“Sakn” kunne gjort denne samtala på litteraturhuset både sterk og minneverdig.
Dette skulle vore ei samtale om europeisk identitet og europeiske nomadar. Men – ei samtale om flyktningidentitet som unngår omgrepet sakn – kva er no det?
Denne samtala på Litteraturhuset var ei gyllen anledning til å gjere nett dette. Det var sterkt å høyre om Maria Belén Gurrea Rodriguez si flukt frå finanskrisa i Spania. Ho er ein av fleire høgt utdanna euroflyktningane som har søkt tilflukt i Bergen dei siste åra. Og ho har søkt på jobb. Og ho har ofra svært mykje for å søke eit betre liv i Nord: dottera hennar var berre fem då ho drog frå Spania. Ho er attende i Spania med foreldra hennar. Saknet var til å kjenne på då ho fortalde om dette.
Innleiinga med Rodriguez meistra moderator Christian Borch frå NRK også godt. Utfordringa var derimot å følgje opp dette med resten av panelet (som bestod av politikar Sveinung Rotevatn, professor Janne Haaland Matlary, Fafo-forskar Jon Horgen Friberg og komponist Jon Balke).
Sakn pregar myriadane med av flyktningskjebnar – anten dei er frå Spania eller Irak. Sakn er også ein essensiell grobotn for stor kunst og musikk. Lengsel. Det ser ein raskt på mykje stor musikk – anten det er “I Ensomme Stunder” av Ole Bull eller Chris Rea’s “Josephine”. Det var også det afroamerikanske grunnlaget for jazzen.
Det hadde ein fått fram med eit annleis panel – om ein ser bort frå Rodriguez og Balke.
Etterkvart som tankane flaug – og søvnen haldt på å ta overhand – trøysta eg meg med følgjande: Jon Balke sitt bestillingsverk Obra var trass alt utgangspunktet for samtala. Komponert kring lagnaden til ein spansk euroflyktning.
