“Stupet – Leif Grungs krig” byrjer med dramaet som ramma stjernearkitekt Leif Grung (1894-1945) på Tveiterås.   Det same gjer denne Grungvandringa som passerar det som skulle blitt stjernearkitekt Leif Grungs hovedverk:  den 200 hus store Tveiterås Haveby på Paradis.   Hans tragiske død i 1945 førde til at han aldri fekk realisert meir enn 30 hus.

Trass dette er denne hagebyen eit av hans mest interessante – og dramatiske prosjekt.  Det var her – midt i hagebyen – han forsvann om morgonen 2 oktober 1945.   Ei knapp veke tidlegare stod landsvikpolitiet på trappa nett her.  Politirapportane frå 1945 fortel at politiet var brutale då dei ransakte Villa Grung – hans eige modernistiske eksperiment frå 1938.  Den 6 oktober fann leitemannskapa liket hans berre 1 kilometer unna: ved foten av Rambjørstupet.  Det låg så nærme at Arkitekt Grung sjølv kunne sjå stupet frå stoveglaset.  Denne Grungvandringa følger Grungs fotspor denne siste morgonen han levde.   Og eit innblikk i kva Grung såg for seg i dette megaprosjektet – og kva han klarde å bygge her frå 1931 til 1945.

Vandringa blir leia av forfattar Nicholas Møllerhaug. Han budde sjølv i Grungs aller første hus i hagebyen her – Villa Eckhoff.

Pris 150 Kr

Det blir mogleg å kjøpe signert kopi av “Stupet – Leif Grungs krig” etter Grungvandringa.

Facebook

https://www.facebook.com/events/1614092555580094/

Kontakt –  påmelding og spørsmål
grungvandring@gmail.com
facebook.com/grungvandring/
Tlf 91783985