske ravennesiske klokketårnet klemtar til innimellom. Tårnet står nokre hustak frå komponistloftet. Taka skapar eit spesifikt mønster – uendra på hundrevis av år. Her er det Sciarrino kjenner seg heime. Han veit kva han snakkar om – Han er fødd i Palermo som er ein by fyld med støy – han har budd i Bologna som er ein annan by fyld med støy. Fleire innfall har gjort at han for nokre år sidan flytte bort frå byane. Bort frå metropolane. Til ein liten by midt i eit arkipelag av småbyar som utgjer Umbria. Denne regionen har i nesten tusen år vore eit andeleg sentrum. I dette området starta heile rørsla til Frans av Assisi. I Perugia låg ein original mellomaldermusikalsk skule.Idag er glansbiletet litt i ferd med å endre seg: naturen er trass pittoreske stadar sterkt forureina – av trafikk. Det var nett den reine lufta som fekk Sciarrino til å flytte opp i fjella. Milanolufta var for tjukk av drit.

Renessansehuset til Sciarrino er prega av fargar. Ei usedvanleg interesse for målarkunst vitnar på veggane. Overalt heng flotte måleri frå alle epokar. Møbler vitnar om smak. Mykje er veldig gammalt. Ein del er veldig sjeldan. Ein del av materialet er gjengitt i boka ‘Le Forme della Musica’. Han har eit ekstra aktivt forhold til måleri. Ikkje berre heng det på veggane. Måleri er ein viktig musikalsk og estetisk referanse. Boka handsamar forholdet mellom visuelle, arkitektoniske, grafiske og geografiske former og musikalsk form. Denne boka fortel om openheita til den autodidakte tonekunstnaren. Han ville fyrst bli målar. Bokhyllene er prega av litteratur om alt frå fuglar og dyr til skyskraparar. I ei ramme heng eit handskrive noteark med dedikasjon. Det er frå ein nær kunstnarven, Luigi Nono. ‘La Lontananza Nostalgica dedikerte han til Salvatore… – il camminante – vandraren.

— Luigi Nono, eller ‘Gigi’ blant vener, kalla meg ofte vandraren. Gigi betyr mykje for meg både musikalsk og menneskeleg. Mest av alt menneskeleg. Den musikalske stilen hans har eg ikkje vore oppteken av. Derimot blei venskapet vårt ei stor glede. Me vart vener i 1979. Då var han ganske berømd – ikkje så mange kjende til mine ting. Me skulle få framførd verk under same konsert. Eg trur det var i Venezia. Før konserten skulle me møte publikum. Me skulle fortelje om musikken vår og spele døme. Eg grua meg. Eg hadde berre ei einaste innspeling av eit verk eg ikkje syns noko om. Eg var flau over å spele noko eg ikkje syns noko om. Idet eg skulle spele opptaket merka eg at han var eit godt menneske. Han var ikkje egosentrisk og primadonna. Trass den dårlege innspelinga viste han interesse. Han spurde meg fleire gongar foran publikummet: ‘korleis fekk du til den og den lyden?’. Han lurde på kva instrument me høyrde på bandet. Dette var eit tidleg verk for cembalo i siciliansk stil. Han kunne ikkje tru det var eit cembalo – ‘Det høyrest ikkje slik ut’. Etter dette viste han meir og meir interesse for musikken min og det har betydd enormt. Her kjem også vandraren – ‘il camminante’ inn. Han meinte lydvegen eg gjekk på var interessant og eigen. Det viser stor generøsitet frå ein så stor kunstnar som Nono er. Eg er utruleg takksam for nettopp dette. Han forstod intensjonane mine. Etterkvart ville han ha verk av meg på konsertar med eigne verk. Frå og med dette møtet i Venezia var me gode vener. Jo eldre han blei jo nærare vart kontakten.

— Du har sjølv skrive eit verk med “La lontanaza’ i tittelen:”All´ aura di una lontananza”. Er det tilfeldig eller heng det i hop med ‘La Lontananza Nostalgica…’ Er det nokon kopling der?

— Hm. Ein slags. “La Lontananza’ – ‘fjernheita’ – blir ikkje brukt i moderne italiensk. Det er veldig sjelden. Berre i den barokke italienske litteraturen finn ein det. Joda, her er det faktisk indirekte link mellom meg og Gigi. Ti-femten år før Gigi skreiv “La Lontananza” skreiv eg eit verk med ‘La lontananza’ i. Eg hadde stole tittelen av den barokke diktaren Giovanni Battista Marino: ‘Al laura in una lontananza’ heitte dette verket. Her veit eg Gigi indirekte linka sitt verk til mitt verk. All bruk av dette ordet elles veldig forelda.

I boka “Le Forme della Musica” er credo’et til Sciarrino samla. Det er ein velskriven innsikt i referansane han set høgast. Desse referansane bruker han til å fortelje om slektskap mellom ulike estetiske prinsipp og formspråk. Boka er basert på ein foredragsserie Salvatore haldt rundt i Italia. Musikkeksempler og talrike biletdøme gjer boka til ei annleis og djup coffeetablebook. Ei bok som stal uendeleg mykje tid av han. Eit heilt år på denne teksten.

No er det lite tid til filosofering over musikk. Komponeringa har tatt av og over. Publikum, festivalarrangørar og ensemble skrik etter meir. Sentrale dirigentar rundt om på kloten vil ha Sciarrino på repertoaret. Pierre Boulez er blant desse. Fleire av pianokonsertane er dedikert til Maurizio Pollini som har framførd dei. Personleg føretrekk Sciarrino å gjere mindre ‘hype’ jobbar. Han er glad i dei dedikerte, idealistiske og mindre festivalane og ensembla. Det er denne viljen som både utkrystalliserar seg i verket til Ultima og den store Macbeth-operaen som blei urframført under ein liten festival i Schwetzingen utanføre Mannheim i sommar. Så får heller New York vente. Etter Schwetzingen er ein av dei neste postane på haustprogrammet – Ultima Festivalen i Oslo. Noko Sciarrino har gleda seg lenge til. Han vart bergteken av Noreg for eit par år sidan – då han vitja Music Factory i Bergen.

— Det som mest av alt gjorde utruleg inntrykk på meg var lyset. Det spesielle og difuse nattelyset. Dette var i mai månad. Lyset var der heile tida som eit teppe. Sjølv med fjella kring byen. Alt var som heilt utan farge – men, då sola kom eksploderte alt! Alt blir då gjennomstrøymd av lys. Ein annan ting eg ofte tenker på er guden Apollon. Han kom jo frå Norden – Hyperborea: staden bakom nordlyset. Apollon var der nord personifisert i ein grå svane. Det syns eg er fabelaktig å tenke på. Alt gjer at eg gler meg til å kome tilbake til Nord. Det er noko å sjå fram til i eit sydlandsk daglegliv.

Arbeidsdagen til Sciarrino blir alltid starta med ein spasertur. På denne turen er det møter med dei gode naboane som betyr alt. Dei er viktige for Sciarrino. Her fann han eit miljø på åttitalet framleis prega av antikk tankegong. Det var perfekt etter mange år i Milano. Det var heller ingen som ville posisjonere seg. Det var eit utruleg godt miljø her. Dette er i ferd med å endre seg. Allikevel er ingen i byen i tvil om at Salvatore er maestro blant dei store. Alle roper ‘ciao maestro’ på gatehjørna. Sjølv syns Sciarrino at byen har endra seg veldig dei seinaste åra. Mange av dei eldste er borte. Framleis er stamkafèen eit fast stopp på morgonruta. Der ventar kaffien – pronto! På same tid kvar einaste morgon kan han høyre kaffimaskinen ruse seg. Fleire kvartal frå kafèen.

Slik er det med musikken til Sciarrino. Ein kan på lang avstand høyre at det er hans musikk. Eit uendeleg hav av nyoppdaga instrumentklangar, instrumentasjonsinnsikt utover det vanlege, gjenbruk av alskens musikktypar – alt frå Ellington til Scarlatti, eit mylder av lydar som minnar ein om froskane som akkompagnerar natta til Sciarrino. Eller som Nono sa: “Er dèt verkeleg eit cembalo?”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: