Eit utruleg møte mellom ein cello og Sæverud sine trepanel.

Konsertsalen på Siljustøl er ein perfekt sal for ein cello.  Særleg for celloen til ein maestro av Ernst Simon Glas sitt kaliber.   Hans dynamiske cellokunst gjer den stappfulle salen på Siljustøl  til ein fantastisk stad.  Glaser gav i går glimt av eit heilt nytt norsk musikalsk landskap.   Og sånt skapar ein heilt sjeldan festspillkonsert.

Først vil eg trekke fram krafta og dynamikken hans.  Glaser viste eit glitrande handverk – både på makronivå og mikroplan.  Det overordna planet – programmet – var kuratert i samråd med fiolinisten Peter Herrestal.  Å urframføre Grenager på Festspillene er det same som å opne nye landskap.  Ho er absolutt er ein komponist som burde framførast på langt fleire arenaer enn dei reint samtidsmusikalske.

Konserten var elles prega av samklangen mellom cellokropp og trepanela på Siljustøl. Det oppe er det tre overalt: på veggar, golv og tak – og det skaper lekker akustikk.  Særleg når rommet er fylt av Glasers cellodynamikk.   Dei rå og grumsete bass-linjene til Grenager blei forsterka av veggar og tak.  Overtonane trylla fram av hennar flageolett-melodiar fekk kvisthola til å vibrere.   Det same hendte i Thommessens verk for solocello – eit kraftsirkus av feite kvadruppelstrok, flageolett-kaskadar og lyriske parti.  Glasers medvitne val av plassering av boge gjer ein time med hans cello til noko ekstraordinært.  Ikkje utan grunn Glaser deler lærar-rom med Truls Mørk.  Glaser er ein tonekunstnar langt fleire burde bli kjend med.  Særleg når han legg så nyfikne program.  Konserten starta med Thommessen og haldt fram med Grenager.  Avslutninga stod gode gamle Bach for.

Leave a comment