BLODFANSEN

Ikkje berre Bon Jovi som samlar blodfans i byen.

Printed in Bergens Tidende, may 2013

Det har vore ein del fokus på blodfansen på Koengen denne veka. Dei som kom for å høyre på Bon Jovi.  Det har vore langt mindre snakk om blodfansen innan barokkmusikk.  Dei er samla i Bergen no.  To av verdas fremste barokkgrupper speler i Bergen på ei knapp veke.  Blodfansen var allereie samla då L’Arpeggiata spelte på Torvalmenningen på torsdag.  Blodfansen var endå meir mannsterk då ensemblet spelte i Håkonshallen på fredag.

Eg skal ikkje samanlikne den barokke blodfansen med Bon Jovi sine tilhengarar. Det blir altfor omfattande. Eg held meg til å peike på ein stor forskjell: nærkontakten med artistane.  Denne var svært tydeleg då L’Arpeggiata spelte i festspillkvarteret på Torvalmenningen torsdag.

Når stjernene hadde spelt ferdig stimla blodfansen seg saman kring ensemblet.  Nokre av dei stod og snakka med ho som spelte lutt. Det såg ut til å vere ein hyggeleg prat. Ein annan blodfan spurde gambisten om noko. Dei spør relevante faglege spørsmål.  Ofte om innspelingar, instrument og tolkingar.  På tampen av praten trekk dei fram cdar:  autografar vil jo dei også ha.  Slike møter blir det god stemning og fin festival av.  Liknande nærkontakt finn ein også på Verftet i desse dagar. Særleg innan den eksperimentelle jazzen er dette livsnerva: drøsen som går.  Det er stas å drøse jazz med Jarle Vespestad.

Det er umogleg å få ein liten drøs med Rihanna eller Bon Jovi. På ein god dag kan det vere litt enklare med Leonard Cohen. Eg trur forklåringa bak det er at han både har slektskap til barokk og jazz.

Denne kjensla av fellesskap burde vere ein grunn for fleire til å oppsøke eksperimentell jazz og tidleg musikk. Eg trur det starta då direktør Jonsdottir skapte barokkbonanza med Les Arts Florissants og Sequentia på nittitalet. Effekten av denne vekkinga ser du framleis effekten av.  Sjekk til dømes ut Freiburger Barockorchester på tysdag i Håkonshallen. Dei er på den desiderte verdstoppen.   Då kan det vere du ser blodfansen stimle saman ved artistutgangen etter konserten.  Dei djervaste kan finne på å slå følgje med dei over Bryggen. På vegen til hotellet kan dei dele litt erfaringar.  Og så ein autograf heilt til slutt.  Kremt.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: